Smaller Default Larger

Tilbakeblikk på Norway Cup

Haugil J15-16 har vore med på sommarens vakraste eventyr, Norway Cup 2013. Her kan du sjå kva dei sjølve tenkjer tilbake på med mest glede!

Dei 10 som reiste var: Mia Askvik, Kristin Hebnes Skogen, Ida Linnea Hebnes, Merete Hebnes, Idunn Lindal Haug, Camilla og Mari Hebnes Tobekk, Margarita Sildelid, Jannike Sildelid og Marita Finnvik.

NB! Fleire bilde nederst i saken!

Saman med dei var sjølvsagt trenar Daniel Cremer, som truleg tibakela mangfaldige kilometer opp og ned langs banene medan han ropte ut sine lure strategiar og velvalde kommentarar.

To foreldre var dessutan med som hjelparar for jentene, og i tillegg hadde fleire foreldre, søsken og andre familiemedlemer tatt turen til Oslo og Ekebergsletta for å sjå kampane. 

Jentene valde å bu på hotell nede i Oslo sentrum under den vekelange cupen. Det var fint å ta det som ein liten ferie, sjølv om kampane sjølvsagt var første prioritet for dei! Kampmoralen var på topp, og dei gav verkeleg alt, dei fem dagane dei spelte.

Haugil måtte til slutt sjå seg slått ut av turneringa etter at dei tapte 8. delsfinalen i B-sluttspelet på torsdag. Då var dei ikkje fornøgde, og humøret varierte i alle skalaer frå djupt skuffa til skikkeleg sint. Det syntest trenaren var bra, det vitna om at dei hadde gitt alt og bestemt seg for å vinne.

Så var det jo litt kjekt å bruke eitt par dagar til slutt på utstillingar, parkar, kaffibarar og ikkje minst på sal – så alt i alt vart det ei svært minnerik og bra veke.

Men kvifor ikkje høyre kva dei sjølve sit att med etter Norway Cup? Dette er det dei seier:

– Eg syns det kjekkaste var å treffa nye folk og å vinna kampane!

– Den kjekkast kampen var når me vant over Bakke 2-0, me hadde heile kontrollen og alle var kjempeglad etterpå. Det var også kjekt å bare sitja på hotellromma og snakka ilag

– Noko av det kjekkaste utenom fotballen, var vel gutane. Det var kjempekjekt å sitja på sidelinja og heie på dei.

– Eg synst alt har vore ganske kjekt, fotballkampane, kveldane på hotellet, til og med det å bare vera i Oslo. Men det eg huske best var når me alle gjekk på restaurant og spiste !:) Då va alle me jentene ilag og snakka om mange kjekke episodar som hadde skjedd i løpet av uka:)

– Eg huske best den første kampen, då blei eg skada i første omgang. Me leda 1-0, men dei pressa på til siste slutt, og når dommaren blåste av blei eg så glad at eg hinka meg ut på banen og heiv meg øve dei andre på laget i et jubelbrøl. Det huske eg aller best.

– Det kjekkaste var etter kampane me vant, og alle var i godt humør. Og når alle jentene åt middag på tgi fridays.

– Det kjekkaste var når me vant den første kampen! Å vinna den ga oss virkelig trua på at detta skulle me klara, i tillegg til at seieren vår gjorde opp for tapet til landslagsjentene våre mot Tyskland som heile laget var på kafe og såg etter kampen.

– Eg syns egentlig heile opplevelsen var kjekk eg... Eg synst det var kjekt å vera ilag med alle som eitt lag uansett om det var når me spiste eller spelte eller gjorde andre ting. Det overraska meg eigentlig kor godt alle kom overens når me måtte bo så tett på kvarandre så lenge:)

– Eg synst, og trur alle andre synst, at Daniel gjorde ein veldig god jobb. Han var alltid glad og blid, noko som smitta over på resten av laget. Han var alltid til stades viss det var noko, og han var med på å gjera turen kjekk:)

 

 

 

 

 

.
FaceBook