Smaller Default Larger

I dag

VISSTE DU AT PÅ ROPEIDHALVØYA?

*   Produserar me mykje mat – årleg produserar bønder og fiskeoppdrettarar;
(2010 tal)

  • 400 tonn svinekjøt
  • 1.113.000 liter mjølk
  • 9 millionar egg
  • 300 tonn kveite
  • 3.500-4.000 tonn laks

*   Ligg Suldals største fruktgard, Vormestrand Fruktgard.

*   Veks den største kristtornskogen ein kjenner til i Noreg, nærare bestemt på Hebnes.

*   Ligg verdas største landbaserte kveiteoppdrettsanlegg, Sterling White Halibut.

*   Finst det 2 Gaselle-bedrifter,Rogaland Fjordbruk og Holmen Maskin.

Ropeidhalvøya er ei bygd som ligg i Suldal kommune i Rogaland fylke.
Bygda vår ligg heilt sørvest i kommunen, med både Vindafjorden og Sandsfjorden som næraste naboar og strekk seg i frå Helland i nord til Hebnes i sør og Ropeid i øst.
Kart over Suldal og kart over Sør-Noreg

Det bur omlag 360 personar her (pr.1.1.13), fordelt på om lag 120 husstandar.

Av arbeidsplassar her i bygda kan me nemne dei viktigaste som er; jordbruk/skogbruk, byggnæring, servicenæringar, skule/barnehage, havbruk og entreprenør-virksomheit. I tillegg har me óg ein betydeleg produksjon av julatre og kristorn. 

I Vatlandsvåg er det daglegvarebutikk og småbåthamn. Her ligg Kjølvikstølen barnehage, Kjølvikstølen Grendahus, kommunalt byggjefelt og idrettsanlegg med både grus,- og grasbane samt ein splitter ny ballbinge.

I Marvik ligg skulen, kyrkja, og gjeste,-/småbåthamn.

På Ropeidhalvøya finst bade- og turmuligheiter, samt jakt og fiske rett utanfor stovedøra. Viss du er glad i vinteraktivitetar, ligg både Sauda Skisenter og Gullingen om lag ein times køyring unna. Til Røldal er det ca. 1,5 times køyring.

Grytenuten er den høgaste fjelltoppen med sine 862 moh. 

Sand er kommunesenteret og er eit viktig knutepunkt i kommunen. Her finn ein Kulturhuset, legekontor, sjukeheim, næringsliv, Topp Volley, attraksjonar og mykje meir. Mange halvøybuar har arbeidsplassen sin på Sand.

KOMMUNIKASJONAR

Korleis kjem ein seg til og frå Ropeidhalvøya?

Hurtigbåt, ferje eller buss, sjå Rutetabellar i menyen til venstre. Viss ein kjem med eigen bil, sjå her.
Suldal kommune ved Suldal Elverk prioriterar breibandsutbygging i heile kommunen og kan tilby Altibox til kundar som har fiber.
På Ropeidhalvøya har me ei god breibandsdekning.

.
FaceBook