Smaller Default Larger

Historie

Det har budd folk her sidan Steinalderen

Det er gjort funn på Ropeidhalvøya som kan tyda på at det kan ha budd folk her heilt sidan steinalderen. På gardane Haug og Skimlem er det td. gjort fleire oldtidsfunn som fører oss attende til 3-4000 år  f.Kr.

Alt i bronsealderen må folk ha busett seg fast på Hebnes. Namnet Hebnes hadde i mellomalderen namnet Heimnes. Tidleg i soga budde det høvdingar her. Kjent frå 1200-talet er Torstein av Heimnes, merkesmann hjå kong Håkon Håkonsson, og Arnbjørn av Heimnes, kjend frå sitt testamente frå 1286 som etla ut rike sælebotsgåver. På 1500-talet budde Olav Jensson av Losnaadel i Storstov.
Dei fleste gardane og grendene er nok elles bygde i folkevandringstida (400 – 600 e.Kr.) 

Torstein av Heimnes

I samband med avdukinga av minnesmerke av Torstein av Heimnes i 2002, skreiv Sigmund Hebnes desse orda i Soga om Torstein av Heimnes:

- Grendeutvalet for Ropeidhalvøya vil gjerna setja pris på store halvøybuar som fortener det, som t.d. middelalderhøvdingen Torstein av Heimnes få Hebnes. Torstein som me første gong høyrer om i 1224, er kanskje ein av dei største og den med mest makt som har levd i Ryfylke i historisk tid. Torstein var ein av kong Håkon Håkonsson (1204-63) sine fremste og mest trufaste rådgjevarar, og han bar kongen sitt segl, eller merke i krig, derav tittelen merkesmann. Merkesmannen gjekk alltid fremst i åtak og forsvar. Håkon Håkonsson var konge i Noreg frå 1223 til han døydde i 1263. Det er islendingen Sturla Thordsson, brorson til Snorre Sturlasson, som har gjort Torstein ”udødeleg” for oss. I Soga om Håkon Håkonsson i ”Noregs kongesoger” skriv Sturla Thordsson at ..”Torstein var klok og velseda. Han hadde lenge tent kong Håkon og alltid synt seg som ein god mann”. 

Rosseid, Finnvik og den gamle Postvegen

Her ligg den kjente bygdeborga ”Børshaug”. Festningsverk og kanskje kultplass datert til eldre jernalder (ca. år 500 f.Kr. – ca. år 200 e.Kr.)

Postvegen Kalvik - Finnvik er del av den gamle postvegen Stavanger - Bergen, som dels gjekk på land og dels på sjøen. Vegen gjekk via Haug og Rosseid, med fleire steinbruer som er synlege den dag i dag.

Finnvik var ein gammal handelsplass med rutebåtanløp, postopneri, slakteri og bøkkerverkstad. Den gamle krambua er i dag blitt privat museum.

Like nedanfor den nå nedlagde garden Finnaland, ligg det ein stor bautastein som har velta. Segna fortel at ”grunnleggjaren” av Finnvik og Finnaland,  ein småkonge ved namn Finn, fall i eit slag her og at bautasteinen er reist over han. 

 

Vatland, Kjølvik og klebersteinsbrotet

Dette er gamle gardar kor det er gjort mange oldtidsfunn, på Kjølvik heilt tilbake til eldre steinalder (år 3-4000 f.Kr.) På garden Kjølvik er det bygd opp eit museum med ei imponerande samling med over 1000 gjenstandar. Klebersteinsbrotet Skavsteinshidleren, kan ein sjå oppe i lia ved garden Kjølvik. Ein reknar med at brotet har vore i bruk heilt frå jernalderen (ca. år 500 f.Kr.), opp gjennom middelalderen og fram til nyare tid. Her laga dei m.a. gryter, kar, fiskesøkke og spinnehjul.

På garden Vatland har same slekta budd – frå far til son – sidan byrjinga av 1700-talet. 

Naustvik og Ørestrand

Det blei drive med båtbygging fleire stader på Ropeidhalvøya, og i Naustvik blei det laga mange mindre båtar, men også større skøyter. Sigrunn, som alle lokale kjenner godt, er ei av fleire skøyter som er bygde her.

I Ørestranda var det tønneproduksjon i lange tider, men nå er det slutt. 

Hebnes

På Hebnes finst mange gravhaugar frå eldre tider, og det er ca. 15 registrerte arkeologiske funn. I tunet på garden Storstov på Hebnes, er det funne ein gravhaug med beinrestar som ein trur stammar frå bronsealderen, (frå ca. år 1800 til ca. år 500 f.Kr.).

Gravrøysane på Neshaugane på Hebnes er 4000 år gamle og alle gravhaugane/røysane langs fjorden rundt Hebnes tyder på stor aktivitet i vikingtida, og fortel om at neset var ein strategisk plass å slå seg ned på om ein ville kontrollera fjordane.’ (sitat frå Soga om Torstein av Heimnes)  

Dei siste 100 år

Ropeidhalvøya var utan vegsamband mellom grendene sine like til 1916. Då vart det bygd veg frå Tveita til Refsbygd. Seinare har alle grendene fått veg seg imellom. Og i 1990 kom vegen til Ropeid. Ferjesambandet Nedstrand-Hebnes-Jelsa vart opna i 1974 og førde utruleg mange gode med seg. Men dei gode kommunikasjonane førde også til ei sterk sentralisering. Medan det før var 5-6 krambuer, er det nå berre 2 butikkar att. Og dei 7 skulekrinsane på halvøya er slegne saman til ein sentralskule i Marvik.

Fram til 1978 var Ropeidhalvøya delt inn i ulike kommunar. Før 1965 var Hebnes, Vatlandsvåg, Refsbygd og Marvik ein del av Jelsa kommune og Finnvik var ein del av Imsland kommune. Etter 1965 vart desse bygdene ein del av Suldal kommune. Vormestrand tilhøyrde fyrst Vikedal fram til 1965, deretter Vindafjord fram til 1978 då den blei ein del av Suldal kommune. Fyrst i 1978 blei altså heile Ropeidhalvøya innlemma i Suldal kommune.

Kjelder:

  • Soga om Torstein av Heimnes av Sigmund Hebnes, 2002
  • Guiding på Ropeidhalvøya av Oddvar Sildelid, 1998
  • Oppistoveslekta frå Hebnes i Ryfylke av Jan K. Hebnes og John Hebnes, 2003
  • Miljøstatus i Suldal – Suldal kommune
  • Ryfylke – folk og natur av Lillehammer/Hovda/Bårdsen/Pedersen/Hauge/Axelsen, 1978
  • Jelsa Bygdebok av Ola Foldøy
  • Fotografi: Alle bileta er tatt i Kjølvik museum

 

 

.
FaceBook