Halvøysongen

Songen om Ropeidhalvøya
skrive av Arne Selsvik

Mellom fjordar som smyg inn i landet
ligg ei halvøy som me kallar vår.
Kartet syner at Ropeid er bandet
som frå henne til fastlandet når.
Den som etter stordom stundar
finn at her er det fattigt og smått.
Han til grommare stader seg skundar.
Men me sjølve me trivs her så godt.

Han har sove i tidbolkar lange
han, den første, som her feste rot.
Det var sveitte og surt for dei mange
som kom etter. Men framgang gav mot.
Og jordfunn, tun og grender
nå fortel oss om alt dei fekk gjort.
Og ein tanke med takk me dei sender.
Arven skal ikkje skusla bort.

Vart det tidt heller trongbølt i ”reiret”,
var då fjorden så romsleg og raust.
Gjæve karar, og fleire og fleire,
fekk seg båtar og nøter og naust.
Men andre kursen vende
imot eventyrlandet der vest.
Dei med røynsler og mynt kom attende.
Her på Ropeidhalvøya var best.

Berre sjeldan i soga om Noreg
finn ein namn ifrå bygdene her.
Nei, dei fleste ”grov berre ned-for-seg”
på den staden dei hadde så kjær.
Men i stille kvilestunder
leika tanken høgt over sky
om ein stad som er under på under,
og er meir enn allverda kan by.

Nå som før reiser gutar og jenter
ut frå heimen og alt det som batt.
Dei dreg bort til eit såkalla ”center”.
Lat oss tru at dei fleste kjem att
og då dei ser og sannar:
”Her er meir av verdi enn ein trur.
Her er fred, her er hjelpsame grannar,
her er framtid og vakker natur.”

Våre nutar står trygge og trauste.
Grøn er skogen i liene her.
Eng og åker gjev avlingar rauste.
Våre hagar gjev eple og bær.
Sjå, – bekkene er blanke!
Enn i sjøen er spralande fisk.
Ikkje ulydar skiplar din tanke.
Enn er lufta vedunderleg frisk.

Me er alle ein lekk i den kjelda
som har ansvar for halvøya vår.
Men med ansvaret fylgjer det gleda
når ein ser at det framover går.
Ei leksa lyt me læra:
Berre samhald gjer framgangen stor.
Men vår livs-stil då alltid skal vera
den me arva frå far og frå mor.