Smaller Default Larger

FRÅ DUBAI TIL GRYTENUTEN

Det er langt frå Dubai til Grytenuten. Eg tek likevel sjansen på ei lita samanlikning.                          

Dei siste dagane har me sett bilete av verdas høgaste bygg. På Dagsrevyen, på TV2, overalt. Det heiter Burj Khalifa, er ein skyskrapar og ligg i Dubai i Dei Sameinte Arabiske Emiratar. Denne månaden blei det opna og heile verda har lete seg fascinera av det enorme byggverket.

 

 

Kva har så dette med den høgaste fjelltoppen på Ropeidhalvøya å gjera? Jo, eg las nettopp kor høgt landemerket i Dubai er. Og jaudå, det er nesten like høgt som Grytenuten. Men berre nesten. Burj Khalifa ruvar 828 meter over bakken. Grytenuten er 862 meter over havet.

Eg veit ikkje kor mange fotballbanar 828 meter tilsvarar. Ei heller kor mange fyrstikkøskjer ein må stabla for å få så mange meter. Men samanlikninga med Grytenuten er slåande. Det viser kor vanvittig høgt gigantbygget faktisk er.

Ok. Eg veit det er urettferdig å samanlikna byggverk med fjell. Det var heller ikkje meininga å poengtera kor høgt «Landemerket i Ryfylke» er. Eller kor lågt, for den del. (Til samanlikning er verdas høgaste fjell, Mount Everest i Nepal, 8848 moh.)

Poenget var å skriva nokre ord om fjelltoppen vår. Eller, fjelltoppen vår? Etter å ha googla Grytenuten får eg mange treff. Ivrige bloggarar og turlag langt utanfor Suldal sine grenser har mykje fint å seia om den 862 meter høge nuten.

Utsikten får mest skryt. «I sør skal du sjå Ullandhaugtårnet på ein god dag», er det ein som skriv. Jamvel Suldalsposten har rydda spaltene for Grytenuten. Og visste du at vêrteneta yr.no har Grytenuten som eit eige treff? Dermed kan ein vera rimeleg trygg på vêr og føreforhold før ein pakkar Grytenuten-sekken. I tilegg veit me som har gått der at løypene er godt merka og lengda sånn akkurat passe for både store og små.

Der er ei stund sidan eg var der sist. Ikkje på Dubai, for der har eg aldri vore, men på Grytenuten. Kanskje er det over eitt år sidan? Eller var det to? Det er i alle fall snart på tide å ta på turskoa på ny. Men først må snøen forsvinna og temperaturane stiga. I alle fall til gradestokken viser pluss!

God tur, til deg òg!

.
FaceBook