Smaller Default Larger

GLEDE OVER SNØEN JULA 2009

Det har vore ei fantastisk jul med all snøen som kom natt til søndag før jul! Som å bu i eit julekort. Og ikkje regna det bort etter få dagar heller, fantastisk! Stor lukke å sitja rundt bordet når alle er heime, høyra praten gå og av og til la blikket søkja ut vindauget og la det kvila på snølandskapet.   

Har du lagt merke til at det er nett som om himmelen blir veldig lys blå og ekstra klar når det er snø? Og berre sjeldan lar ein seg riva med av tankar på kvifor himmelen  har nett den fargen, korvidt det har samanheng med refleksjon frå den lyse snøen. Stort sett berre kjensene som er innkopla når gleda over dette flotte synet gjennomrislar kroppen.

Rart med det, for sjølv om me er mest vane med jul utan snø, går me alltid og ventar at det skal vera snø på denne tida likevel. Men dei feirar jo jul på sydlegare breiddegrader enn her òg, kor dei aldri har snø. Ville vore fullstendig naturstridig med snø der. Kanskje er det bortimot naturstridig med snø her òg etter som me stadig høyrer om global oppvarming og klimakrise? Vanskeleg, eller skal me seia naturstridig,  å ta klimakrisa innover seg  når det kvite teppet dekkar landskapet rundt oss.  I staden kan me gle oss over stemninga snøen skaper, og heller mala fram nokre av dei  positive eigenskapane det fører med seg.

Og om ein går ut om kveldane når det er snø, er det nesten som eventyrlandskapa til Kittelsen. For ikkje å snakka om dei fantastiske solnedgangane med det raude flammehavet mot vest.  Og er ein så heldig at det er måneskin, glitrar det som diamantar i snøen seinare på kveldane. Som om millionvis av diamantar lyser opp landskapet når ein går på ski på bøane eller prøver om isen held på dammane ein sein kveldstime.

Det glitrar på vegane òg. Og når ein går på vegane, anten saman med andre eller åleine, er det slik god lyd av den knitrande snøen.

Og har du lagt merke til at alle lydar blir  dempa rett etter snøfall. Når snøen er mjuk og kan samanliknast med eit loddent teppe. Og når snøen blir hardare, blir lydane skarpare igjen. Det er lett å la seg begeistra av både glitrande snø, lydane snøen lagar, skuggane som måneskinet dannar og spora av eit rådyr, eller var det hjort som hadde sprunge langs vegkanten. Klarer me å øva opp like stor begeistring over slike småting resten av året mon?

Langs husveggene dukkar det etter kvart opp den eine snøleika etter den andre. Akebretta først, deretter skia, har eg lagt merke til her hos oss. Og eit virvar av rot framføre kottet kor skiskoa er plasserte. Og passar skiskoa til ungane i år, og har alle det dei treng? Og korleis var det nå? Var  eit par  av skiskoa sprukne og utslitne,  eller kjøpte me nye i fjor? Det ordnar seg som regel for alle, sjølv om kanskje ikkje alle i heimen kan ut på skitur samstundes første gong ein har utstyret framme for sesongen.

Og husdyra våre, dei blir òg litt yre i snøen. Første kvelden, då det på få timar kom bortimot ein meter med snø, torde me ikkje la kvelpen vår gå ute åleine. Me syns me måtte bera henne til vedaskuten kor ho søv om nettene. Var rett og slett redd ho skulle drukna i all snøen. Men dagen etter slapp me henne uti og observerte ein ellevill hund som storkoste seg der ho byksa rundt i snøen og stupte ned i dette mjuke og kvite før ho baksa seg opp til overflata igjen. Gletta taklar ho òg rimeleg godt sjølv om ho spring og sklir om einannan. Og det er slett ikkje alltid ho klarer å stoppa før ho endaset og slår kollbøtte mot inngongsdøra, men ho lograr og er like glad igjen rett etterpå.

At snøen låg så lenge, ga oss sjeldan fine ramer rundt  romjula og gjorde òg at heile halvøya fekk ein flott inngong til det nye året.  Måtte resten av året bli like bra, med årstidsvariasjonar ein forventar og elles gode dagar for dei som bur her:)

.
FaceBook