Smaller Default Larger

NAMNEFORVIRRING!?

«Kor er du eigentleg frå?» spør folk titt og ofte her i byen (Stavanger). Det var enklare i Oslo. Der  var folk meir enn fornøgde med «Suldal i Rogaland». «Okey, han er fra en plass der på Vestlandet», tenkte dei då.

Men her i Stavanger og elles i Rogaland blir Suldal altfor upresist. Kommunen er langstrakt som få og avstandane er store. Dessutan er det mange som har fått det for seg at Suldal berre er høghei og skiløyper. 

Så kva skal eg svara? Ropeidhalvøya? Marvik? Inne i Sandsfjorden? Eller rett og slett berre «innøve fjordane ein plass»?

Hmmm. Eg går nok for litt forskjellige variantar. Alt etter humør og dagsform. Oftast endar eg nok med «Marvik i Suldal». Men er dette rett? Burde eg heller sagt «Ropeidhalvøya», og ikkje meir. Og heller svart på eventuelle oppfølgingsspørsmål. 

Kanskje det. Problemet mitt er berre det faktum at Ropeidhalvøya som stadnamn er lite kjent for folk flest. Mange får då assosiasjonar til staden Ropeid og ferjekaien. Og det blir litt feil, for plassen eg er frå er då meir enn ein nedlagd ferjekaikiosk og eit glasbur med grå stolar inni. 

Ergo endar eg ofte opp med «Marvik i Suldal». Og eg trur fleire halvøybuar gjer som meg, seier «Marvik i Suldal», «Hebnes i Suldal» eller «Vatlandsvåg i Suldal». Greitt nok det, forsåvidt. Folk må seia nett det dei vil. Men mitt lille poeng er at plassen vår, Ropeidhalvøya, taper litt eksponering på dette. Det blir rett og slett litt forvirrande for folk utanfrå å forstå seg på plassen. Kor er nå dette? Er Marvik og Hebnes to forskjellige bygder? Eller er det same plassen? 

Ja, isolert sett er det mange bygder på halvøya.  Og dette var tydelegare før, med fleire skulehus, butikkar og bedehus. Men eigentleg er vel alt berre ei bygd i dag? Ei bygd i Suldal kommune. Då burde me vel alle sagt me kom frå same plassen? Eller? 

Eg er ikkje sikker på om eg har svaret på dette. Og eg kjem sikkert framleis til å seia «Marvik i Suldal» når folk spør kor eg er frå. Men kanskje burde eg halde meg til Ropeidhalvøya, utan å seia meir. 

Plassen hadde i alle fall utan tvil blitt meir eksponert og kjent om alle hadde sagt det same. Mitt inntrykk er at plassar som Jelsa og Erfjord er meir kjende enn Ropeidhalvøya for folk flest i Rogaland. Det er ingen grunn til at det skal vera slik. Folketalet er omtrent det same og avstanden til bystrøka er omtrent lik. 

Ikkje veit eg om det hadde hjulpe om alle sa «Ropeidhalvøya» når spørsmålet om heimstad dukka opp. Ei heller om det er det rette. For det ligg sjølvsagt mange kjensler og mykje historie til småbygdene våre også. Mange kan dra slektsgreinene årevis tilbake, anten det er i Marvik, i Finnvik eller i Vatlandsvåg. Og dei som er heldigast av dei heldige har til og med begge slektsidene frå same stad:) 

Eg veit ikkje kva du seier, ei heller om du har tenkt tanken. Muleg det berre er tåkepreik, vissvas eller «byass-snakk». Uansett kan me aldri snakka oss vekk frå spørsmålet om kor me er frå. Folk vil ha svar – og eg og du må svara!

.
FaceBook