Smaller Default Larger

NAMNEFORVIRRING!?

«Kor er du eigentleg frå?» spør folk titt og ofte her i byen (Stavanger). Det var enklare i Oslo. Der  var folk meir enn fornøgde med «Suldal i Rogaland». «Okey, han er fra en plass der på Vestlandet», tenkte dei då.

Men her i Stavanger og elles i Rogaland blir Suldal altfor upresist. Kommunen er langstrakt som få og avstandane er store. Dessutan er det mange som har fått det for seg at Suldal berre er høghei og skiløyper. 

Les mer: NAMNEFORVIRRING!?

.
FaceBook

FRÅ DUBAI TIL GRYTENUTEN

Det er langt frå Dubai til Grytenuten. Eg tek likevel sjansen på ei lita samanlikning.                          

Dei siste dagane har me sett bilete av verdas høgaste bygg. På Dagsrevyen, på TV2, overalt. Det heiter Burj Khalifa, er ein skyskrapar og ligg i Dubai i Dei Sameinte Arabiske Emiratar. Denne månaden blei det opna og heile verda har lete seg fascinera av det enorme byggverket.

 

 

Les mer: FRÅ DUBAI TIL GRYTENUTEN

.
FaceBook

GLEDE OVER SNØEN JULA 2009

Det har vore ei fantastisk jul med all snøen som kom natt til søndag før jul! Som å bu i eit julekort. Og ikkje regna det bort etter få dagar heller, fantastisk! Stor lukke å sitja rundt bordet når alle er heime, høyra praten gå og av og til la blikket søkja ut vindauget og la det kvila på snølandskapet.   

Har du lagt merke til at det er nett som om himmelen blir veldig lys blå og ekstra klar når det er snø? Og berre sjeldan lar ein seg riva med av tankar på kvifor himmelen  har nett den fargen, korvidt det har samanheng med refleksjon frå den lyse snøen. Stort sett berre kjensene som er innkopla når gleda over dette flotte synet gjennomrislar kroppen.

Les mer: GLEDE OVER SNØEN JULA 2009

.
FaceBook

HALVØYBLOGG

Me har invitert forskjellige personar til å blogge på denne sida og vil legge ut innlegga etter kvart som dei kjem inn.

I tillegg er det fleire halvøybuar som har sin eigen blogg/nettstad. Les kva dei skriv;

- ELLEN MARVIK VEGGEBERG

- TOYNI TOBEKK

- NINA ØSTEBØ

.
FaceBook