Smaller Default Larger

JULETREPRODUKSJON PÅ HEBNES

Hjå Lena Nergård og Jan Magne Myhre på Hebnes, er dei i full gong med å hogge årets juletre. Dei skal levere 3.500 tre i år og dei byrja hogsten allereie den 3.november. Nokon syns kanskje det er litt vel tidleg å tenke på jul i byrjinga av november, men for Lena og Jan Magne går det i juletre mest heile året. Akkurat no er dei 4 personar som arbeidar med å hogge, pakke og laste. Om nokre veker er dei siste juletrea sendt av garde og står nok pynta og fine i norske og tyske heimar på julaftan.

 

 



Lena og Jan Magne starta å plante dei fyrste trea i 1999 og no har dei totalt 42.000 tre i produksjon, på til saman 60 mål. Det meste er Normannsedelgran. Dei er medlem i Norsk Pyntegrønt Forsøksring som er ein landsdekkande organisasjon for produsentar av juletre og klippegrønt. Dei tilbyr mellom anna fagleg rådgjeving, og Lena og Jan Magne har nytta seg av ekspertisen deira fleira gonger.

 

I tillegg er dei aksjonærar i Norsk Juletreservice AS som tek seg av alt som har å gjere med sal og marknad. Dei arrangerar også kurs, studieturar og er ein sosial møteplass for produsentane.

- Å vere juletreprodusent er eit ganske einsamt arbeid store delar av året, så me sett stor pris på å få vere ein del av eit større nettverk som det me har i Norsk Juletreservice, fortel Lena.

Kor mange juletreprodusentar finst det i Suldal kommune?

- Utan å fornærme nokon, vil eg påstå at me truleg er dei einaste, i alle fall som driv i denne storleiken. På halvøya er det 2-3 andre som leverar nokre hundre tre kvar i året. Men i Ryfylke-samanheng er me ganske små – den største leverandøren eg veit om leverar sånn ca. 30.000 tre i året.
Du kan seie at me byta ut sauen med tre, smilar Lena.
Verken eg eller Jan Magne er typiske husdyrbønder,- hjå oss er dyra på garden mest for kos.

Det me syns er veldig greitt med denne produksjonen er at sjølv om trea krev mykje stell, så er me frie til reise vekk ei helg eller ta nokre veker sommarferie, utan å måtte tenke på avløysar og slikt.
 

Treng juletre så mykje stell då? Er det ikkje berre å plante ut, klyppe litt og så gjer resten seg sjølv?

 - Nei, det er kanskje mange som trur det, men dette er faktisk ein produksjon som krev jobbing året rundt, seier Lena.
I januar/februar er det formklypping og i mars startar me med gjødslinga. I tillegg sett me ut nye planter på denne tida. For oss er det mest ideelt å hauste mellom 3.500 til 4.500 juletre kvart år, og det igjen vil seie at det er like mange tre som må plantast ut kvart år. Vidare så må me sprøyte for både sopp, midd og lus, så det blir nokre rundar med sprøyta i løpet av sommaren. Trea får ein omgong til med gjødsel og i august/september byrjar me å sortere og merke trea.

Dei blir då vurderte etter visse kvalitetskriterier, alt etter kva for ein marknad dei skal seljast i. Den finaste kvaliteten til utanlandsmarknaden er merka Excellent, men du veit, dei aller, aller finaste trea går til den norske marknaden. Den norske forbrukaren er veldig kvalitetsbevisst og me er veldig stolte av at me får levere ein god del av produksjonen her heime.
I år skal ca. 1.100 tre til Tyskland og resten går til Noreg via Plantasjen (i Bergens-området) og Fjellgran (Oslo-området).

Lena fortel at eit juletre er ikkje berre eit juletre, og at det blir forska mykje på kva sortar som høver best i dei ulike områda der dei skal vekse. Lena og Jan Magne kjøper plantene sine i frå Danmark og trea der har vekse i frå frø som har vorte  sanka på austsida av Svartehavet. Her veks Normannsedelgrana naturleg i fjellområda og denne sorten høver godt for dyrking i Rogaland, Vestfold og Agder. 

Dette var vel nytt for dykk begge då dykk starta produksjonen i 1999. Kva sa folk og kva utfordringar har dykk møtt?

 - Ja, det var nok ein del hovudristing rundt ikring, når me byrja å plante tre på dyrka mark! Mange var nok skeptiske til prosjektet, mens andre sa me var tøffe som ville satse på denne næringa. Eg må jo seie at det gjer godt å vita at me har fått det til og at kanskje andre også kan bli oppmoda til å satse. Marknaden er veldig god akkurat no. Av og til får eg litt lyst til å seie ”kva var det eg sa!”, men det skal eg ikkje gjere, he-he.

Når det gjeld utfordringar så har me sjølvsagt hatt ein del av dei. Eg hugsar spesielt eit år med mykje lus på trea. Same kor mykje me sprøyta så fekk me ikkje has på dei. Lusa forsvann heldigvis etter kvart, og då det vart kaldare i veret vart me heilt kvitt dei. Eg kan vel seia at erfaringa blei at me såg at lusa ikkje gjorde så stor skade på trea som me hadde trudd.
 

Kva pris får dykk for eit tre?

 Det varierar sjølvsagt i høve til kvalitet og marknad, men akkurat no får me i frå 70,- til 250,- kroner for eit tre.

Kva med økologiske tre – er det ein marknad for det?

- Ja, eg trur det finst ein bitte, bitte liten marknad for økologiske tre. Økologisk produksjon er jo noko som fleire og fleire forbrukarar er opptekne av, men slik det er i dag så er det ein ganske stor utfordring å produsere økologiske juletre. Grunnen er nok at det ikkje finst så mange alternativ til det konvensjonelle når det gjeld skadedyrbekjemping og gjødsling.

Me er opptekne av å produsere flotte kvalitetstre som me primært vil levere til den norske marknaden - det er vårt mål.

Og det syns reporteren - reint subjektivt - at det ser ut til at dei har klart!

Me ønskjer lykke til vidare og vågar til og med å ønskje dei god jul!

.
FaceBook