Smaller Default Larger
Filter
  • FOR ALLE


    Sparebankstiftelsen SR-Bank har ei støtteordning som er retta mot lag og foreiningar som har aktivitetstilbod for born og unge. Denne støtteordninga vert kalla For Alle og ein kan søkje om midlar i perioden 19.august - 19.september.

    Kanskje ditt lag eller foreining kan søkje på desse midlane?

    Les meir om ordninga HER.

    Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Lars Arne Bjørkland på e-post:
    lars-bjorkland(a)hotmail.com.

  • ALLMØTE OM FRAMTIDAS ELDREOMSORG

    Ropeidhalvøya Grendeutval inviterer til allmøte med open høyring om framtidas eldreomsorg, tysdag 8.august kl.19.00 på Kjølvikstølen Grendahus.
    Kl.20.00 vert det ordinært grendeutvalsmøte.

    Har du tankar og innspel om framtidas eldreomsorg, som du syns grendeutvalsmedlemene bør høyra? Då må du koma på møtet kl.19.00. Det er også mogleg å senda inn høyringsuttale til Suldal kommune. Fristen er 15.august.

    For meir informasjon, sjå HER.

  • TOUR DES FJORDS OVER SANDSFJORDBRUA

    Tour des Fjords er eit sykkelritt som vart arrangert første gong i 2013. Rittet er på 5 etappar, og på fredag 2.september går 3.etappe frå Ulvik med målgang på Suldalsosen. Folk er inviterte til å lage ein folkefest langs løypa, og i frå kl.16.00 venter med på at syklistane skal kome til Ropeidhalvøya.

    Marvik Musikkorps vil stå ved vegen og spele (ved garden til Liv Jorunn Øvrebø), og alle er velkomne til å vere med å heie fram syklistane som altså kjem frå Hardanger, via Sauda, over Sandsfjordbrua og har målgong på Suldalsosen. Møt opp før kl.16.00.Laughing Gå inn på heimesida til Tour des Fjords, eller på Facebook for å få meir informasjon om program og følg ryttarane live langs vegen. 

  • HÆRVERK I BARNEHAGEN

    Me er veldig glad i den flotte barnehagen og det fine uteområdet me har her på Kjølvikstølen.
    Derfor syns me det er veldig trist når me somme gonger ser at nokon har vore i barnehagen og gjort hærverk. Av og til finn me knuste flasker der borna leiker, andre gonger er leikeapparata velta eller flytta på. I dag fann me at nokon hadde fjerna vindauget i leikehytta. Dette syns me ikkje er noko kjekt!

    Borna kan skade seg på glasbråt, og me som jobbar her brukar mykje tid på å rydda og sette leikeapparat på plass. Somme gonger må me bruke av barnehagen sine penger for å fikse ting som er øydelagt av hærverk – penger som me kunne brukt på kjekke ting i staden. 
    Me vil vurdere ulike tiltak for å få slutt på hærverket - å melde til politiet vil vere eit slikt tiltak.

    Me vil gjerne at alle born skal ha glede av å leike i barnehagen, også på kveldstid og i helger.
    Så derfor  oppmodar me alle – både born og vaksne – om å ta eit ansvar for barnehagen og sjå etter at det ikkje vert utført hærverk når du er på besøk i barnehagen eller på ein aktivitet eller eit arrangement på Grendahuset.
    Takk for at du bryr deg om barnehagen vår!

    Helsing oss i Kjølvikstølen barnehage.

  • HAR DU LEIKER DU ØNSKJER Å GJE VEKK?

    Kjølvikstølen Barnehage er på jakt etter både uteleiker og inneleiker, som til dømes bilar, traktorar, lastebilar, dokker med dokkekler, puslespel, bøker, lego og duplo. Leikene bør vere i god stand og reine. 

    Har du nokre leiker du ønskjer å gje vekk så ta kontakt med Kjølvikstølen Barnehage på telefon 52 79 57 10.

  • BASAR 3.SEPTEMBER

    Velkomen til basar på Kjølvik bedehus laurdag 3.september kl.18.00.
    Andakt v/Anne Kristine Rosberg.
    Kaffi og mat.

    NLM

  • IL HAUGIL SØKJER NY SPONSOR


    IL Haugil søkjer ny sponsor til fotballshortser.

    I 2016 skal Haugil-spelarane få nye fotballdraktar med nye sponsorar.
    Har DU/ditt firma lyst å vera på shortsen vår??

    Ta kontakt med Anette Veen:
    mobil: 95 86 18 75
    e-post: anette-veen(a)hotmail.com eller ilhaugil(a)gmail.com.

    Me gler oss til å høyra i frå deg!Laughing
  • KONKURRANSE PÅ FACEBOOK

    Ropeidhalvøya bygdekvinnelag deltek i Hervik sin konkurranse på facebook. Vinn Bygdekvinnelaget pengepotten i dei 3 førsteplassane vil dette gå til frukt og bær til elevane ved Marvik skule gjennom heile året. Vil du vere med å støtte bygdekvinnelaget, kan du inn og stemme kvar dag i August. Hjelp Bygdekvinnelaget med å klatre opp HER.

  • MØTE I GRENDEUTVALET 26.AUGUST

    Ropeidhalvøya Grendeutval har møte på Kjølvikstølen Grendehus tysdag 26.august.
    Blant sakene som skal diskuterast er Kommuneplanen som ligg ute til høyring.
    Alle møta i Grendeutvala er opne for tilhøyrarar.
    Sjå heile saklista ved å klikke på den aktuelle datoen på Kalenderen til høgre.

    Velkomen!

  • HAUGIL INFORMERER

    Det er med stor glede at leiar, Daniel Cremer, kan melde om at håndballgruppa i HAUGIL har fått RYFYLKE FJORDHAGE som sin hovudsponsor. Innkjøp av draktar og planlegging av turnering kan såleis starteSmile.

    PÅMINNING HALVØYCUP - Har du ikkje meldt deg på Halvøycupen enno? Då må du gjere det så snart som mogleg, det er neste laurdag, den 23.august det skjer! Ta kontakt med Daniel på telefon 95 86 37 11.