Smaller Default Larger
Filter
  • MØT ORDFØRAREN PÅ KLOPPÅ

    tysdag i denne veka, mellom kl.14.30 og 16.30, kan du treffa ordførar Gerd Helen Bø i kaffikroken på Joker Vatlandsvåg. 

    Er det noko du lurer på, så kan kanskje ordføraren svara deg. Har du ris eller ros, eller kanskje du berre vil slå av ein prat?

    Ordføraren har tidligare uttalt at ho håper at det å vera tilstades på butikken, vil gjera det endå enklare for folk å ta kontakt.

  • UNG HUSFLID TRENG OPPSATS-SKÅLER

    Ung Husflid skal lage oppsatser og er på jakt etter oppsats-skåler.

    Har du nokon liggjande som du ikkje bruker, kan du ta kontakt med Jorunn Kalvik på tlf: 915 74 178.

  • SKYTETRENING FOR 5.-10.KLASSE

    Hebnes Skyttarlag informerer om at det er skytetrening for 5.-10.klasse kvar måndag kl.18.00 fram til jul.

  • INFORMASJONSMØTE OM SPLEIS.NO

    Sparebankstiftelsen SR-Bank inviterer frivillige organisasjonar til informasjonsmøte om Spleis.no. 

    Last ned PDF for meir informasjon eller sjå nedanfor.
    Lars Arne Bjørkland køyrer og har ledig plass i bilen, så ta kontakt om du vil sitja påWink


  • FØRJULSAKTIVITETER PÅ ROPEIDHALVØYA

    Det er adventstid og med det følgjer diverse førjulsaktiviteter. Denne veka kan du få med deg både julakonsert og adventsfest på bedehuset. Neste veke, onsdag 7.12., inviterer Bygdekvinnelaget alle til ein koseleg kveld med papir-julatre-laging, utlodding, kaffi og litt og bita i, (påmelding til Helen). Laurdag 10.12. inviterer korpset til Luciafest med korpskonsert, middag, kaffi, kaker og utlodding. Dette er berre noko av det som skjer på Ropeidhalvøya i desember. Følg med på kalenderen og gje beskjed til Nina om du saknar aktivitetar som bør inn der. 
    Ønskjer alle ei fin adventstidLaughing


  • VELKOMEN TIL JULEOPNING

  • DÅ ER BRUA OPEN!

    Over 1.000 personar møtte opp til bruopninga i går. Første bil over brua frå vestsida, var Johan Skryten. Han vart møtt av fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal som hadde med ein blomebukett.

    Her kan du sjå klypp frå TV HAUGALAND,
    og NRK.

  • MEIR INFORMASJON FRÅ STATENS VEGVESEN

    FRÅ STATENS VEGVESEN:

    Nytt tilbod om å bli med på opninga

    Vi har tidlegare invitert folk til å melde seg på for å vere med på opninga av fv.46 Sandsfjordbru-prosjektet 27. november. Det blir busstransport for desse frå Sand.

    Vi har stor pågang av folk som vil vere med. Etter mange gode innspel frå folk i kommunen set vi også opp busstransport frå Kjølvikstølen grendahus på Ropeid-halvøya. I tillegg vert det sett opp buss frå Lovraeidet.

    Tidspunkt for bussreise:

    - Buss frå Kjølvikstølen grendahus klokka 9.30 (bussen tar ferja frå Ropeid kl.10.15)

    - Buss frå Sand ferjekai klokka 10.45.

    - Buss frå Lovraeidet kl.10.55 (koblar seg på busskolonna som kjem frå Sand)

    Felles avreise

    Alle bussane skal køyre saman langs ny veg fram til den nye rasteplassen ved Seljevika kor det vert offisiell opning kl.11:45. Etterpå går alle tilbake til bussane, og så køyrer vi i kolonne over brua og vidare langs traseen til den nye bussterminalen på Øvrabø. Der vil kolonna dele seg, der dei fleste bussane returnerer til Lovraeidet og Sand, og dei som skal til Kjølvikstølen grendahus vert frakta dit.

     

    Det er ønskeleg at dei fleste følger bussane. Evt privatbilar som møter opp ved Tysingvatnet vert stilt opp bak busskolonna. Det vil ikkje vera anledning å komme til sjølve opningsmarkeringa via Ropeid-sida. Det vil ikkje verta åpna for allmenn ferdsel innafor prosjektområdet før «opningskolonna» er ute av området. Dette er av omsyn til tryggleiken til alle som deltar.

    Til orientering så har kommunen bestemt at elevar frå 5.-7. trinn og ungdomsskulen skal få delta. Det vert eigne bussar og opplegg for desse. Andre barn i følge med vaksne er sjølvsagt velkomne til å delta.

    Påmelding til opninga

    Send påmelding til Nora Rygg, nora.rygg@vegvesen.no eller på tlf. 992 46 657 innan fredag 20.nov.

    Her må du gi beskjed kor du vil ta bussen ifrå.

     

  • BUSS FRÅ GRENDAHUSET TIL BRUOPNING

    Me er glade for at Statens Vegvesen legg til rette for at flest mogleg skal få høve til å delta ved bruopninga den 27.november.
    No vert det sett opp buss i frå Grendahuset kl.9.30. Dei som har meldt seg på, har kanskje fått denne informasjonen allereie. Men er du usikker så ta kontakt med Nora B. Rygg hjå Statens Vegvesen, tlf: 99 24 66 57,
    e-post: nora.rygg(a)vegvesen.no.

  • SØKNADSFRIST TIL KULTURMIDLAR OG RUSFRIE UNGDOMSTILTAK ER 1.12.15

    Ropeidhalvøya Grendeutval informerer om at søknadsfristen til kulturmidlar og rusfrie ungdomstiltak, er tysdag 1.12.15.

    Skriftleg søknad kan sendast til Grendeutvalet v/leiar Torbjørg Tveita,
    e-post: torbjorg.tveita(a)suldal.kommune.no.

April 2018
man tir ons tor fre lør søn
1
2
3
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
19
20
21
22
23
24
25
26
27
29
30