Smaller Default Larger

SULDALS FYRSTE FOLKEFJOS - PÅ ROPEIDHALVØYA SÅ KLART!

Hjå Bjørn Kjetil og Anne Mette Askvik på Ropeidhalvøya, står 18 kyr fint på rekkje og rad og ventar på å få kome inn i den nye mjølkestallen. Seks om gongen slepp dei inn, og når dei er ferdige, ventar silo og kraftfôr. Etter ei god vekes innkøyring, er det no fred og fordrageligheit i det nye folkefjoset i Askvik.


Det meste er automatisk og med eit par klikk på pc`en i fjoset, veit Bjørn Kjetil nøyaktig kor mykje kraftfôr kvar einskild ku har fått i seg, og kor mange gonger ho har vore innom fôrstasjonen. "Ei ku var innom heile 18 gonger den ein dagen! Ja, innkøyringa har i grunnen gått over all forventning, synes eg. Me hadde nok budd oss på fleire veker med mykje styr, men alt etter 7-8 dagar gjekk alt som det skulle," seier Anne Mette.

"Bjørn Kjetil kan ta morgonstellet heilt aleine og me har mest halvert tida som me brukar i fjoset no, i høve til kva me gjorde før".
Det nye bygget er på 280 m2, har plass til 32 kyr og har kosta ca. 2,5 mill kroner. I frå mars neste år har dei ein mjølkekvote på 160.000 liter.

Mange lurar på kva eit folkefjos eigentlig er for noko. Me prøvar oss på ei forklaring. Det heile starta i byrjinga av 2008. Då initierte Hå kommune eit 3-årig prosjekt som hadde til føremål å bidra til fornying og modernisering av driftsbygningar for mjølkeproduksjon til akseptable kostnader. Mange bønder ønskjer å halde fram med mjølkeproduksjon, men ser ikkje syn på å byggje heilt nytt eller gå inn i samdrift. For mange kan det vere mykje å spare på å nytte eksisterande bygningsmasse i tillegg til nybygg. Det blir altså både nytt og gamalt, og vips så har ein eit folkefjos!

Me lurar på kva planar Bjørn Kjetil og Anne Mette har vidare framover. "Nåja, me får vel ta det litt rolegare no, og slappe av litt", smilar Anne Mette. "Ja, det sa dykk etter at det nye hønsehuset stod ferdig òg", påpeiker yngste dotter Mia. "Og sjå kva som skjedde....!" Anne Mette må le litt og seie seg einig i at, jo det var jo nettopp det som skjedde - eit nytt fjos. Men ho trur allikevel at dei kan ta det litt rolegare no framover. Me klarar ikkje å lirke ut noko meir om den saken, så då får ein berre vente å sjå....Wink
 

.
FaceBook