Smaller Default Larger

MEIR INFORMASJON FRÅ STATENS VEGVESEN

FRÅ STATENS VEGVESEN:

Nytt tilbod om å bli med på opninga

Vi har tidlegare invitert folk til å melde seg på for å vere med på opninga av fv.46 Sandsfjordbru-prosjektet 27. november. Det blir busstransport for desse frå Sand.

Vi har stor pågang av folk som vil vere med. Etter mange gode innspel frå folk i kommunen set vi også opp busstransport frå Kjølvikstølen grendahus på Ropeid-halvøya. I tillegg vert det sett opp buss frå Lovraeidet.

Tidspunkt for bussreise:

- Buss frå Kjølvikstølen grendahus klokka 9.30 (bussen tar ferja frå Ropeid kl.10.15)

- Buss frå Sand ferjekai klokka 10.45.

- Buss frå Lovraeidet kl.10.55 (koblar seg på busskolonna som kjem frå Sand)

Felles avreise

Alle bussane skal køyre saman langs ny veg fram til den nye rasteplassen ved Seljevika kor det vert offisiell opning kl.11:45. Etterpå går alle tilbake til bussane, og så køyrer vi i kolonne over brua og vidare langs traseen til den nye bussterminalen på Øvrabø. Der vil kolonna dele seg, der dei fleste bussane returnerer til Lovraeidet og Sand, og dei som skal til Kjølvikstølen grendahus vert frakta dit.

 

Det er ønskeleg at dei fleste følger bussane. Evt privatbilar som møter opp ved Tysingvatnet vert stilt opp bak busskolonna. Det vil ikkje vera anledning å komme til sjølve opningsmarkeringa via Ropeid-sida. Det vil ikkje verta åpna for allmenn ferdsel innafor prosjektområdet før «opningskolonna» er ute av området. Dette er av omsyn til tryggleiken til alle som deltar.

Til orientering så har kommunen bestemt at elevar frå 5.-7. trinn og ungdomsskulen skal få delta. Det vert eigne bussar og opplegg for desse. Andre barn i følge med vaksne er sjølvsagt velkomne til å delta.

Påmelding til opninga

Send påmelding til Nora Rygg, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  eller på tlf. 992 46 657 innan fredag 20.nov.

Her må du gi beskjed kor du vil ta bussen ifrå.

 

.
FaceBook
June 2018
man tir ons tor fre lør søn
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28