Smaller Default Larger

Org.nr: 937 895 321

SISTE NYTT:
Me pusser opp kjøken og vestibyle hausten 2017.

*******************

LITT HISTORIE:

Kjølvikstølen Grendahus ligg midt på Ropeidhalvøya, og er heile bygdefolket si storstove. Planlegginga av huset starta då byggekomitéen hadde sitt fyrste møte på Helsehuset den 12.02.1990. Huset vart bygd med stor dugnadsinnsats og stod ferdig i slutten av 1993. Det er eigd av lag/organisasjonar og privatfolk på Ropeidhalvøya og er organisert som eit AL (andelslag).

UTLEIGE OG PRISAR:

Kontakt Ingar Haug for leige av lokale, på mobil 48 13 25 81


Sjå oppdaterte utleigeprisar i PRISLISTA.

******************

STYRET FOR 2017/18 ER: (vert valde på årsmøte 30.3.17)

Leiar: Ingar Naustvik
Nestleiar:
Atle Tveita
Kasserar:  
Borgny Haug
Medlem:  
Odd Kalvik
Sekretær:
Sissel Vatland


********************

FAKTA OM GRENDAHUSET:

Fasilitetar:

- U.etg.

  • Barnehage-lokaler med plass til 2 avdelingar
  • Trimrom med treningsapparat og bordtennisbord
  • 1 stor damegarderobe med toalett og fellesdusjar
  • 1 stor herregarderobe med toalett og fellesdusjar
  • Toalett/dusj og vaskerom
  • Miniatyrskytebane

- Hovud-etg.

  • Storkjøkken
  • Stor vestibyle med garderobe og toaletter
  • Frisørsalong
  • Gymnastikksal og scene
  • Opphaldsrom
  • Garasje

- 2.etg.

  • Kontor og arkivrom
  • Stort opphaldsrom med sofagrupper, biljarbord
  • Kjøkken
  • Garderobe og toalett

Lokaler på Grendahuset kan leigast av alle over 18 år. Me leiger i dag ut til både kommunar, lag/organisasjonar, privatpersonar og bedrifter. Viss du skal arrangera dåp, konfirmasjon, bryllaup eller anna selskap så har me lokaler for både små og store grupper.

BILETE:









.
FaceBook