Smaller Default Larger

REISEBREV I FRÅ FANTASTISKE DUBAI

Etter 6 heile dagar her i Dubai er det vanskelig å plukke ut dei største høgdepunkta - alt me har sett, eller smakt på, eller prøvd har vore lika ubeskrivelig!








Etter å ha forlatt Moder Noreg (evt Halvøya) i eit n’te snøfall denne vinteren, var det nesten uverkeleg å stige ut av flykroppen til 30 mjuke varmegrader og fønvind. Deilig start! Og slik har veret vore sidan, rundt 30 grader med ein svalende vind. Det er det dei kaller vinter her nede……

Allereie flyturen frå Oslo bar bud om at dette skulle bli opplevingar av det meir eksotiske slaget, bakerst i flyet sat det nemlig 6 vaktar frå PST med 3 personar som visst ikke skulle vera i Noreg lenger….Elles blei 7 timar med føtene i tilnærma fosterstilling i meste laget for Johannes….
Dette var ingen Airbus a380, nei!






Maten: Me er ikje redde for å bli sjuke, og prøver det meste - frå den lokale sjappa langs elvebredden mellom Deira og Bur Dubai til 7-retters middag på fasjonable Burj Al Arab Hotell, også kjent som “Seilet”. Alt smaker like godt, men prisen og kleskoden varierer!

Folket: Utruleg høflege, venlege og hjelpsame!


Stranda: Har aldri sett så kvit sand før, stranda var berre nydeleg. Me hadde oss ein halv dag på den offentlige stranda i Jumeirah - og den var altså imponerande kvit og rein. God plass hadde me også. No hadde Johannes og eg litt ulikt utgangspunkt når det gjaldt brunfarge, så han enda opp ein smule rosa etter 4 timar med solslikking, trass i bruk av høg solfaktor.


Shoppingsentra:
Ubeskrivelege, me har ikke noko som liknar i Noreg! Korkje i storleik, innhald eller stil.
Det var rein nytelse å spasere rundt der inne - synes eg, då - for spasering var i grunnen det me hadde råd til. Johannes knipsa eit bilete av meg utanfor Louis Vuitton-butikken, sjølv om ikkje vaktene på innsida synes det var passende!
På Mall of the Emirates åt me lunsj på Après med fullt utsyn over alpinbakken i Ski Dubai, som altså ligg inne på eit kjøpesenter. Fekk kjeldevatnet Voss då eg bestilte vatn til maten….

Opplevingar: Her kunne eg nok ha fylt ut nokre A4-sider, men eg får sile litt.
Me har vore og sett nydelige, flotte moskeer - ikke minst den i Jumeirah.
Ytterst på Palmen i Jumeirah, ei av 3 kunstige øygrupper med form som ei palme, finn ein luksushotellet Atlantis og verdas største akvarium.

Elles så var Seilet med sine 7 stjerner ein innføring i utruleg luksus! Her kjem ein ikkje inn med joggesko, faktisk kjem ein ikkje ut til den kunstige øya hotellet er bygd på utan at ein har reservasjon i ein av restaurantene eller har booka hotellrom - og det vert sjekka av vaktar 100m unna hotellet. Ved inngongen stod det lina opp ikke mindre enn 4 Rolls Royce Phantom!

Me har også vore på gullmarknaden i Deira der me bur, heile 700 gullsmedbutikkar var det på eit og same område. Skal ein kjøpe diamanter er det her ein må reise, eg seier ikke meir!

Elles har me sjølvsagt vore i verdas høgaste bygning, Burj Khalifa. Utforbi finn ein dei flottaste dansande fontenene eg nokon gong har sett, og om kvelden når mørket sig på, er det eit vakkert fonteneshow akkompagnert av nydeleg musikk - må opplevast!
I går kveld var me på Dhow-cruise nedover kanalen med inkludert middag. Veldig romantisk! 

                                              I dag har me for første gong hatt oss nokre timar på solsenga ved bassenget her på Sheraton hotell, Johannes haldt seg i skuggen…;) På ettermiddagen drog me på ørkensafari nær grensa til Oman i ein Toyota Landcruisar. Innlagt i turen var det barbecue, kamelriding, vasspiperøyking, hennamåling og magedans. Me fekk til og med halde ein falk! Og enno skal me ikke heim igjen…

Transport: Taxi er billeg, men ein kan fint nytte metroen, vasstaxi eller buss - det offentlege transportnettet er godt utbygd og rimelig!

Til slutt må eg berre seie at det er så utrulig reint og velholdt her, ser aldri boss som flyt rundt. Og store, vakre blomebed finn ein overalt. Det er tydelig at Dubai stort sett har blitt bygd på nytt dei siste 15 åra.

Forresten, så kostar ein liter bensin her 2,50 - men lønsnivået er nok heller ikkje som i Noreg!

Me gler oss til nok ein dag i Dubai, men saknar ungane!
 
Solfylte helsinger frå Anne-Kate og Johannes

.
FaceBook