Smaller Default Larger

HISTORISKE PERSONAR FRÅ ROPEIDHALVØYA

I år feirer me 200-års jubileum for grunnlova vår. I samband med markering og avduking av valfullmakt i Jelsa kyrkje den 19.mars i år, fekk me høyre ei spanande historie om to menn i frå halvøynå. Lensmannen i frå Skimleim i Refsbygdå og bonden i Storstovå på Hebnes.
Desse to var mellom dei 12 som underskreiv fullmakta, som altså i dag heng i våpenhuset i kyrkja.
Ernst B. Drange har skrive desse orda til nettstaden vår;

 

Den 18. mars 1814 blei det halde val i Jelsa-kyrkjå. Allmugen i Jelsa prestegjeld, inkludert Sand anneks-sokn, hadde samla seg for å velja utsendingar til Stavanger. Det var eit indirekte val på såkalla «valmenn», der nesten 90 valmenn frå heile Stavanger amt (Rogaland fylke i dag) ei veke seinare skulle møtast i Stavanger og velja 3 representantar til Eidsvoll.

To mann frå Jelsa prestegjeld vart valde til å reisa til Stavanger den 24. mars 1814. Det var lensmann Torger Torgersen Fatland, frå Hylsfjorden, og «odelsbonden» Bjørn Anderssen Fuglestein. Dei fekk med seg ein fullmakt som var underteikna presten, prost Knudsen, og dessutan 12 mann til, dei fremste bøndene i prestegjeldet.

Ein kopi av denne valfullmakta vart avduka og hengt opp i Jelsa-kyrkjå 19. mars 2014, då ein markerte valet med eit kultur-arrangement i kyrkja.

Mellom dei  12 som underskreiv fullmakta, som i dag altså heng i våpenhuset i kyrkja, var det 2 frå det som i dag er Ropeid-halvøynå, men som då var delt mellom 2 prestegjeld. (For den ytre og nore delen av Halvøynå høyrde til Vikedal prestegjeld, den ytre delen til Vikedal sokn, den nore delen til Imsland sokn).

Dei to var fylgjande:

 

  1. Lensmannen i Jelsa skipreide som budde på Skimleim i Refsbygdå. Han skreiv seg berre med førenamn og patronymikon (farsnamn), nemleg som «Johne Christensen».

  2. Den andre var ein preste-medhjelpar som skreiv seg «Engebrit Engebritsen». Dette var rett og slett bonden på  Hebnes Storstovå, Ingebrigt Ingebrigtsen (II).

Desse to var såleis viktige menn på nordsida av fjorden, det ein òg på Jelsa nemnde som Norefjorden.  Men Engebrit Storstovå hadde òg ein bror mellom dei 12, nemleg forlikskommissæren «Ole Ingebritsen Sandvig», som hadde gifta seg til Sandvikjå i Erfjord.

Så då kan ein seia at 3 av 12 underskrivarar på valmanns-fullmakten var halvøy-buar, og det var vel ein bra representasjon.

I Stavanger vart tre menn valde til å reisa til Eidsvoll frå Stavanger amt (Rogaland fylke). Det var presten Laurentius Oftedahl på Rennesøy, kjøpmann Christen Mølbach frå Egersund og – ikkje minst – bonden, lensmannen og forlikskommissæren Asgaut Olsen Regelstad frå Finnøy.

Asgaut Regelstad var gift med ei Ropeid-jenta, Borgilla Tormodsdotter. Men Johne Christensen på Skimleim var òg slektsmessig nært knytta til eidsvoll-mannen. Kona til Johne – Margreta Johannesdotter frå Lovra – var søskjenbarn med Asgaut Regelstad.

Om Johne Christensen  - «Schimling» som han skreiv seg når han ville knytta til seg gardsnamnet – kan ein lesa meir i «Jelsa II. Gardar og folk» s. 1088f. Om Ingebrigt’ane i Storstovå kan ein lesa i boka som kjem med det første, «Jelsa II. Gardar og folk».


Ernst Berge Drange

 

 

 

.
FaceBook
June 2018
man tir ons tor fre lør søn
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28