Smaller Default Larger

NYTT I FRÅ MARVIK MUSIKKORPS

NYE MEDLEMMER OG ASPIRANTAR
Me er så heldige at me i løpet av året har fått med oss tre vaksne i korpset som har vore med før!  Dersom det er fleire som har lyst å begynne er det berre å ta kontakt med ein i styret!
I tillegg har me fått vita at det er tre aspirantar som har meldt seg inn i kulturskulen til neste år.
Dette er godt nytt for korpset!!  

17.MAI 
Våren er den travlaste og kjekkaste tida av året for oss.
17. mai skal me som vanleg spele i toget, i gudstenesta og ha konsert på ettermiddagen.  I toget skal me kjøre lastebil for tredje året på rad.  Når me ikkje er så mange musikantar er det ein fin måte å gjere det på for å kunne spele i toget.  Me skal også i år ha utlodning på 17. mai, og vil sittje godt synleg å selje lodd.

SULDALSSTEVNET
Suldalsstevnet 5. juni på Sand.  Dei siste åra har Suldalsstevnet blitt arrangert på Sand i samband med Ryfylkedagane, og slik blir det også i år.  Ansvaret for å arrangere dette stevnet går på omgang mellom korpsa i Suldal og dette året er det vår tur å ta oss av dette.  Alt er planlagt og medaljene ligg klar og ventar...
Me skal spele saman med Sand skulekorps på Ryfylkedagane.  Me har felles dirigent og har spela saman med dei før.  På grunn av dette skal me ha felles øving to gonger før stevnet.  Det er inspirerande å spele mange saman.

TUR TIL KINSARVIK
I august begynnar nytt korpsår, og då skal me starte med tur til Kinsarvik der me skal bu i hytter og ha ei helg saman med blanding av musikk, sosiale aktiviteter og park-besøk.  Me trur at dette blir ein kjekk start på nytt korps-år!

.
FaceBook
June 2018
man tir ons tor fre lør søn
4
5
6
7
8
9
10
11
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30