Smaller Default Larger

VEDTEKTER GRENDAHUSET

Vedtekter for  Kjølvikstølen Grendahus

1.Organisasjonsform
Kjølvikstølen Grendahus er eit lag med vekslande medlemstal, vekslande kapital og avgrensa ansvar. Laget er lokalisert på Ropeidhalvøya og har adresse Kjølvikstølen 2, 4235 Hebnes


2.Føremål
Laget skal driva og vedlikehalda Grendahuset på ein slik måte at Ropeidhalvøya har eit forsamlingshus med rom for ideelle, kulturelle og veldedige aktivitetar. Grendahuset skal ha lokaler for servicetilbod til innbyggjarane på staden og andre brukargrupper.
Laget har ikkje erverv som føremål.


3.Bruk av huset
Grendahuset skal vera ope for alle lovlege føremål. Ingen må stengjast ute på grunn av sitt religiøse eller politiske syn, eller av andre grunnar som er i strid med toleransekrava.


4.Medlemskap
Alle innbyggjarane på Ropeidhalvøya med postadresse 4235 Hebnes, og som har fylt 18 år, kan melda seg inn som medlem i laget. Medlemskapet  gjeld til det vert sagt opp eller medlemmet flytter frå Ropeidhalvøya. Medlemskapet kan seiast opp med minst 3 månaders frist, og vert avslutta ved fyrste årsskifte etter oppseiingsfristen.
Årsmøtet kan gjera vedtak om eventuell medlemskontingent og storleiken på denne.


5.Organisasjon
Grendahuset har desse organa:
               Årsmøte
               Styre
               Valnemnd
               Revisor

Årsmøtet kan oppretta andre nemnder eller komitèar når årsmøtet finn det tenleg.

 

 

 

 


5.1 Årsmøtet
Årsmøtet er laget sin høgaste myndighet. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Alle medlemmer kan møta med tale- og røysterett på årsmøtet. Kvart medlem har ei røyst. Ingen kan stilla med fullmakt frå andre medlemmer på årsmøtet.
Ordinært årsmøte handsamar vanlegvis desse sakene:
               1.Opning og konstituering
                   - Val av møteleiar, ein til å skriva møteprotokoll, samt to til å skriva under møteprotollen.
               2.Styret si årsmelding
               3.Rekneskap og revisjonsmelding
               4.Eventuelt innkomne forslag
               5.Budsjett
               6.Val

Innkalling til årsmøtet skal skje gjennom lokalpressa, Halvøysida og ved oppslag seinast 3 veker før møtet. Eventuelle saker som medlemmer ynskjer handsama på årsmøtet må vera komne inn til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

Alle vedtak på årsmøtet blir gjort ved alminneleg fleirtal av avgjevne røyster. Unnateke er vedtak om endring av vedtektene og oppløysing, som krev 2/3 fleirtal av avgjevne røyster (Jfr. §§ 8 og 9).

Ekstraordinært årsmøte kan  innkallast av styret, eller når minst 1/3 av alle medlemmene krev det.
Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame saker som er sett opp på saklista for dette møtet. Elles gjeld same reglane som for ordinært årsmøte.

5.2 Styret
Styret for laget har ansvar for den daglege drifta av Grendahuset, og skal setja i verk årsmøtet sine vedtak. Styret skal syta for at det blir ført tilfredstillande rekneskap og utarbeidd budsjett. Rekneskapsåret fylgjer kalenderåret.
Styret er samansett av  5 medlemmer. Det skal  vera 2 varamedlemmer i nummerrekkefylgje til styret. Alle desse skal veljast på årsmøtet av og blant medlemmene i laget. Styreleiar skal veljast på årsmøtet, elles konstituerer styret seg sjølv med dei funksjonar styret finn naudsynt.
Dei nye medlemmene tek til i sine verv straks.
Styret er vedtaksført når minst 3 av medlemmene er til stades, medrekna styreleiar eller nestleiar.
Det skal førast protokoll over styremøta. Alle medlemmene som er til stades på møta skal skriva under protokollen.
Styret bind laget ved leiar si underskrift.


5.3 Valnemnd
Valnemnda skal førebu og komma med forslag til alle val som skal gjerast på årsmøtet. Årsmøtet kan vedta instruks for valnemnda. Styreleiar gir naudsynt informasjon til valnemnda om kven som er på val, tidsfristar m.m. Det er leiar i valnemnda som har ansvar for at valnemnda arbeider i samsvar med instruks.
Laget skal ha ei valnemnd på 3 medlemmer, valde på årsmøtet av og blant medlemmene i laget.



5.4 Revisjon
Revisorane skal gjennomføra revisjon av laget si bokføring, disposisjonar og vedtak. Årsmøtet kan vedta instruks for revisorane sitt arbeid.
Årsmøtet vel 2 revisorar med naudsynt fagkunnskap.


6.Val
Styret: Det skal veljast 5 medlemmer til styret. Leiar skal veljast for 1 år, dei andre                styremedlemmene for 2 år, slik at kvart år er styreleiar og 2 styremedlemmer på val.    
               Det skal veljast 2 varamedlemmer i nummerrekkefylgje for 1 år.

Valnemnd:
               Det skal veljast 3 medlemmer til valnemnda for 3 år om gongen. Det skal veljast eitt nytt
               medlem kvart år. Den som har sete lengst blir leiar av valnemnda for 1 år.

Revisorar:
               Det skal veljast 2 revisorar for 2 år om gongen.


7.Arbeidshjelp
Styret kan tilsetje reinhaldar, vaktmeister og anna arbeidshjelp når styret finn det tenleg.
Desse funksjonane er direkte underlagt styret, og vedkommande arbeidstakar pliktar å utføra dei arbeidsoppgåvene og pålegg styret v/styreleiar gir.


8.Endring av vedtektene
Endring i vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte, etter forslag framlagt av styret. Forslag frå medlemmer om endring i vedtektene må vera komme til styret seinast 2 månader før årsmøtet. Gyldig vedtak om endring i vedtektene krev 2/3 fleirtal av avgjevne røyster.


9.Oppløysing
Vedtak om oppløysing av laget eller overdraging av formua som heilskap kan berre gjerast på ordinært årsmøte. For at oppløysing eller overdraging skal kunna vedtakast må minst 2/3 av alle medlemmene vera representerte, og minst 2/3 av dei avgjevne røystene må røysta for forslaget.
Er ikkje 2/3 av alle medlemmene representert på møtet, kan det kallast inn til ekstaordinært årsmøte med minst ein månads varsel. Vedtak om oppløysing av laget eller overdraging av formua kan då vedtakast med 2/3 fleirtal av dei avgjevne røystene, utan omsyn til antal representerte røyster.

-------


Desse vedtektene er vedtekne på skipingsmøtet i  Kjølvikstølen Grendahus 20.01.2016
              

.
FaceBook