Smaller Default Larger

4H FYLKESLEIR - MELLOM SOL OG REGN

Måndag 27. juni vart 4H Rogaland sin fylkesleir på Kjølvikstølen i Suldal kommune avslutta, etter 4 dagar med aktivitetar, underhaldning, konkurransar, kos og sosialt samvær for nesten 200 deltakarar og 100 vaksne leiarar og hjelparar.

Måndag 27. juni vart 4H Rogaland sin fylkesleir på Kjølvikstølen i Suldal kommune avslutta, etter 4 dagar med aktivitetar, underhaldning, konkurransar, kos og sosialt samvær for nesten 200 deltakarar og 100 vaksne leiarar og hjelparar.


Leirkomiteen, med leirsjefen Ole Johan Østebø i spissen, kan sjå tilbake på eit vellykka arrangement i eit flott og vakkert område. Komiteen har jobba med organiseringa av leiren, saman med 4H fylkeskontoret sidan desember 2015. 


Suldalsordføraren, Gerd Helen Bø, opna leiren på fredags kvelden, og det var moglegheit for alle å bli kjent med kvarandre.

Laurdag var ein solfylt og perfekt dag for aktivitetar som fisking, kanopadling, vanntube, paintball, hesteriding i Sauda, klatring og topptur til Skardnuten. I frå Skardnuten var det utsikt over heile Suldalsføret og over fjorden heilt til Stavanger.

Søndag var det tid for ei spennande og engasjerande volleyballturnering i regi av volleyballgeneralen Sigve Hauge, tross regn innimellom. Om kvelden var det underhaldning med bl.a. miljøtorg, diskotek, jonsokbål og tryllekunstnar Steinar Thelen.

Måndag var det allereie tid for å pakke ned teltet og heimreise. Mykje ros var det også for maten under leiren.
Kjøkkensjefen, Borgny Haug og hjelparar hennar, forsynte alle med taco, laks og båtpotetar, kotelettar og kyllingvingar frå grillen, pastasalat med kylling og focaccia og mykje meir deilig mat. 
(fleire bilete under teksten - publisert med tillatelse frå 4H-komiteen)


Av Linda Liem (Frisko 4H, Erfjord), informasjonsansvarleg.


 

 

 

.
FaceBook
June 2018
man tir ons tor fre lør søn
4
5
6
7
8
9
10
11
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30