Smaller Default Larger
Filter
  • VELKOMEN TIL 4H HAUSTFEST!

    Grytenuten 4H inviterer til haustfest fredag 27.oktober kl.18.30 på Kjølvikstølen Grendahus.

    Då kan du koma å sjå på utstillinga av alle prosjekta som 4H`arane har jobba med det siste året.
    Det vert mat, kaffi, kaker, utlodding og utdeling av merke.

    ALLE ER VELKOMNE!

     

     

  • BASAR PÅ KJØLVIK BEDEHUS ONSDAG 11.OKTOBER

    Onsdag 11.oktober kl.18.00 er det BASAR på Kjølvik bedehus. 
    Mange fine gevinstar. Velkomen skal du vera!

    Arr: Vormestrand Kvinneforening NMS

  • SPØRJEUNDERSØKING OM OPPVEKSTSENTER PÅ ROPEIDHALVØYA

    Rådmannen i Suldal er bedt om å utgreie ulike alternativ til oppvekstsenter på Ropeidhalvøya.
    Det er difor sendt ut eit spørjeskjema 
    til foreldre til barn mellom 0 - 16 år. Undersøkinga er sendt til begge foreldre, som blir bedt om å svare kvar for seg. 

    Dette fordi rådmannen ønskjer å få vite meininga til foreldra om plassering av oppvekstsenter på Ropeidhalvøya. 


    Me oppmodar ALLE som har fått tilsendt spørjeundersøkinga, om å sende inn svar innan 10.september. 

    Svara vil handsamast konfidensielt og vil vere anonymiserte når dei vert lagt fram for politisk handsaming.

    Barnehage - skule - oppvekstsenter Ropeidhalvøya

     

     

     

     

       
  • FOR ALLE


    Sparebankstiftelsen SR-Bank har ei støtteordning som er retta mot lag og foreiningar som har aktivitetstilbod for born og unge. Denne støtteordninga vert kalla For Alle og ein kan søkje om midlar i perioden 19.august - 19.september.

    Kanskje ditt lag eller foreining kan søkje på desse midlane?

    Les meir om ordninga HER.

    Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Lars Arne Bjørkland på e-post:
    lars-bjorkland(a)hotmail.com.

  • ALLMØTE OM FRAMTIDAS ELDREOMSORG

    Ropeidhalvøya Grendeutval inviterer til allmøte med open høyring om framtidas eldreomsorg, tysdag 8.august kl.19.00 på Kjølvikstølen Grendahus.
    Kl.20.00 vert det ordinært grendeutvalsmøte.

    Har du tankar og innspel om framtidas eldreomsorg, som du syns grendeutvalsmedlemene bør høyra? Då må du koma på møtet kl.19.00. Det er også mogleg å senda inn høyringsuttale til Suldal kommune. Fristen er 15.august.

    For meir informasjon, sjå HER.

  • KJØLVIKSTØLEN BARNEHAGE TAKKAR!

    Me har vore så heldige å få sand i sandkassen vår og har lyst å takka Jan Kato og Holmen MaskinLaughing

    Han var på jobb då han ringte oss og spurte om han skulle ta med eit lass sandkassesand til oss. Han hadde nemleg lagt merke til at me var utan sand i sandkassane og har vore det ei stund. 

    Dette er me i barnehagen kjempeglad for!

    Tusen takk til han i frå små og store i barnehagen.

  • VELKOMEN TIL 17.MAI PÅ KJØLVIKSTØLEN!

    10.00: Toget
    10.45: Kappspringing, leiker og kiosk opnar
    11.30: Gudsteneste
    12.15: Middag
    14.30: Korpskonsert med allsong
    14.50: Tale for dagen v/Torbjørn Guggedal
    15.30: Premieutdeling

  • SKYTEPRØVEN FOR STORVILTJEGERAR 2017

    Også i år må alle dokumentera 30 obligatoriske skot før sjølve prøven. Desse skota må gjennomførast over minst 2 dagar, på godkjent skytebane og dei må attesterast av eit skyttarlag.  

    Skyttarlaget kan ikkje gi dispensasjon fra desse krava.  

    Hebnes Skytterlag har satt av fylgjande dagar til trening og skyteprøve på skytebanen på Kalvikleite:  

    OBS OBS, Forandring i tidspunkt!!

    Mai, Juni og August  

    Fredag      26/5, 9/6 og 4/8          kl 1900-2000.

    Lørdag      27/5, 10/6 og 5/8        kl 1000-1200.

    Søndag     28/5, 11/6 og 6/8        kl 1300-1400. 

    Ansvarleg 1.helg: Ingar/Hallvard. 
    Ansvarleg 2.helg: Tor Øystein/Kjetil T. 
    Ansvarleg 3.helg: Ivar-André/Jan Kato. 

    Det blir sal av både skarpe skot og blyspiss.

    Pris:  Skarpe skudd     : Kr 150.- (20 skudd).

             Blyspiss            : Kr 300.- (20 skudd).  

    Medlemskontingent, treningsskyting og sjølve skyteprøven koster kr 300.-
    (kontant betaling).

    For dei som har skote 30 prøveskudd ved andre skytebanar, er prisen kr 200.-

    Det blir eit ekstragebyr på kr 200.- for dei som ikkje skyt på oppsatte tider.  

     

    Hebnes Skyttarlag.

  • LEIKEHYTTE OG REIDSKAPSBOD

    Har du ståande ei godt brukande leikehytte som ikkje lenger vert brukt av nokon hjå deg? Eller kanskje ei reidskapsbod du ikkje lenger har brukt for? Då må du ta kontakt med Kjølvikstølen barnehage - dei har brukt for både leikehytte og reidskapsbodSmile
    Tlf: 52 79 57 10 ved styrar Katarzyna Mysiara.

  • KULTURSKULEFESTIVALEN I SULDAL 2017

  • BYGDEKVINNELAGET INVITERER TIL SØNDAGSMIDDAG

    Bygdekvinnelaget inviterer til SØNDAGSMIDDAG

    Søndag 2.april Kl 13.00-16.00.

    Meny: fersk kjøt, poteter, grønnsaker og saus. 
    Dessertbord, kaffi og saft.

    Vaksne: kr. 200,-
    Barn: kr. 150,- ( 4 år- tom 7.klasse)

    Me tar dessverre ikkje kort/ Vipps

  • VELKOMEN TIL KÅSERI, GOD MAT OG ÅRSMØTE

    Styret i Kjølvikstølen Grendahus inviterer til ein innhaldsrik kveld på Grendahuset torsdag 30.mars kl.19.30.
    Det vert kåseri med tidligare journalist i Stavanger Aftenblad, Jone Laugaland, ostebord m/tilbehøyr, og kvelden vert avslutta med årsmøte. Alt dette er gratis, kåseri og mat er ope for alle, årsmøtet er for medlemer i Grendahuset.

    Les meir om kåseriet her, og last ned innkalling til årsmøtet her.

     

  • VELKOMEN TIL BASAR 14.MARS!

  • NYE STYRER I HAUGIL OG MARVIK MUSIKKORPS

    Det har vore årsmøter i Idrettslaget HAUGIL og i Marvik Musikkorps.
    Dei nye styra er;

     

    HAUGIL

    - Helge Naustvik - leiar tlf. 97 14 13 49 
    - Annette Hebnes
    - Atle Tveita
    - Morten Bakken
    - Jan Cato Holmen        

    - Anette Veen - vara

    MARVIK MUSIKKORPS

    - Nina Østebø - leiar tlf. 90 99 63 24
    - Mette Vatland
    - Siv Sissel Sildelid
    - Liv Jorunn Øvrebø

    - Renate S. Holmen - vara
    - Sonia K. S. Lie - vara
    - Siv Marita I. Bakken - vara

  • Sparebankstiftelsen SR-Bank

     

     

     

     

    Frå 19. februar til 19. mars kan enkeltpersonar, foreningar og lag søke om midlar hjå Sparebankstiftelsen. Prioriterte formål er nye og gode initiativ innan idrett og kultur som vil gi effekt på ei større gruppe i lokalsamfunnet. Les meir om dette her. 

  • ÅRSMØTE I HAUGIL

    Årsmøte i Idrettslaget Haugil blir måndag 20. februar klokka 20.00 på Kjølvikstølen Grendahus.
    VELKOMMENSmile

  • SHOWKONSERT

    Kom og høyr Marvik Musikkorps, aspirantar, juniorar og dei andre korpsa i SuldalLaughing

  • TRENING PÅ HALVØYA

    Har du planer om å starte det nye året med å vere litt meir aktiv? På halvøya er det fleire moglegheiter for å vere med på organisert trening.

    Det er IL HAUGIL som står for tilbodet, og det einaste kravet er at du har betalt person,- eller familiemedlemsskap.

    Kr. 300,- for personleg medlemsskap og kr. 700,- for familiemedlemsskap.

    Kontonummer: 3202.20.24654.

    Her er eit oversyn over treningstilbodet;
    Tysdag kl.19.30-20.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Anette Veen)
    Onsdag kl.18.30-19.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Borgny Haug)
    Onsdag kl.20.00-21.30 - fotball for vaksne
    Torsdag kl.17.00-21.00 - fotballtrening for miniknott, knott, lilleputt og ungdom. Sjå IL HAUGIL for nærare informasjon
    Søndag kl.19.30-20.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Anette Veen)

  • GODT NYTT ÅR:)

     Ønskjer alle eit rektig godt nytt år - hugs å tips oss om kva som skjer på halvøya av stort og småttWink

  • 4H GRAUTFEST

    Nye og gamle medlemer er velkomne til 4H grautfest, tysdag 13.desember kl.18-19.30.

    Me skal ha pakkeleik, så alle kan ta med seg ein pakke kvar til ca.20,-  kroner.

    VELKOMEN TIL ALLE!

  • ÅRETS HALVØYBU 2016



    Årets halvøybu i 2016 vart Liv Jorunn Øvrebø.
    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag begrunna utnemninga "med jobben ho gjer med dei unge "musikarane" på Ropeidhalvøya, for sin langvarige tro teneste i Marvik Musikkorps, for jobben ho har gjort i forkant av Halvøyrevyen 2016 og ikkje minst for å vera lett å spørja og vera blid og grei."

    GRATULERA MED PRISEN!Laughing

  • LUCIAFEST

  • FØRJULSAKTIVITETER PÅ ROPEIDHALVØYA

    Det er adventstid og med det følgjer diverse førjulsaktiviteter. Denne veka kan du få med deg både julakonsert og adventsfest på bedehuset. Neste veke, onsdag 7.12., inviterer Bygdekvinnelaget alle til ein koseleg kveld med papir-julatre-laging, utlodding, kaffi og litt og bita i, (påmelding til Helen). Laurdag 10.12. inviterer korpset til Luciafest med korpskonsert, middag, kaffi, kaker og utlodding. Dette er berre noko av det som skjer på Ropeidhalvøya i desember. Følg med på kalenderen og gje beskjed til Nina om du saknar aktivitetar som bør inn der. 
    Ønskjer alle ei fin adventstidLaughing


  • VELKOMEN TIL JULEOPNING

  • ÅRSMØTE I HEBNES SKYTTARLAG

  • JULETREHOGST HJÅ MYHRE JULETREGARD

  • BASAR 12.OKTOBER

  • KNUTE PÅ TRÅDEN

    JA, det blir revy på Ropeidhalvøya i november. Og JA, det blir flaut, herlig og tenner på tørk kvelden lang.
    Den 11. og 12.november inviterer Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag og revygjengen til ny revy på Kjølvikstølen Grendahus. 

    Billettsalet startar måndag 3.oktober!

    Bygdekvinnelaget informerer;

    Fredag 11.november kl 19.00.
    - Kun revy. 
    - Kr. 50,- for barn og kr. 100,- for vaksne.
    - Billettar vert selde i døra (frå kl 18.30), kontant, me tar ikkje kort.

     

    Laurdag 12.november kl 20.00. 
    - Revy m/servering. Festkveld.
    - 18 års aldersgrense.
    - Kr. 350,-.
    - Påmelding (med navn) på SMS til Borgny Haug 92624292
    fom måndag 3.oktober
    - Billetten er ikkje reservert før du har fått ei stadfesting.
    - Billetten må betalast på forskott via bank.

    - Kun kontanter i baren om kvelden.


    VELKOMEN TIL STORE OG SMÅ!Laughing 

  • STOR TAKK TIL ALLE SOM VAR MED PÅ DUGNAD!

    MANGE TAKK til alle som var med på dugnad på Grendahuset!
    De gjorde ein god jobb både ute og inne.
     
    Det er gildt og oppmuntrande når så mange viser interesse 
    og vil vera med å ta vare på "Huset vårt".
     
    Styret
  • VELKOMEN TIL DUGNAD PÅ GRENDAHUSET

    Styret i Kjølvikstølen Grendahus inviterer til dugnad på laurdag 17.september kl.10.00.

    Vil du vera med å gjera uteområdet fint og ryddig?
     
    Sjå meir informasjon HER.
     
     
  • TOUR DES FJORDS OVER SANDSFJORDBRUA

    Tour des Fjords er eit sykkelritt som vart arrangert første gong i 2013. Rittet er på 5 etappar, og på fredag 2.september går 3.etappe frå Ulvik med målgang på Suldalsosen. Folk er inviterte til å lage ein folkefest langs løypa, og i frå kl.16.00 venter med på at syklistane skal kome til Ropeidhalvøya.

    Marvik Musikkorps vil stå ved vegen og spele (ved garden til Liv Jorunn Øvrebø), og alle er velkomne til å vere med å heie fram syklistane som altså kjem frå Hardanger, via Sauda, over Sandsfjordbrua og har målgong på Suldalsosen. Møt opp før kl.16.00.Laughing Gå inn på heimesida til Tour des Fjords, eller på Facebook for å få meir informasjon om program og følg ryttarane live langs vegen. 

  • HÆRVERK I BARNEHAGEN

    Me er veldig glad i den flotte barnehagen og det fine uteområdet me har her på Kjølvikstølen.
    Derfor syns me det er veldig trist når me somme gonger ser at nokon har vore i barnehagen og gjort hærverk. Av og til finn me knuste flasker der borna leiker, andre gonger er leikeapparata velta eller flytta på. I dag fann me at nokon hadde fjerna vindauget i leikehytta. Dette syns me ikkje er noko kjekt!

    Borna kan skade seg på glasbråt, og me som jobbar her brukar mykje tid på å rydda og sette leikeapparat på plass. Somme gonger må me bruke av barnehagen sine penger for å fikse ting som er øydelagt av hærverk – penger som me kunne brukt på kjekke ting i staden. 
    Me vil vurdere ulike tiltak for å få slutt på hærverket - å melde til politiet vil vere eit slikt tiltak.

    Me vil gjerne at alle born skal ha glede av å leike i barnehagen, også på kveldstid og i helger.
    Så derfor  oppmodar me alle – både born og vaksne – om å ta eit ansvar for barnehagen og sjå etter at det ikkje vert utført hærverk når du er på besøk i barnehagen eller på ein aktivitet eller eit arrangement på Grendahuset.
    Takk for at du bryr deg om barnehagen vår!

    Helsing oss i Kjølvikstølen barnehage.

  • HAR DU LEIKER DU ØNSKJER Å GJE VEKK?

    Kjølvikstølen Barnehage er på jakt etter både uteleiker og inneleiker, som til dømes bilar, traktorar, lastebilar, dokker med dokkekler, puslespel, bøker, lego og duplo. Leikene bør vere i god stand og reine. 

    Har du nokre leiker du ønskjer å gje vekk så ta kontakt med Kjølvikstølen Barnehage på telefon 52 79 57 10.

  • BASAR 3.SEPTEMBER

    Velkomen til basar på Kjølvik bedehus laurdag 3.september kl.18.00.
    Andakt v/Anne Kristine Rosberg.
    Kaffi og mat.

    NLM

  • NY DATO!!: HALVØYCUP LAURDAG 24.SEPTEMBER

    Halvøycup lørdag 24. september kl. 11.00 


    - Minimum 5 spelarar på kvart lag (krav om minst ei jente)
    - Pris: 50,- kroner pr. spelar
    - Frist for
    påmelding: torsdag 22.september
    - Påmelding til Morten Bakken på tlf: 97948666
    eller mail til: ilhaugil@gmail.com
    eller melding på Facebook.


    Barnecup frå 5 år til 9 år.
    Den startar kl. 12.00!
    Me organiserer laga til dei minste når det startar.

  • LOPPEMARKNAD I FINNVIK

  • SOMMARMARKNAD I MARVIK

    Last ned PLAKATEN her.

  • 4H FYLKESLEIR - MELLOM SOL OG REGN

    Måndag 27. juni vart 4H Rogaland sin fylkesleir på Kjølvikstølen i Suldal kommune avslutta, etter 4 dagar med aktivitetar, underhaldning, konkurransar, kos og sosialt samvær for nesten 200 deltakarar og 100 vaksne leiarar og hjelparar.

  • KAKELOTTERI PÅ HALVØYDAGEN

    Idrettslaget HAUGIL skal ha kakelotteri og tombola på halvøydagen laurdag 2.juli, i frå kl.12.00.
    Støtt idrettslaget og KOM Å KJØP!Laughing

  • KLART FOR 4H FYLKESLEIR

    Fylkesleir 2016 - SULDAL

    4H-nemnda i Suldal kommune ønskjer velkomen til årets Fylkesleir fredag 24. – måndag 27. juni! Fylkesleiren er open for 4H-meldemmar frå 12 år og tilbyr morosame aktiviteter og masse sosialt samvær.

    Les meir om FYLKESLEIREN HER.

  • SKYTEPRØVE FOR STORVILTJEGARAR 2016

    Også i år må alle dokumentera 30 obligatoriske skot før sjølve prøven.

    Desse skota må gjennomførast over minst 2 dagar, på godkjent skytebane og dei må attesterast av eit skyttarlag.
    Skyttarlaget kan ikkje gi dispensasjon frå desse krava.

    Hebnes Skytterlag har satt av fylgjande dagar til trening og skyteprøve på skytebanen på Kalvikleite:
    OBS OBS, Forandring i tidspunkt!!
    Mai, Juni og Juli
    Fredag 27/5, 3/6 og 1/7 kl 1900-2000.
    Lørdag 28/5, 4/6 og 2/7 kl 1000-1200.
    Søndag 29/5, 5/6 og 3/7 kl 1300-1400.

    Ansvarleg 1.helg: Ingar/Ivar-André.
    Ansvarleg 2.helg: Tor Øystein/Kjetil T.
    Ansvarleg 3.helg: Hallvard/Jan Kato.
    Det blir sal av både skarpe skot og blyspiss.

    Pris:
    Skarpe skudd : Kr 150.- (20 skudd).
    Blyspiss : Kr 300.- (20 skudd).
    Medlemskontingent, treningsskyting og sjølve skyteprøven koster kr 300.- (kontant betaling).
    For dei som har skote 30 prøveskudd ved andre skytebanar, er prisen kr 200.-
    Det blir eit ekstragebyr på kr 200.- for dei som ikkje skyt på oppsatte tider.

    Hebnes Skyttarlag

  • 17. mai 2016 - program

    Velkommen til ein gild dag med 17. maifeiring på Kjølvikstølen. I år begynner me klokka 10.00, då går toget med korpset i front. Her er programmet for heile dagen:
  • INFORMASJON OM SULDALSSERIEN 2016

    Det er lagt ut informasjon og kampoppsett og køyreliste for Suldalsserien på Haugil si heimeside.
    Sjå her.

  • ÅRSMØTE I IDRETTSLAGET HAUGIL

    Årsmøte til Idrettslaget Haugil blir torsdag 14 april klokka 20.00.
    Oppe på grendahuset.

    DU er velkommenLaughing
    Mvh Anette Veen

  • MELDING OM STENGT VEG DEN 29.3.

    Melding frå AS Forskaling:
    Tysdag kveld den 29.mars, vert vegen ved Borgånå stengt grunna anleggsarbeid. Vegen vert stengt for biltrafikk frå kl.19.00, og vert opna att seinast kl.06.00 onsdag morgon den 30.3. For dei som ikkje er lokalkjende, ligg Borgånå langs den kommunale vegen som går frå Hebnes - Helland, ca 5,5 km nordover frå avkjørsla til Hebnes kai.

  • KAKELOTTERI ONSDAG FØR SKJÆRTORSDAG

    Marvik Musikkorps ønskjer alle velkomen til å kjøpe lodd i vårt kakelotteri, på Joker Vatlandsvåg, onsdag 23.mars i frå kl.11.00. Av erfaring veit me at lodda vert utselde i løpet av eit par timar, så me oppmodar alle til å ta ein tidleg handledag denne dagen.
    Tusen takk til alle de som skal bake kake(r), og til de som skal selje lodd.

    Me ønskjer alle ei rektig fin påske - og hugs høg solfaktor!

  • MEDLEMSSKAP I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

    MELD DEG INN SOM
    MEDLEM

    I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

    Grendahuset er nå organisert som  eit lag med medlemmer, i staden  for andelslag som tidlegare.
    Alle innbyggjarane på  Ropeidhalvøya med postadresse  4235 Hebnes, og som har fylt 18  år, kan vera medlemmer i  Grendahuset.
     Medlemskapet er  for tida gratis.  Det er årsmøtet, (altså  medlemmene sjølve), som  bestemmer om det skal  innførast medlemskontingent seinare. 
    Styret ynskjer at så mange som mogleg skal vera medlemmer, og inviterer  deg til å melda deg inn som medlem nå!

    I Joker butikken i Vatlandsvåg ligg det skjema som  du kan fylla ut med navn, dato og underskrift.

    VIL DU HA MEIR INFORMASJON, RING  900 52 705.

    Vedtektene finn du HER.

    Styret

  • ÅRSMØTE I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

    Innkalling til årsmøte i
    Kjølvikstølen Grendahus

    Medlemmene i Kjølvikstølen Grendahus  blir kalla inn til årsmøte

    Torsdag 31.mars 2016 kl. 2000 på Grendahuset


    Sakliste:             
    1.Opning og konstituering          
    2.Styret si årsmelding
    3.Rekneskap og revisjonsmelding
    4.Eventuelt innkomne forslag
    5.Budsjett
    6.Val

    Eventuelle saker som medlemmer ynskjer handsama på årsmøtet
    må vera komne inn til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

    Det vert enkel servering.

                                                                                                           Styret

  • KONSERT I MARVIK KAPELL

  • JENTE- OG GUTALAGSBASAR

  • KAMPOPPSETT STATKRAFTCUP

    Helga 5. og 6.mars er det Statkraftcup på Sand. 
    Her finn de kampoppsett:
    Lørdag 5.mars og Søndag 6.mars.

  • 17. mai-komiteen 2016

    I år er 17. mai på ein tysdag, og det er fridag på mandagen. Bra å runda av helga med ei skikkeleg feiring på Kjølvikstølen. Komiteen har hatt sitt første møte, og dette har me så langt klart:

  • SKIPINGSMØTE FOR GRENDAHUSET

    Minner om skipingsmøtet for Kjølvikstølen Grendahus
    onsdag 20. januar kl. 20.00.
     
    Sakliste:
    1.Opning
    2.Godkjenning av vedtekter
    3.Val
     
    Det blir servert gode kaker, kaffi og brus.
     
    Håpar du kjem!
     
    Interimstyret for Grendahuset.
  • GODT NYTT ÅR!

    Me ønskjer alle halvøybuar og besøkande eit rektig godt nytt år!
    Oppmodar alle til å sende inn ting som skjer på halvøya, eller andre stader og som kan vere av interesse for halvøybuen, til nina.ostebo(a)gmail.com. Då vil det bli lagt inn i Kalenderen. Har du ein sak du ønskjer å fortelje om? Ta kontakt så legg me det ut på nettsidaSmile 

  • DÅ ER BRUA OPEN!

    Over 1.000 personar møtte opp til bruopninga i går. Første bil over brua frå vestsida, var Johan Skryten. Han vart møtt av fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal som hadde med ein blomebukett.

    Her kan du sjå klypp frå TV HAUGALAND,
    og NRK.

  • MEIR INFORMASJON FRÅ STATENS VEGVESEN

    FRÅ STATENS VEGVESEN:

    Nytt tilbod om å bli med på opninga

    Vi har tidlegare invitert folk til å melde seg på for å vere med på opninga av fv.46 Sandsfjordbru-prosjektet 27. november. Det blir busstransport for desse frå Sand.

    Vi har stor pågang av folk som vil vere med. Etter mange gode innspel frå folk i kommunen set vi også opp busstransport frå Kjølvikstølen grendahus på Ropeid-halvøya. I tillegg vert det sett opp buss frå Lovraeidet.

    Tidspunkt for bussreise:

    - Buss frå Kjølvikstølen grendahus klokka 9.30 (bussen tar ferja frå Ropeid kl.10.15)

    - Buss frå Sand ferjekai klokka 10.45.

    - Buss frå Lovraeidet kl.10.55 (koblar seg på busskolonna som kjem frå Sand)

    Felles avreise

    Alle bussane skal køyre saman langs ny veg fram til den nye rasteplassen ved Seljevika kor det vert offisiell opning kl.11:45. Etterpå går alle tilbake til bussane, og så køyrer vi i kolonne over brua og vidare langs traseen til den nye bussterminalen på Øvrabø. Der vil kolonna dele seg, der dei fleste bussane returnerer til Lovraeidet og Sand, og dei som skal til Kjølvikstølen grendahus vert frakta dit.

     

    Det er ønskeleg at dei fleste følger bussane. Evt privatbilar som møter opp ved Tysingvatnet vert stilt opp bak busskolonna. Det vil ikkje vera anledning å komme til sjølve opningsmarkeringa via Ropeid-sida. Det vil ikkje verta åpna for allmenn ferdsel innafor prosjektområdet før «opningskolonna» er ute av området. Dette er av omsyn til tryggleiken til alle som deltar.

    Til orientering så har kommunen bestemt at elevar frå 5.-7. trinn og ungdomsskulen skal få delta. Det vert eigne bussar og opplegg for desse. Andre barn i følge med vaksne er sjølvsagt velkomne til å delta.

    Påmelding til opninga

    Send påmelding til Nora Rygg, nora.rygg@vegvesen.no eller på tlf. 992 46 657 innan fredag 20.nov.

    Her må du gi beskjed kor du vil ta bussen ifrå.

     

  • BUSS FRÅ GRENDAHUSET TIL BRUOPNING

    Me er glade for at Statens Vegvesen legg til rette for at flest mogleg skal få høve til å delta ved bruopninga den 27.november.
    No vert det sett opp buss i frå Grendahuset kl.9.30. Dei som har meldt seg på, har kanskje fått denne informasjonen allereie. Men er du usikker så ta kontakt med Nora B. Rygg hjå Statens Vegvesen, tlf: 99 24 66 57,
    e-post: nora.rygg(a)vegvesen.no.

  • SØKNADSFRIST TIL KULTURMIDLAR OG RUSFRIE UNGDOMSTILTAK ER 1.12.15

    Ropeidhalvøya Grendeutval informerer om at søknadsfristen til kulturmidlar og rusfrie ungdomstiltak, er tysdag 1.12.15.

    Skriftleg søknad kan sendast til Grendeutvalet v/leiar Torbjørg Tveita,
    e-post: torbjorg.tveita(a)suldal.kommune.no.

  • VIKTIG INFORMASJON I SAMBAND MED BRUOPNING

    Det er mange som har hatt spørsmål i samband med transporten til og frå bruopninga den 27.november. Leiar i grendeutvalet har vore i kontakt med Statens Vegvesen, og dei har følgjande ny informasjon;

    Etter opningsseremonien vil det vere mogleg å følgje buss over brua og vidare til Øvrabø og Ropeid, for å hente bilane sine der.

    Statens Vegvesen presiserar at det IKKJE vil vere høve for nokon å gå eller køyre over brua før den er opna. Dette er av praktiske og sikkerhetsmessige omsyn.

    Alle som skal vere tilstades under opningsseremonien må melde seg på til busstransport, både til og frå. Dette er veldig viktig!

    PÅMELDINGSFRIST: 18.november.
    Hugs å gje beskjed om du skal følgje bussen attende til Sand eller til Ropeid.

    Du melder deg på til Nora Rygg på e-post: nora.rygg(a)vegvesen.no eller tlf: 992 46 657.
    Ho kan også svare på andre spørsmål vedk bruopninga.

  • MERKING AV TURSTIAR

    Vil du vere med å setje opp skilt og merke turstiar på halvøya?
    Det blir møte på Kjølvikstølen Grendahus måndag 9.november kl.19.00. Der vil Elin Tjordal Haugen frå Suldal Vekst vere med og informere om Turmerkeprosjektet.
    Me fordelar turar, og utstyr til merkinga blir delt ut.

    Møte er ope for alle!

    Helge Naustvik
    Turmerkeansvarlig for Ropeidhalvøya

  • ER DU GLAD I BYGDA DI?

    Er du oppteken av å ha gode tenester på halvøynå? Er du interessert i eit variert og aktivt fritidstilbod for store og små? Vil du vere med å påverke korleis me skal ha det? 
    Det skal veljast nytt grendeutval på Ropeidhalvøya, og kanskje er det nettopp du som bør sitte der?

  • OPPSTART AV SKYTETRENING FOR 5.-10.KLASSE

    Hebnes Skyttarlag melder om at dei startar opp att skytetrening for 5.-10.klasse kvar måndag, frå og med 2.11. til og med 14.12.15.
    Skytetreninga byrjar kl.18.00.

  • RETT DATO: Haustfest i 4H

    I kulturkalenderen til Suldal kommune står det at haustfesten er tysdag 13. oktober. Dette stemmer IKKJE! Haustfesten til Grytenuten 4H er fredag 16. oktober klokka 18.30, på Kjølvikstølen som alltid. VELKOMMEN!

  • BASAR 7.OKTOBER

    Onsdag 7.oktober kl.18.00 er det BASAR på Kjølvik bedehus.
    Andakt ved Tore Harbo.
    Musikk og song ved Lars Olav Fjetland og Elisabeth Litlehamar.
    Kaffi og mat.
    ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!
    Arr: Vormestrand kvinneforening - NMS.

  • VELKOMEN TIL KJØLVIK BEDEHUS LAURDAG 3.OKTOBER

    Det vert invitert til utlodding på Kjølvik bedehus på laurdag den 3.oktober kl.15.00.

    Inntektene går til Med hjerte for India, som mellom anna driv barneheim i India.

  • HAUGIL SØKJER FOTBALLTRENAR TIL UNGDOMSTRINNET


    Idrettslaget Haugil søkjer fotballtrenar til ungdomstrinnet.

    Treningane er kvar torsdag frå kl.20.00 - 21.30.
    Interesserte bes ta kontakt med Anette Veen på telefon; 95 86 18 75.

  • Tre nye i politikken

    Møt våre nye, lokale folkevalde! Dei skal ta til på fire år i suldalslpolitikken, etter  at det noverande kommunestyret takkar for seg på tysdag som kjem. 

  • FRITIDSKLUBB ANNANKVAR ONSDAG

    Fritidsklubben startar opp att, og det vert på same tid og same stad, annankvar onsdag frå og med 16.september til og med 9.desember. Datoane er lagt inn i Kalenderen til høgre.
    Velkomen til "gamle" og nye ungdommarLaughing

  • IL HAUGIL SØKJER NY SPONSOR


    IL Haugil søkjer ny sponsor til fotballshortser.

    I 2016 skal Haugil-spelarane få nye fotballdraktar med nye sponsorar.
    Har DU/ditt firma lyst å vera på shortsen vår??

    Ta kontakt med Anette Veen:
    mobil: 95 86 18 75
    e-post: anette-veen(a)hotmail.com eller ilhaugil(a)gmail.com.

    Me gler oss til å høyra i frå deg!Laughing
  • KOM Å VER MED PÅ TUR TIL GRYTENUTEN!

    Ropeidhalvøya Grendeutval inviterer alle på tur til Grytenuten, søndag 2.august.
    Oppmøte kl.10.00 på Kjølvikstølen. Turen startar frå Østebø og endar på Kjølvikstølen. Det vert organisert felles transport frå Kjølvikstølen ut til Østebø.
    Kle deg etter veret, ta gjerne med litt klesskift, og ikkje gløym mat og drikke.

    VELKOMEN!

  • SKYTEPRØVEN FOR STORVILTJEGARAR 2015

    Hebnes Skyttarlag informerer om årets skyteprøve for storviltjegarar; 

    Også i år må alle dokumentera 30 obligatoriske skot før sjølve prøven. Desse skota må gjennomførast over minst 2 dagar, på godkjent skytebane og dei må attesterast av eit skytterlag.

    Skytterlaget kan ikkje gi dispensasjon fra desse krava.

    Hebnes Skytterlag har satt av fylgjande dagar til trening og skyteprøve på skytebanen på Kalvikleite:

     

    Fredag      17/7, 24/7 og 07/8      kl 1900-2000.

    Lørdag      18/7, 25/7 og 08/8      kl 1000-1200.

    Søndag     19/7, 26/7 og 09/8      kl 1300-1400.

    Etter kl 1400 søndag 09/8 blir det ”Skytingens Dag” og klubbmesterskap.

    Ansvarleg 1.helg: Ingar/Ivar-André.

    Ansvarleg 2.helg: Tor Øystein/Kjetil T.

    Ansvarleg 3.helg: Hallvard/Bjørn Kjetil.

     

    Det blir sal av både skarpe skot og blyspiss.

    Pris:  Skarpe skudd     : Fra kr 120.- (20 skudd).

             Blyspiss              : Fra kr 250.- (20 skudd) og oppover.

     

    Medlemskontingent, treningsskyting og sjølve skyteprøven koster kr 300.- (kontant betaling).

    For dei som har skote 30 prøveskudd ved andre skytebanar, er prisen kr 200.-

    Det blir eit ekstragebyr på kr 200.- for dei som ikkje skyt på oppsatte tider.

     

    Hebnes Skytterlag.

  • VELKOMEN TIL HALVØYDAGEN I VATLANDSVÅG DEN 4.JULI OG SOMMARMARKNAD I MARVIK DEN 11.JULI

    Laurdag den 4.juli kl.12.00, ønskjer Vatlandsvåg Handel velkomen til tradisjonell halvøydag. På FACEBOOK-SIDA til arrangementet kan me lesa at det vert lokal marknadsdag med salsboder, leiker og aktivitetar. Servering av gratis grilla laksetallerken.

    Neste helg, laurdag den 11.juli, vert det marknadsdag i Marvik. Her vert det også salsboder med div. tekstil, husflid og heimebakst. Sal av lappar, kaffi, is og brus, og utlodding. Les meir her.

    HJARTELEG VELKOMEN TIL ALLE!

  • UNDERSKRIFTSKAMPANJE FOR FERJESAMBANDET NEDSTRAND, FOLDØY, HEBNES OG JELSA

    Det er sett i gong eit privat initiativ for å behalde ferjesambandet Nedstrand, Foldøy, Hebnes og Jelsa, etter at Sandsfjordbru er opna. Dette er kva dei skriv:

    Dette er ein underskriftskampanje for å bevare nordre del av Finnøyferjesambandet til Nedstrand, Hebnes, Foldøy og Jelsa. Kampanjen er meint som eit innspel til politikarar og andre som skal ta avgjerda om korleis rutestrukturen skal sjå ut etter at Sandsfjord bru opnar hausten 2015. Vår meining er at Sandsfjord bru ikkje vil få nokon innverknad på reisemønsteret for dei som brukar dette sambandet i dag, -verken privatpersonar, næringsdrivande, skuleelevar, turistar m.fl. og at sambandet derfor vil ha same relevans som før.

    Ønskjer du å støtte initiativet, kan du signere UNDERSKRIFTSKAMPANJEN HER.

  • DÅ SKATTANE KOM FRAM FRÅ KAMMERSET!


    Ein uforglemmeleg revy! "Skattar innerst frå kammerset", hadde premiere fredag 22.mai for ca 100 betalande publikumarar. Laurdagen var den store festkvelden, og alle dei 175 billettane vart selde. 
    I ein nyoppussa storsal, med både nytt lys,- og lydanlegg, låg det meste til rette for ei bra framsyning. Forventningane var høge etter suksessen frå sist gong, og eg må seie - sjølvsagt heilt objektivt - at forventningane vart innfridde!! Etter publikum sine reaksjonar å døme, såg det ut som at det gjaldt resten av salen også. 

  • ØLMEDAL RUNDT 25.MAI

    Andre pinsedag, 25. mai 2015, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 28. gong på rad, og trekkjer nærmare 1000 trimmarar og aktive løparar til bygda.

    Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, 7 km i idyllisk kulturlandskap, som vert halde i hevd av driftige Ølmedals-bønder. Frå naturen si sida er løypa pynta med lysegrøn bjørk og mengder med kvitveis no om våren. 

  • 17. mai på Kjølvikstølen

  • G-SPORT KJEM TIL KJØLVIKSTØLEN

    Informasjon frå IL HAUGIL:
    Tysdag 19.mai kan du koma å prøve kler frå kl.18.00 - 20.00 på loftet på Grendahuset.
    Det kjem folk frå G-sport med jakker, bukser og trøyer som ungar og vaksne kan få prøva og bestilla denne kvelden.
    (du kan også få bestilla viss det ikkje høver å koma).

  • SULDALSSERIEN 2015

    Idrettslaget HAUGIL har lagt ut informasjon om Suldalsserien 2015 på heimesida si.
    Sjå IDRETTSLAGET HAUGIL.

  • UNDER OPEN HIMMEL

    Vil DU vera med og sova ute under open himmel?

    Kvar: Grasbana på Kjølvikstølen
    Når: Laurdag 2. mai frå klokka 20
    Kven: Alle folk i alle aldrar
    Pris: Gratis

    Sov i telt eller heilt ute under open himmel! Kom når som helst mellom klokka 20 og 22.30, berre du får slått opp telt før klokka 23. Grytenuten 4H serverer frukost frå klokka 7.30 til 9.00 på søndag.

    Aktiviteter laurdag:

    Flaggheising klokka 20 - Fotball i bingen - Bål til å grilla på – Leiker - Lev vel-songen og glimtet klokka 22.55.Du legg deg til å sova når du vil, men mellom klokka 23 og 07 er alle i soveposen og det er ro i leiren.

    Ta med:

    - Sovepose og liggeunderlag + ev. telt

    - Toalettsaker og vatn til å pussa tennene i ute (me kan gå inn på do, men elles gjer me alt ute)

    - Lommelykt

    - Kveldsmat

    Dette er både for medlemer i 4H – og for alle som vil! Meld deg på til 970 51 125 innan 27. april, så veit me kor mykje mat me treng.

    *Er du under 18? Då må du ha med ein forelder eller avtala med ein annan vaksen som skal vera der heile natta om at den har ansvar for deg.

  • SKATTAR INNERST FRÅ KAMMERSET

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Pssst.. Endeleg kjem dei fram, skattane innerst frå kammerset. 

    Få med deg ÅRETS revy og festkveld på Ropeidhalvøya.

    Fredag 22. mai kl. 19.00
    Billettsalg i døra fredag.
    Born kr. 50,-
    Vaksne kr. 100,-

    Laurdag 23. mai kl. 20.00
    Festkveld kr. 350,-
    Billett inkluderer matservering. På grunn av sal av øl/vin er det 18 årsgrense.

    Bindande tinging av billettar opnar 20.april. Billettar sikrar du deg ved å sende sms til tlf 928 51 056.

    Arr: Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag

     

  • KAKELOTTERI ONSDAG 1.APRIL

    onsdag den 1.april arrangerer Marvik Musikkorps kakelotteri på Kloppå og i Marvik, frå kl.10.00.
    Stikk innom og kjøp nokre lodd - kanskje er du heldig og får med deg ei god kake til påskeLaughing


  • GRATULERA TIL TORILL OG KLOPPÅ - IGJEN!

    Torill Finnvik, som arbeidar på Vatlandsvåg Handel (Kloppå), er kåra til årets Joker-medarbeider i Region vest. Og i går fekk alle som var innom Kloppå, høve til å smake på marsipankake og gratulera Torill.
    Ho er med dette ein av fire finalistar til å bli årets medarbeider i Joker nasjonalt. Kåringa skjer seinare i år, på ei landsdekkande Jokersamling på Rhodos.
    Me ønskjer Torill lukka til!

  • EARTH HOUR PÅ LAURDAG:)

    Ver med på klimadugnad! Over 160 land er med på denne symbolske handlinga som starta i 2007.  
    Slukk lyset på laurdag 28.mars, frå kl.20.30 - 21.30.
    Sjå video på YouTube her.

    Tenk på alle dei kjekke tinga ein kan gjere på, i ein time utan lys!Wink

  • INFORMASJON FRÅ HAUGIL

    NY LEIAR
    Idrettslaget HAUGIL er på utkikk etter ny leiar. Kunne du tenke deg vervet, eller kjenner du nokon som har lyst?
    Då kan du ta kontakt med Anette Veen på tlf 95 86 18 75, eller Annette Hebnes på tlf 41 56 53 26.


    ETNECUP 19. - 21.JUNI?

    Skal HAUGIL delta på Etnecup i år, eller er det andre turneringar som kan vere aktuelle? Kva meiner du? Annette Hebnes vil gjerne ha tips og innspel om dette, (sjå tlfnr ovanfor).


    ÅRSMØTE DEN 25.MARS

    Det vert årsmøte i HAUGIL onsdag 25.mars kl.20.00 på loftet på Grendahuset.
    VELKOMENSmile 

  • BLI MED PÅ LINEDANCE

    Den lokale linedancegruppa kjem med ei gladmelding; dei vil gjerne ha med fleire dansarar.

    Dei øver måndagar kl. 19.30-21.00 på loftet/grendahuset og melder at dei stadig lærer nye dansar, så det er sjans for nye interesserte å henga seg på også no. 

  • KURS I PILFLETTING

    Ropeidhalvøya bygdekvinnelag har invitert Drude Isene til å lære oss litt pilfletting. Denne gongen kan me velje mellom fuglehus og serveringsbrett.

    Kursstad: Kjølvikstølen Grendahus.

    Når: Laurdag 07.03.15, kl 10.00-15.00.

    Pris: 800 kr som inkl. matriell og lett lunsj.

     

    Bindande påmelding til Mette, tlf 92851056, snarast.

  • FRITIDSKLUBBEN:)

    Fritidsklubben er eit rusfritt tiltak for ungdom på Ropeidhalvøya. Bygdekvinnelaget er ansvarleg, ved Judith Sildelid.
    Det er fritidsklubb annakvar onsdag frå kl.19.00 - 21.30 på Kjølvikstølen Grendahus.

    Datoane for 1.halvår er:

    18.februar
    4. mars
    18.mars
    1. april
    15.april
    29.april
    13.mai
    27.mai
    10.juni

  • MØTER OG ARRANGEMENT

    Datoane for gutalag og søndagsskulen er no lagt ut i kalenderen på høgre sida.
    Alle som vil, kan få lagt ut diverse arrangement og møter som kan vere av interesse for fastbuande og andre.
    Ta kontakt med Nina Østebø på e-post nina.ostebo(a)gmail.com eller telefon 90996324.

  • SKYTETRENING FRÅ MÅNDAG 5.JANUAR

    Hebnes Skyttarlag melder om at skytetrening startar opp att måndag 5.januar. 
    Trening frå kl.18.00 for 5.-10.kl, og frå kl.20.00 for vaksne.
    Det er ikkje trening for 5.-10.kl når det er skulefri (den 26.1. og 16.2.).
    Siste skytetrening for 5.-10.kl. er måndag 23.mars og for vaksne den 30.mars.

  • NY HALVØYREVY!

    Då er det bestemt, det vert ny halvøyrevy! Ryktene fortel at målet er "å toppa heile skiten", og det lovar jo godtLaughing.
    Kva er vel ein revy utan hårete mål??


    Har du lyst å vere med som musikar eller skodespelar? Ikkje ver beskjeden, dette kan vere det kjekkaste du nokon gong har vore med på.

    Er du interessert eller vil vite meir, ta kontakt med Ole Johan Østebø eller Elisabeth Bjørkhaug, innan tysdag 13.januar.


     

     

  • NYE HURTIGBÅTRUTER

    Godt nytt år og hipp-hurra for ny hurtigbåtrute!
    Kl.05.20 frå måndag til fredag kan du no ta båten frå Hebnes med byte på Judaberg, og vere i Stavanger kl.07.05.
    No er moglegheiten endå større til å kunne jobbe eller å gå på skule i Stavanger, utan å måtte bu der. No har me også moglegheiten til å ta tidleg fly frå Sola utan ekstrakostnaden med hotellovernatting. På fredag og laurdag har me også fått ein ekstra avgang kl.23.00, som er på Hebnes kl.00.55. Då er det berre å oppmode alle om å nytte seg av tilbodet.

    Du finn dei nye båtrutene på KOLUMBUS.
     

  • ROMJULSTREFF

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterer til romjulstreff på Grendahuset søndag 28.desember frå kl.16.00 - 19.00.
    - Nissemarsj frå kl.16.00-17.00
    - Innebandy
    - Dart
    - Brettspel
    - Leiker/teiknesaker
    - Quiz

    Sal av suppe, lapper/vafler, kaffi og saft.
    Velkomen til ein hyggeeg samankome, og ein god drøsLaughing

  • VELKOMEN TIL JULETREFEST PÅ LAURDAG

    Kjølvik søndagsskule inviterer store og små til juletrefest på Kjølvik bedehus, laurdag 27.desember kl.15.00.
    Andakt, leiker, gang rundt juletre og mat.
    Du kan sjå PLAKATEN HER.

  • VELKOMEN TIL JULEGATEOPNING PÅ KLOPPÅ

    Kom i julestemning og ta turen til Vatlandsvåg Handel og julegateopning fredag 28.november kl.18.00. 
    Det vert tenning av julegrana, julesongar ved Marvik Musikkorps, graut, ein god drøs og mange gode tilbod. 

  • JULEKAKEBAKING MED BYGDEKVINNELAGET

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterer til den årlege julekakebakinga på Marvik skole, onsdag 3.desember kl.19.00. Få med deg heim 5 kakesorter på ein gang!Smile
    Meld di interesse til Turid på tlf: 400 600 97, innan 28.november. Påmelding er bindande.
    Kr.100,- for medlemer.
    Kr.150,- for andre.

  • HAR DU MEININGAR OM KOMMUNENS BUDSJETT FOR 2015?

    Rådmannen har lagt fram forslag til budsjett og handlingsplan for perioden 2015 - 2018. I Vedleggsheftet finn du skisseprosjektet til Suldal Bad, tiltak som ikkje er prioritert, og innspel frå andre.
    Politikarane skal gjere endeleg vedtak i kommunestyremøte den 9.desember

    Ropeidhalvøya Grendeutval har møte tysdag 18.november kl.19.00 på Kjølvikstølen Grendahus. Ei av sakene dei skal diskutere der, er kommunens budsjett og handlingsplan. 
    Har du meiningar om budsjettet? Du kan vere med å påverke! Gje tilbakemelding til medlemer i Grendautvalet i førekant av møtet eller til ein politikar.

  • GRENDAHUSET TRENG HJELP AV DEG:)

    Mange har sikkert fått med seg at storsalen på Grendahuset skal bli ny og fin. No er det tid for malingsarbeid, og styret inviterer til dugnad i neste veke, frå tysdag 11.november.
    Har du tid og lyst å hjelpe til? Det blir maling både på dagtid og kveldstid, så då er det berre å melde si interesse.
    Gje beskjed til Ingar kor tid du vil kome, på telefon 900 52 705, sms eller e-post: inaus(a)online.no.

  • MATLAGINGSKURS - AKSJON SUNN MATGLEDE

    Har du lyst til å lage meir mat saman med barn eller barnebarn?
    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterer til kurs som handlar om å skapa sunne matvaner i kvardagen og auke den praktiske kunnskapen om råvarer og matlaging.
    På kurset vert det fokusert på matglede og trivsel rundt mat og måltid. Kurset er for alle uansett alder og erfaring.




    TID OG STAD:
    Tysdag 11.november kl.17.30 - 20.30 på Grendahuset.

    PÅMELDINGSFRIST: 9.november.
    KONTAKTPERSON: Astri B. Øvrebø - tlf: 92 68 46 87

  • GRATULERA SUNNIVA!


    Halvøybuen Sunniva Nergård Myhre, som til dagleg arbeidar hjå Ryfylke bakeri & konditori på Jørpeland, vann i dag bronsemedaljen i NM ung Konditor 2014.

    Tevlinga har gått føre seg i Trondheim i denne veka, og i ettermiddag vart det premieutdeling i Trondheim Spektrum.
    Sunniva seier ho er utruleg nøgd med 3.plassen, og det syns me ho har all grunn til å vere! Me stiller oss i rekkja av gratulantar som har sendt helsingar til Sunniva i løpet av ettermiddagen og kvelden i dag.

    Tema for tevlinga var Grunlovsjubileet/17.mai, og bestod av fem oppgåver:

    1. Dessertkake
    2. Småkaker/petit four
    3. Sjokoladekonfekt/praliner
    4. Marsipanfigurer
    5. Showpiece


  • ÅRSMØTE I SKYTTARLAGET

    Hebnes Skyttarlag har årsmøte torsdag 30.oktober kl.19.30 på Kjølvikstølen Grendahus.
    Ordinære årsmøtesaker.

  • MARVIK SKULE DANSAR BLIME 2014

    Sjå dei flinke elevane me har på Marvik skule!Laughing
    BlimE 2014.

     

     

  • NYTT STYRE I BYGDEKVINNELAGET

    På årsmøte i oktober, vart det valt nytt styre i Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag.
    Ny leiar er Astri Bastlien Øvrebø, og kven resten av styret er, kan du lese om på sida til BYGDEKVINNELAGET.

  • FOTBALLAVSLUTNING PÅ TORSDAG

    På torsdag 23.oktober kl.18-20, vert det avslutning på årets fotballsesong, på Grendahuset.
    Alle spelarane ta med draktane sine, (i ein pose merka med namn).
    Det vert kos, mat og leikerLaughing

  • HAUSTFEST

    På fredag 17.oktober kl.18.30, inviterer Grytenuten 4H til haustfest på Kjølvikstølen Grendahus.
    Det vert utstilling av prosjekta, loddsal, underhaldning og utdeling av merke.
    Born: kr.30,-
    Vaksne: kr.60,-
    Familie: kr.180,-
    ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!Laughing

  • BASAR

    Du er velkommen til BASAR på grendahuset i morgon, laurdag 11.10.14 kl. 18.00.

    Her blir det underhaldning, mat, bildeframsyning og sjølvsagt utlodding med mange flotte heimelaga gevinstar.

    Deler av overskotet går til frukt og grønt til elevane ved Marvik Skule og ei overrasking til Kjølvikstølen Barnehage.

    Kom og drøs, treff kjende, få litt mat i kroppen, kjenn på spenninga og støtt ei god sak.

     

    Vel møtt kl 18.00, i morgon laurdag.

    Arr: Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag

  • HAUGIL TRENG PARKERINGSVAKTAR

    Idrettslaget HAUGIL har ansvaret for parkering, vakthold og utdeling av inngangsbillettar i samband med årets MØGEDALSMARKNAD, laurdag 4.oktober.
    Dei er på jakt etter fleire frivillige som kan vere parkeringsvakt. For meir informasjon, ta kontakt med Daniel Cremer på tlf:
    95 86 37 11 eller danielcremer(a)gmail.com.

  • AKSJONSKVELD PÅ MARVIK SKULE

    Tysdag 30.september kl.18.00, inviterer Marvik skule og FAU til aksjonskveld. 
    Her vert det ulike aktivitetar, underhaldning og utlodding.
    Inntektenen går til årets TV-aksjon.

    VELKOMEN STORE OG SMÅ!Laughing

  • TUR TIL MELENUTEN PÅ SUNDAG

    Idrettslaget Haugil arrangerer familietur til Melenuten på sundag 21.september.
    Møt opp på Østebø kl.11, ta på gode sko/støvler (kan vere våte parti i skogen), mat og drikke.
    Kanskje vert det også nokre skattar langs vegenWink.
    Turen høver for både store og små. Eventuelle spørsmål kan rettast til Anette Veen.

  • SØNDAGSSKULEN STARTAR OPP ATT

    Onsdag kl.17.30 startar søndagsskulen opp att med middag for heile familien, på Kjølvik bedehus.
    Etter ynskje i frå foreldra, er søndagsskulen flytta i frå søndag føremiddag til onsdag ettermiddag kl.17.30. 
    Alle datoane fram til jul, er lagt inn i kalenderen på høgre sida.
    Som vanleg vert det kaffi på kjøkkenet for far og mor.

    Velkomen!

  • KONKURRANSE PÅ FACEBOOK

    Ropeidhalvøya bygdekvinnelag deltek i Hervik sin konkurranse på facebook. Vinn Bygdekvinnelaget pengepotten i dei 3 førsteplassane vil dette gå til frukt og bær til elevane ved Marvik skule gjennom heile året. Vil du vere med å støtte bygdekvinnelaget, kan du inn og stemme kvar dag i August. Hjelp Bygdekvinnelaget med å klatre opp HER.

  • MØTE I GRENDEUTVALET 26.AUGUST

    Ropeidhalvøya Grendeutval har møte på Kjølvikstølen Grendehus tysdag 26.august.
    Blant sakene som skal diskuterast er Kommuneplanen som ligg ute til høyring.
    Alle møta i Grendeutvala er opne for tilhøyrarar.
    Sjå heile saklista ved å klikke på den aktuelle datoen på Kalenderen til høgre.

    Velkomen!

  • HAUGIL INFORMERER

    Det er med stor glede at leiar, Daniel Cremer, kan melde om at håndballgruppa i HAUGIL har fått RYFYLKE FJORDHAGE som sin hovudsponsor. Innkjøp av draktar og planlegging av turnering kan såleis starteSmile.

    PÅMINNING HALVØYCUP - Har du ikkje meldt deg på Halvøycupen enno? Då må du gjere det så snart som mogleg, det er neste laurdag, den 23.august det skjer! Ta kontakt med Daniel på telefon 95 86 37 11.

  • FELLESTUR TIL GRYTENUTEN 3.AUGUST

    Ropeidhalvøya Grendeutval inviterer til fellestur til Grytenuten søndag 3.august.
    Oppmøte kl.10.00 på Kjølvikstølen.
    Ta med mat og drikkeLaughing

  • SKYTEPRØVEN FOR STORVILTJEGARAR 2014

    Hebnes Skyttarlag har lagt ut informasjon om skyteprøven for storviltjegarar i 2014.
    Gå inn på Kalenderen i menyen til høgre for å sjå datoar og meir informasjon.

  • PÅMELDING TIL HALVØYCUP HAR STARTA

    Idrettslaget HAUGIL melder at det vert Halvøycup laurdag 23.august.
    Påmelding til Daniel på tlf: 95 86 37 11

    ANNA INFORMASJON:
    - Tur til Melenuten i septemer. Her vil det kome meir informasjon seinare.

    - Auke i medlemskontingenten. Sjå meir informasjon på HAUGIL.

  • HALVØYDAG 5.JULI OG SOMMARMARKNAD 12.JULI


    Laurdag 5.juli er det igjen tid for Halvøydag i Vatlandsvåg.
    Vatlandsvåg Handel byr på laksetallerken, aktivitetar og konkurransar. Sjå meir på VATLANDSVÅG HANDEL PÅ FACEBOOK.


    Laurdag 12.juli er det Sommarmarknad i Marvik. Her vert det salsboder, grilling, utlodding og helikoptertur.
    Sjå meir informasjon på PLAKATEN.

  • SOMMAROPE PÅ VATLANDSVÅG HANDEL

    Vatlandsvåg Handel byrjar sommaropning i dag søndag 29.juni- laurdag 9.august.



    OPNINGSTIDER:

    Måndag- fredag 9-21
    Laurdag 9-20
    Søndag 14-18

  • SOMMARUTSTILLING VED IMSLANDSJØEN

    Imsland sokneråd arrangerer salgsutstilling på Imsland bedehus av 20 akrylmålerier og akvareller som er måla av Olaug Bjelland Jacobsen. Salgsinntektene går til kyrkjelege formål.

    Utstillinga opnar fredag 11. juli kl 16.00 og går over tre helgar. På opninga blir det lettare servering og underhaldning. Olaug Bjelland Jacobsen vil vera tilstades og fortelja om bileta.

    Sjå meir informasjon på www.imsland.info.

  • Grytenuten 4H inviterer til tur


    Grytenuten 4h har ute ein søknad om å bygge gapahuk ved Grytevatnet til bruk for alle. Dei håper sjølvsagt på positivt svar av søknaden, men førebels inviterer dei alle som vil, på tur til staden der han er tenkt sett opp.
    Vil du vere med? 

     

     

    Oppstart er ved busskuret på Gryte, søndag 15. juni kl. 12.00. Ta med kaffi og niste viss du vil.

    Bildet er lånt av Wikipedia

  • BLI MED PÅ BLÅTUR

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag sin blåtur i juni, har etter kvart vorte ein tradisjon. Fredag 13.juni står nok ein blåtur på programmet - kor vert det denne gongen mon tru?

    Påmelding til Astri på telefon: 92 68 46 87 innan 8.juni.

    Pris: Kr.350,- for medlemer / kr. 400,- for andre.
    Oppmøte vert på Grendahuset kl.18.00.
    KOM Å VER MED PÅ EIN GJILDE KVELD - MELD DEG PÅ SNARAST!

  • GRATULERA MED 17.MAI

    Slik ser 17.mai programmet ut på Kjølvikstølen i år.
    Gratulera med dagen og grunnlovsjubileumLaughing

  • NYTT FRÅ IDRETTSLAGET HAUGIL

    Idrettslaget ønskjer å kome i kontakt med ungdommar eller vaksne som kan tenke seg å vere dommar på Haugil sine heimekampar. Les meir om dette, Suldalsserien, Suldalscup og sponsorjakt på HAUGIL SI HEIMESIDE.

  • MISJONSMØTE PÅ KJØLVIK BEDEHUS

    Velkomen til misjonsmøte på Kjølvik bedehus torsdag 15.mai kl.19.00.
    Taler ved Inger Johanne og Jens Stangeland.
    Anne Marie Reimer har med broderi frå Madagaskar.
    Songar av Siv og Børt Erik Ulvang.
    Varmrett og kaffi.
    Offer.
    Alle er hjarteleg velkomne!
    Arr: Vormestrand Kvinneforening

  • Record store day

    I morgon er det Record Store Day - og den blir for første gong markert på Halvøya!

    Klangkollektivet er representerte på Kloppa med vinylutsal. 

    Sjekk ut diskografien her

    Ekkolodd er blant artistane du kan kjøpe plate av. 

     

  • SØKER VASKEHJELP

    Vaskehjelp søkes for utvask av to utleieenheter på lørdager mellom kl.09.00 - 13.00, i sesongen mai til september. Utleieenhetene ligger i Finnvik.
    Er du interessert?
    Ta kontakt med Maiken på telefon 92211282.

  • VELKOMEN TIL FAMILIEGUDSTENESTE PALMESØNDAG

    Søndag 13.april vert det familiegudstenste i Marvik kapell kl.19.00.
    Alle born er velkomne til å vere med i prosesjon ved byrjinga av gudstensta - møt opp 15 min før gudstenesta byrjar.
    Påskeaktivitet for borna under gudstenesta.
    Offer til misjonsprosjektet.
    Prest er Sigrunn Hagen Arnesen.

  • INFORMASJON OM SPRENGNINGSARBEID PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Kjølvikstølen Barnehage har lagt ut litt informasjon om sprengningsarbeidet som føregår ved barnehagen i desse dagar og ei tid frametter. Du kan lese meir på HEIMESIDA til barnehagen.

  • Nytt frå Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag

    Bygdekvinnelaget inviterer til TATLEKVELD m/utloddning og enkel servering på Kjølvikstølen grendahus, onsdag 2.april kl 19.30. Kom og bli med! 

     

    Lyst å imponere venner og kjende med ei fin kake? Bli med på kurs. Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag og Kalas arrangerer kurs i kakepynting 6. april. Kontakt Astri, tlf 92684687 for meir info. Vær rask, få plasser igjen. 

     

    Alle er velkomne til å delta på Ropeidhalvøyas arrangement. For meir informasjon om Bygdekvinnelaget, les her.

     

  • HISTORISKE PERSONAR FRÅ ROPEIDHALVØYA

    I år feirer me 200-års jubileum for grunnlova vår. I samband med markering og avduking av valfullmakt i Jelsa kyrkje den 19.mars i år, fekk me høyre ei spanande historie om to menn i frå halvøynå. Lensmannen i frå Skimleim i Refsbygdå og bonden i Storstovå på Hebnes.
    Desse to var mellom dei 12 som underskreiv fullmakta, som altså i dag heng i våpenhuset i kyrkja.
    Ernst B. Drange har skrive desse orda til nettstaden vår;

  • ÅRSMØTE I HAUGIL I KVELD

    Idrettslaget Haugil melder at det er årsmøte på Grendahuset i kveld kl.20.00.

  • SKYTING MED INSTRUKTØR

    Onsdag 5.mars kl.19.30 inviterer Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag til skyting med instruktør på Grendahuset. Kaffi og litt å bite i.
    Arrangementet er ope for alle interesserte. Velkomen til ein hyggeleg kveld!Laughing

  • FAMILIESAMLING

    Laurdag 22.februar kl.16.00, inviterar sundagsskulen store og små til familiesamling på Kjølvik bedehus.
    Les meir på PLAKATEN.
    VELKOMEN TIL ALLE!

  • FAMILIEGUDSTENESTE I MARVIK KAPELL

     

     

    Familiegudsteneste i Marvik kapell, Søndag 16. februar klokka 17.00. 

     

    Utdeling av Bibel til 5. klassingane, dåp, kyrkjekaffi.

    Prest er Sigrunn H. Arnesen. 

     

    Velkommen!

  • OPPUSSING AV LOFTET PÅ GRENDAHUSET

    Loftet på Grendahuset skal malast. Tak og vegger skal no verta lyse og fine, og styret treng di hjelp! Kan du avsjå nokre timar ein eller fleire av desse datoane, så vil Stig Arild Holmen gjerne ha beskjed. Du kan ringa eller sende han ein sms til
    mobilnr. 40 41 02 93, innan 21.februar.

    - 6.mars kl.18-21
    - 7.mars kl.18-21
    - 8.mars kl.09-15
    - 9.mars kl.10-16

  • BESØK I HOBBYKJELLAREN

     

    Bygdekvinnelaget inviterar til Anne Lise Årtun sin hobbykjellar på Hagabø/Vormestrand, onsdag 5. februar kl. 19.30.

    Velkommen til kos og drøs, ta med naboen og bli med. 

     

     

     

    Har du spørsmål kan du ringe Astri: 926 84 687, eller Anne Lise: 952 53 700.

  • JENTELAGET STARTAR OPP ATT:-)

    Heidi, Britt Elin og Karin ønskjer velkomen til opningskveld for jentelaget på Kjølvik bedehus tysdag 28.januar kl.19.00-20.30. Dette er same dag og tidspunkt som gutalaget, og slik vil det bli frametter. Dette er ei gladmelding til alle oss foreldre som er i "bringe,- og hentebransjen"Laughing.
    Det er lagt opp til mange kjekke aktivitetar som mellom anna scrapbooking, spelekveld, pynting av cupcakes, kor og mykje meir.

  • AKTIVITETAR BYGDEKVINNELAGET

    AKTIVITETAR 2014, i regi av Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag.

    5. Feb: Kjellarbesøk hjå Anne Lise Aartun.
    5. Mars: Skyting.
    2. April: Arrangement på Sand i samarbeid med Sand Bygdekvinnelag.
    7. Mai: Gå på tur. 
    4. Juni: Blåtur
    3. Sept: Tatlekveld med utloddning.
    1. Okt: Årsmøte
    Nov: Damenes aften (dato kjem seinare).
    3. Des: julekakebaking.

  • EKSTRAFORESTILLING REVY

    Det blir ekstraforestilling på revyframsyninga "Utlebøen bensin og spøt" på Kjølvikstølen grendahus 18.01.14 kl. 18.00.

    Dørene opnar kl. 17.30, og det blir sal i kiosk før framsyninga.

    Pris vaksne kr. 150,- Born (u.12 år) kr. 100,- Billettar kan ein kjøpa på Kloppå, Joker Vatlandsvåg.

    Alle er velkomne, og revygjengen er igjen klare for å løfta taket på Grendahuset. 

  • HEBNES SKYTTARLAG INFORMERAR

    Måndag 6.januar kl.18.00 startar Hebnes Skyttarlag opp att innandørs skytetrening for 5.-10.klasse.
    Kl.20.00 er det skytetrening for vaksne over 16 år.

  • ROPEIDHALVØYA BYGDEKVINNELAG SINE ROMJULSAKTIVITETAR

    Ropeidhalvøya bygdekvinnelag inviterar til 

     

    NISSEMARSJ 29.12.13 kl. 16.00 frå Kjølvikstølen grendahus. Ei koselig romjulstradisjon kor både små og store kan delta. Her stiller me med gode klede og nisseluer. Små nisseborn får medaljar for å delta på marsjen, og det er også tradisjon med ei nissekåring. Bygdekvinnelaget melder om at det vil bli sal av mat, så nokre nissemyntar kan vera greie å ha med. 

    NYTTÅRSBADING 31.12.13 kl. 12.00 på Kloppå. Dette er kjempe kjekt, og alle som vil kan vera med. Her vil også bli servering av noko varmt for kroppane etter badinga. Eit dupp i fjorden må vel vera den beste måten å feira det nye året på!

     

    Fastbuande, eller romjulsbesøkande, de er alle velkomne til å delta på Ropeidhalvøya bygdekvinnelag sine romjulsaktivitetar. 

    Se også ropeidhalvøya si facebookside for meir informasjon.

  • DANIEL CREMER - ÅRETS HALVØYBU

    Me vil gratulere Daniel Cremer som vart kåra til Årets halvøybu på Luciafesten laurdag 14.desember. Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag, som har delt ut denne prisen dei siste 5-6 åra, seier at prisen i år går til Daniel for hans engasjement i Idrettslaget Haugil, kor han er både leiar og trenar, hans supre innsats for Norway Cup jentene i sommar og for dei årlege sommerfestane som han og Anne arrangerar heime hjå seg på Hebnes.
    Daniel var ikkje sjølv til stades under tildelinga, men seier at han vart svært overraska og veldig, veldig gladLaughing
    Og me er også veldig glade for Daniel og alle dei andre ildsjelene som bur her på Ropeidhalvøya!

  • JULEKONSERT I MARVIK KAPELL

    Velkomen til julekonsert i Marvik kapell fredag 20.desember kl.18.00.
    Med Åsne Valland Nordli (vokal), Nils Økland (feler), Vegard Fossum (perkusjon) og Hallvor Lillesund (trekkspill og piano).
    Les meir om konserten her.

  • KAKEBAKING

    Kva er vel ikkje betre enn å samlast i lag for å gjera ferdig nokre sorter julekaker på ein kveld? Ropeidhalvøya bygdekvinnelag samlast også i år for å baka julekaker, smaka på litt gløgg, og drøsa over kjøkkenbenken.

  • VELKOMEN TIL LUCIAFEST

    Marvik Musikkorps ønskjer velkomen til Luciafest laurdag 14.desember kl.19.00. Det vert eit tradisjonelt program og Lena Nergård er invitert til å dele sine adventstankar med oss.
    Her kan du sjå heile PROGRAMMET.

  • BIBLIOTEKET I MARVIK INFORMERAR

    Skal du ha litt godt lesestoff til jul og i romjula, er siste opningsdag for biblioteket i Marvik, tysdag 17.12.13.
    Fyrste opningsdag etter nyttår er tysdag 7.1.14.

    Opningstida er mellom kl.15.00 - 17.30.

  • ÅRETS HALVØYBU

  • SJØLVHOGST OG SAL AV PYNTEGRØNT HJÅ MYHRE JULETREGARD

    Hjå Myhre Juletregard på Hebnes kan du hogge ditt eige juletre. Dei sel også pyntegrønt som kransar av kristorn, gran og einer, dørpynt og kristornbukettar.
    Ta kontakt med Lena på telefon 938 18 176.

  • LANSERING AV BYGDEBOK FOR JELSA, BIND II

    Måndag 2.desember kl.19.30 vert det ope møte på Kjølvikstølen Grendahus.
    Program:
    - Overrekking av boka til ordføraren
    - Bygdebokskrivar Ernst B. Drange fortel om arbeidet med boka
    - Korpset spelar
    - Sal av mat og kaffi
    VELKOMEN!

  • JULEKAKEBAKING

    Velkommen til julekakebaking på Marvik skule 4. des kl. 19.00. Påmelding til Lena Nergård på sms: 938 18 176 innan 2. des. Kr. 50 for medl, kr. 100 for ikkje-medl.

    Få unna 4-5 sorter på ein kveld i sosialt lag med gløgg og drøs. Ta med: kjevle, kakeboksar og forklé. 

    Vel møtt! 

  • GRAUTFEST OG JULETRETENNING

    På fredag 29.november kl.18.00, blir det "julegateopning" på Kloppå, Joker Vatlandsvåg. Gjer helgahandelen og få servert graut, saft, julekaker og korpsmusikk. Då kjem du garantert i den rette julestemninga.

  • STÅANDE APPLAUS!

    Revyframsyninga Utlebøen bensin og spøt fekk ståande applaus på Kjølvikstølen Grendahus laurdag kveld. Med fullsett sal kom høgdepunkta som perler på ei snor, strålande akkompagnert av dyktige musikarar, og nitti minutt forsvann som ein vind. Etter framsyninga var det tid for god mat og drikke, og mingling og dingling som det stod i programmet. Dagen derpå sitt me igjen med ei god kjensle av at dette var bra for både kropp og sjel. Skodespelarar, revyband, tekstforfattarar og komitè har all grunn til å vere stolte, dette vil me ha meir av!

  • Festkveld 23.11

    Nedtellinga er starta til det brakar laust med revy på Kjølvikstølen laurdag. Arrangørane minner om at det ikkje er lov å ha med medbragt drikke, men at alle kan kjøpe drikke i baren med KONTANTAR, så hugs lommeboka denne kvelden. Baren vil vera open før og etter forestilling. 
    Minner også om at det her diverre ikkje er opent for andre å komma på festen seinare.

  • JA ELLER NEI TIL BASSENG?

    Kva meiner du? Bør Suldal kommune spandere på seg eit nytt symjebasseng, eller klarer me oss godt utan? På onsdag den 20.november kl.20.00 kan du høyre politikarane diskutere dette i Kjedlaren på Suldal Hotell. Då stiller Arbeiderpartiet og Høgre som begge har flagga ja til basseng, og Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti som nok er meir lunkne til heile idèen.
    Har du noko du ønskjer å spørje om?
    Ta med deg andre halvøybuar og møt opp, og la dei folkevalde høyre di meining!

  • MARVIK MUSIKKORPS TRENG EI HJELPANDE HAND

    Marvik Musikkorps treng hjelp på kjøkenet ved årets Luciafest laurdag 14.desember. Har du tid og lyst så kan du ta kontakt med Sonia på telefon 97 66 41 84.

  • GYMSALEN PÅ GRENDAHUSET ER STENGT I VEKE 47

    Idrettslaget Haugil melder om at gymsalen er stengt for all trening i veke 47 grunna øving til revy.

  • MITT LIV - MINE VAL

    Folkeakademiet Suldal inviterer til talkshow på Kulturhuset måndag den 18.november kl.19.30. Her skal fire suldøler prata om foreldrerolla, kva dei har gjort, kva val dei har tatt og kva dei tenker om framtida. Me oppmodar spesielt alle halvøybuar til å ta turen denne kvelden - Lena Nergård i frå Hebnes er ein av dei fire suldølaneLaughing

  • HAR DU TURBILETE?

    Ryfylkeguiden og Suldalsbrosjyra treng bilete i frå turar på Ropeidhalvøya, (Grytenuten, Fjetlandsnuten, osb). I tillegg vil dei også gjerne ha bilete av folk på sykkeltur på halvøya.
    Så då oppmodar me alle om å ta ein kikk igjennom bildearkivet sitt og sende aktuelle bilete til: joker.vatlandsvag@ngbutikk.net, eller på minnepenn til Kloppå.
    No har me eit godt høve til å profilere Ropeidhalvøya i populære publikasjonar!

  • TID FOR Å BETALE HAUGIL-KONTINGENTEN

    Alle som er med på aktivitetar gjennom Haugil må betale kontingent. Desse aktivitetane er;
    - Fotball i frå 1.klasse til vaksen
    - Aktiviteter i ballbingen
    - Dametrim
    - Trening i treningsrom (kr.100,- i tillegg)
    - Halvøycup
    - Turar
    Les meir om kontingentprisar og betalingsinformasjon på IDRETTSLAGET HAUGIL.

  • PIZZAKVELD OG UTDELING AV POKALAR

    På fredag den 8.november inviterer Haugil alle fotballspelarane til pizzakveld, utdeling av pokalar og leiker. Frå kl.19.00 - ca 20.30 på Grendahuset.

  • INVITASJON FRÅ BYGDEKVINNELAGET

  • FAMILIE FRÅ ISLAND SØKJER PLASS Å BU

    I førre veke blei nettstaden kontakta av Eva og Arnar Geir i frå Island som ønskjer å flytte til Ropeidhalvøya. Arnar Geir har søkt ein jobb her og dei er på utkikk etter hus/hytte/leiligheit for leige. Familien har 4 born i alderen 18 månader - 10 år.
    Det hadde vore utruleg kjekt å hjelpe denne familien til å kunne busette seg på halvøya, og dei kunne blitt ein stor ressurs for halvøybuen. Arnar Geir har jobberfaring både i frå havbruk og jordbruk.
    Har du hus/hytte/leiligheit til leige så kan du ta kontakt med dei; skrive ein epost på norsk til: ebbajons@gmail.com eller ring 00 354 8665177.

  • REVY

    Nytt frå arrangørane av Festkveld med revy og matservering 23. november: 

    – Festkvelden er no fullbooka, og fleire står på venteliste. Med påmelding er det gjester som har spurt om det er mogleg å avbestille dersom det viser seg at ein ikkje får nytta billettane. Dette kan ein gjera då me framleis har gjester på venteliste, men me ber då om at de avbestiller innan 2. november. Om ikkje de avbestiller må me diverre sende faktura, så vår oppmoding er altså: hugs dato for avbestilling. 

    Dette er SÅ kjekt, alle involverte gler seg skikkelig! 

    Helsing frå arrangørane.

  • MARVIK MUSIKKORPS ER 35 ÅR I ÅR!

    Marvik Musikkorps er 35 år i år, og me gratulerar!
    Dei har lagt ut informasjon om kva som skjer av aktivitetar i haust. Få med deg alt på MARVIK MUSIKKORPS.

  • HAUSTTAKKEFEST

    Sundag 20.oktober kl.16.00 er det hausttakkefest i Marvik kapell. Det vert utdeling av bok til 4-åringane og offer for dagen går til Sambolabo. Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag står som vanleg for pynting av kapellet og ordnar med grønnsaker og frukt som skal delast ut etter gudstenesta.

  • Aksjonkveld på Marvik skule

    Marvik skule inviterar alle til Aksjonkveld onsdag 16.oktober kl.17.30.
    Sjå meir informasjon på MARVIK SKULE.

  • REVYLAGET PRESENTERAR


    Revyen "Utlebøen bensin (og spøt). Ein revy av, med og for bygda".

    Ei hjarteleg skildring om livet på Ropeidhalvøya etter Sandsfjord bru står klar i 2015.

    Sjå meir informasjon på PLAKATEN.

  • BLI MED HAUGIL PÅ TUR TIL FJETLANDSNUTEN

    Idrettslaget Haugil inviterer alle som vil vere med på tur til Fjetlansnuten, søndag 29.september. Turen startar i frå Fjetland kl.11.00 og tek ca. fire timar opp og ned. 
    Vermeldinga ser bra ut og me har høyrt at det kanskje dukkar opp ei overrasking langs stien!? Turen høver for alle.

    Ta med mat, drikke og godt humørLaughing
    Kontaktperson: Anette Veen

  • VÅTT PÅ ÅRETS SULDALSCUP

    Det vart ein skikkeleg våt dag for fotballspelarane på årets Suldalscup. Tradisjon tru vil kanskje nokon seie?
    Men dette sette absolutt ingen stoppar for hverken humør eller innsatsvilje hjå Idrettslaget Haugil som stilte med tre lag; miniknott, knott og lilleputt.
    H
    er kan du sjå lagbileta og resultata.

  • REVYLAGET SØKJER SKODESPELAR

    Har du eit ønske om å vera med å spela på festkveld 23.november? Då er det DEG revylaget leitar etter. Ta kontakt med Elisabeth på 98494300. 

  • BIBLIOTEKET I MARVIK INFORMERAR

    Linn Frafjord Jelsa ved biblioteket i Marvik informerar om at biblioteket held stengt tysdag 24.september grunna kurs. I haustferien held biblioteket ope som vanleg, frå kl.15.00-17.30.

  • INNSAMLING TIL ROMANIA

    Hugs innsamling til Romania - klede, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, leiker og stoff. Kan leverast i garasjen hjå Wenche og Arne Johan i Kjølvik før 13.september. Kr. 40,- pr. kolli.

  • EIN NY HALVØYBU ER FØDD

    Me gratulerar Ivar Andrè og Heidi Naustvik med vesle Ingeborg som vart fødd fredag 30.augustLaughing

  • GRENDEMØTE OM KOMMUNEPLANEN

    Noverande kommuneplan skal reviderast og arbeidet er i gong. Kommunen inviterar til grendemøte på Kjølvikstølen Grendahus onsdag 4.9. kl.19.00.
    Der vil ein mellom anna sjå på innspel som er kome og ta med nye innspel vidare. Har du noko du ønskjer å spørje om, vil diskutere eller rett og slett berre høyre på, så møt opp!

  • HALVØYCUP LAURDAG 7.SEPTEMBER

    Idrettslaget Haugil melder om at årets Halvøycup blir på laurdag 7.september.
    Påmelding av lag til Daniel Cremer på tlf: 95863711, innan fredag 6.9.
    Einskildspelarar kan melde seg laurdag morgon og få tildelt eit lag.
    Det vert offisiell opning av ballbingen.
    Halvøycupen startar med turnering med blanda lag av miniknott og knott, kl.10.00.
    Ta med ein god stol og hei på ditt favorittlag!
    VELKOMEN TIL ALLELaughing

  • VASKEJOBB PÅ GRENDAHUSET

    Det er no ledig vaskejobb på Kjølvikstølen grendahus.

    Ta kontakt med Sissel Vatland på tlf: 952 00 894. 

  • Tilbakeblikk på Norway Cup

    Haugil J15-16 har vore med på sommarens vakraste eventyr, Norway Cup 2013. Her kan du sjå kva dei sjølve tenkjer tilbake på med mest glede!

  • EI VEKE TIL SKULESTART

    I dag er det ei veke til skulestart i Suldal. Det blir ein mjuk start med 2 dagar på skulen og så nokre dagar fri.
    Og til alle dykk ungdommar som skal byrje på vidaregåande skule - lukke til!
    Her finn du SKULERUTA for Suldal.

  • IDRETTSLAGET HAUGIL PÅ NORWAY CUP

    Les om Haugil-jentene på Norway Cup i Haugesunds Avis.
    Me kjem attende med meir stoff og bilete i frå turenSmile.

  • SKYTEPRØVE FOR STORVILTJEGERAR

    Hebnes Skyttarlag har sett av følgjande dagar til trening og skyteprøve:
    Fredag 2. og 16.august kl. 19.00-21.00
    Laurdag 3. og 17.august kl.10.00-12.00
    Sundag 4. og 18.august kl.13.00-14.00
    Sundag 18.8 i frå kl.14.00 blir det "Skytingens Dag" og klubbmesterskap.

  • GEOCACHING PÅ ROPEIDHALVØYA

    Me har tidligare skrive om den populære fritidsaktiviteten Geocaching. Det ligg no fleire cacher på Ropeidhalvøya - har du lyst til å finne dei? Dette er ein aktivitet som heile familien kan gjere saman og så er det spanande å sjå kor mange cacher ein klarar å finne. Det finst cacher rundt omkring i heile verda, så når du er på ferie i Spania eller Danmark, eller kor som helst, så er det berre å samle så mange cacher du kan.
    Les meir her om korleis du kjem i gong med Geocaching.
    PS: Det er i løpet av dei siste dagane lagt ut ein cache i nærleiken av startpunktet til ein av dei merka fjellturane på halvøya - kanskje blir du den fyrste som finn denne og får med deg First to Find sertifikatet?
    Lykke til!Laughing

  • SOMMARMARKNAD I MARVIK

    Marvik Båtforening inviterar til sommarmarknad i Marvik laurdag 13.juli i frå kl.11.00 - 16.00.
    Her blir det salsboder, mat, utlodding og mykje meir.
    Sjå meir informasjon på PLAKATEN.
    VELKOMEN!

  • HALVØYDAG LAURDAG 6.JULI

    Velkomen til Halvøydag på Kloppå (Joker Vatlandsvåg), laurdag 6.juli kl.12.00.
    Dette er ein populær dag for både fastbuande og besøkande. Me anbefalar at du tek turen og smakar på lokalprodusert laks og får med deg gode tilbod av ulike slag. Me kan tipse om både kakelotteri og legokonkurranse.
    Klikk deg inn på PLAKATEN og sjå alt som skal skje.

  • LIV I LEIREN

    Duskedamer

    Det var friskt på halvøya då 200 ungdommar frå 4H testa ut sine eigne grenser i helga.

  • HAUGIL PÅ ETNECUP 2013

    Idrettslaget Haugil stilte med 3 lag på Etnecup i år, Kl.1 G9, Kl.4 G11 og Kl.7/8 J12-14.
    Ei triveleg helg med fotball og fleire andre aktivitetar som kino, zumba og skumparty, for å nemne nokre.
    Jentelaget som skal til Norway Cup seinare i sommar gjorde det særs bra, dei vann 5 kampar og spelte ein kamp uavgjort!








  • VELKOMEN TIL 4H FYLKESLEIR PÅ ROPEIDHALVØYA!


    I morgon brakar det laus på Kjølvikstølen. Då opnar Fylkesleir 2013 og det er eit spanande og fullspekka program heile helga. Er du interessert i å sjå kva dei skal finne på? Då kan du laste ned både leirhefte og program her.

    Me ønskjer til lukke med arrangementet og at det blir minnerike dagar for både unge og vaksne.

  • REFERAT FRÅ BLÅTUR

    Onsdag 5.juni var Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag på blåtur. Og turen enda på.........Sand og hjå Terje på KULP!
    Oppdrag: Korleis lage kanapèarLaughing
    Me tenkte me ville dela opplevinga med dykk gjennom nokre bilete. Samstundes vil me takke Terje og Bert som tok vel imot oss, og gav oss ein kveld me vil hugse lenge. Dette kan anbefalast!

  • MONTERING AV BALLBINGEN

    I dag vart ballbingen på Kjølvikstølen montert av 6-7 driftige mannfolk. Dei var særs effektive og i løpet av 6 timar var jobben gjort! Terje i frå Scansis trudde aldri han hadde sett ein ballbinge kome opp så raskt før.
    Ein stor takk til alle som var med i dag.
    No gjenstår berre fastsveising og opprydding/soping.
    Forutan fotball, kan ballbingen brukast til både handball, basketball og volleyball.
    Klikk Les mer og sjå fleire bilete i frå monteringa.

  • PENGEGÅVE TIL MARVIK MUSIKKORPS

    Sparebankstiftelsen Sauda deler ut ein og ein halv million kroner til lokale lag og prosjekt i Sauda og Suldal.
    Marvik Musikkorps har fått kr.40.000 av desse pengene.
    - Me er utruleg glad for denne pengegåva og dei skal brukast til innkjøp av uniformar og instrument, fortel Sonia Stead Lie, leiar i Marvik Musikkorps.
    Sparebankstiftelsen vil dele ut penger kvart år i åra framover og oppmodar lag og foreningar om å søke.

  • BLÅTUR

     

     

     

     

     

     

     

     

    Kunne du tenkje deg å gjera noko heilt anna ein vanleg onsdag, 5. juni? Ropeidhalvøya Bygdekvinnelags BLÅTUR står for tur! Dette blir sjølvsagt spennande, lærerikt og smakfullt, og du er velkommen til å krydra denne onsdagen med eit litt annleis innhald enn kva me er vane med. Både medlemmar og ikkje-medlemmar er inviterte. Meir informasjon finn ein ovanfor.

  • MADAGASKARKVELD PÅ KJØLVIK BEDEHUS

    Vormestrand Kvinneforening inviterar til Madagaskarkveld på Kjølvik bedehus fredag 7.juni kl.19.00.
    Sigrunn og Martin Ivar Arnesen vil fortelja og visa bilete i frå Madagaskar.
    Varmrett og kaker i frå Madagaskar.
    Song av fleire jenter og offer til NMS.
    ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!

  • HEBNES FERJEKAI STENGT 28. MAI

    Statens vegvesen stenger Hebnes ferjekai for all trafikk tysdag 28. mai frå kl. 11.00-24.00. Kaia blir stengt fordi det skal settas opp ny ferjekaibru.

    Siste anløp før stenging: Bilferje 28. mai kl. 10.30.
    Første anløp etter stenging Hurtigbåt 29. mai kl. 07.55.

  • 4H ØNSKJER GAMLE BRANNSLUKKINGSAPPARAT

    På FB-veggen til Ropeidhalvøya, kan me lese at Grytenuten 4H ønskjer gamle brannslukkingsapparat til Fylkesleiren.
    Har du eit som er "utgått" på dato?
    Kontakt Kirsti Skogen på tlf: 97 02 22 10

  • TOMFLASKER?

    Haugil-jentene vil framover samle inn tomflasker for å få penger til Norway cup. Har du flasker å avsjå, kjem jentene rundt disse datoene: 25.mai, 15.juni og 20 juli.

  • PROGRAM FOR 17.MAI PÅ ROPEIDHALVØYA

    PROGRAM

    09.15: Gudsteneste
    10.00: Tog
    10.45: Kappspringing
    11.30: Middag
    12.30: Leiker
    13.30: Korpskonsert
    14.30: Tale for dagen v/Geir Hellerslien
    15.30: Premieutdeling
    16.00: Avslutning

  • KAKEUTLODDING

  • VERDAS AKTIVITETSDAG 10.MAI

    Aktivitetsdagen blir i to etappar, vi håper du vil vere med på begge:

    1. Det blir kvardagstrim på grendahuset fredag 10.mai kl.18.00. Borgny og Anette skal gi oss nokre enkle og gode øvingar for å få fart på blodomløpet. Du kan ta det i det tempoet du vil!

    2. Etter trimmen oppmodar vi alle til å gå i samla flokk til bedehuset, der det er 100-års markering for Kvinnesambandet, med fest og basar kl.19.00. Sidan det er Verdas aktivitetsdag høver det godt å parkere bilen på grendahuset og gå til bedehuset. Hadde du ikkje tenkt deg på basar, kan du jo ta det som ein fin avslutning på trimmen.

  • FISKETUR I FISKEVER

    Kjølvikstølen barnehage har vore på fisketur til Grytevatn, og dei hadde fiskelukka med seg!
    Les meir og sjå bilete frå turen her.

  • SØNDAGSSKULEAVSLUTNING

    Søndagsskulen inviterar til søndagsskuleavslutning på Kjølvik bedehus, søndag 5.mai kl.12.00.
    Det vert søndagsskuletime, leikar og middag.
    Heile familien er hjarteleg velkomne!

  • BYGDEKVINNELAGET INVITERAR

  • KONSERT

    Sist konsert vart avlyst, no kan ein på nytt få med seg denne Klassiske konserten av Distriktsmusikarane.

    Distriktsmusikarane ynskjer velkommen til konsert i den praktfulle akkustikken i Marvik Kapell tysdag 7. mai kl. 19:30.

    Program:

    Haydn: G-dur trio "Sigøyneren"

    Händel/Halvorsen: Passacaglia

    Schubert: B-dur trio op. 100

    Dvorak: Dumky trio

    med Xenia Berkova, Kjetil Ree-Pedersen og Veerle Omer Tieghem.

  • HAR DU LYST Å SPELE I KORPS?

    Då kan du ta turen til Grendahuset i kveld, (22.4.), i frå kl.19.15. Marvik Musikkorps har rekrutteringskveld og alle som vil vite litt meir om korpset - ja kanskje til og med prøve eit instrument - er velkomne innom. Korpset serverar minikonsert, drikke og noko å bite iSmile. VELKOMEN!

  • TRENG DU HJELP I HUS ELLER HAGE?

    Idrettslaget Haugil har eit jentelag som skal vere med i Norway Cup i sommar. Det er ikkje kvart år dèt skjer for å seie det slik!
    Jentene må tene seg pengar til turen, og du får høve til å få utført diverse arbeid.
    Fram til sommaren kan dei hjelpe deg med enkelt arbeid i hus, hage og anna.
    Ring Camilla Tobekk, 48 20 24 25,
    eller Daniel Cremer, 95 86 37 11.

  • HALVØYKALENDEREN (2)

    Eit godt bilete seier meir enn tusen ord!
    Me syntes det var på tide å ta denne fram igjen:
    presentasjonen av Ropeidhalvøya-kalenderen 2012.

  • MARKERING AV KVINNEDAGEN

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Alle Ropeidhalvøyas kvinner og menn er på "kvinnedagen" inviterte til 8. mars arrangement i Suldal kulturhus.

    Program:
    18.00- Solidaritetsgudsteneste i Sand kyrkje.
    19.00-Kaker og kaffi på kulturhuset.
    19.30- Program: Innslag av dans & drama, markering frå Suldal kommune, innlegg av Amnesty, kinoframsyning "Kroppen min" ein film av Margreth Olin. 
    Ynskjer du å vera med i neste års 8. mars komite`, ta kontakt med Elisabeth Bjørkhaug på tlf: 98494300.

  • EIT UTRADISJONELT VAL

    Margarita Sildelid i frå Vatlandsvåg reiste i fjor til USA for å gå 10.klasse på ein amerikansk skule.
    Me var litt forvitne på korleis dette har gått og korleis ho har hatt det, etter litt over 6 månader "over there".
    Her kan du lese INTERVJUET.

  • GLIMT FRÅ BARNEHAGEN

    Er de forvitne på kva born og vaksne finn på i Kjølvikstølen barnehage?
    Ta ein kikk på det dei har gjort denne vekaSmile.
    God helg!

  • BYGDEKVINNELAGET SIN ÅRSPLAN

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har lagt ut årsplan for 2013 og dei har mykje på "tapetet"!
    Sett av fyrste onsdagen i månaden om du vil vere med på skyting, "tatlekveld", blåtur, kurs og mykje meir.
    Du finn heile årsplanen på sida til BYGDEKVINNELAGET.

  • 17.MAI KOMITEEN SKAL HA MØTE

    17.mai komiteen skal ha møte på Grendahuset måndag 28.januar kl.20.00.
    Sakliste:
    - Gjennomgong av fjoråret
    - Val av leiar, nestleiar, kasserar og skrivar
    - Inne/utekomitè med leiar
    - Forslag til talar
    - Forslag til program
    - Val ev leiker
    - Innkjøp av mat/premiar

    For spørsmål, kontakt Anne Margrete Høie, mobil 99583452

  • NYTT ÅR, NYE MOGLEGHEITER!

    Nytt år, nye moglegheiter. Då det ofte er den aktive delen me fokuserar på i januar månad har me samla ei oversikt over nokre treningstilbod på Ropeidhalvøya HER. Informasjona er innhenta frå Idrettslaget Haugil. Ein kan finna nærare informasjon ved å klikka seg inn på lenka til Haugil. Lukke til!

  • REVY MØTE

    Me vil minna om "Myldremøte" ang. REVY på Grendahuset no onsdag kl. 19.30. Kan du bidra i kulissane eller på scena? Det trengs hjelp til så mangt, og ikkje minst idear for å i det heile tatt realisera revyen. Så vil og kan du bidra me kva som helst er du hjarteleg velkommen på onsdag! Dette er ein revy som blir "sparka i gang" av bygdekvinnelaget, men der slutter også bygdekvinnelagets innsats. Dette blir folkets revy, og du er velkommen anten du er bygdekvinne eller bygdemann! Onsdag kl. 19.30 på Grendahuset! Vel møtt.

  • NYTTÅRSBADING 2012

    Nyttårsbadinga for i år er unnagjort. Det var nokre tøffe nyttårsbadarar som heiv seg ut i fjorden i dag. På bildet er Eirik Naustvik på veg opp igjen etter eit forfriskande bad. Fleire bilete kan ein sjå på "halvøysida" på facebook.

    Me vil med dette ynskje alle våre lesarar eit Godt Nytt År!

  • GOD JUL!

    Snart ringes julen inn og snøen kom dalande i natt, til glede for mange!
    Me ønskjer dykk alle ei fredeleg jul og eit godt nytt år.

  • JULEGLEDE PÅ ROPEIDHALVØYA.

    Ropeidhalvøya er så heldig å ha masse flotte folk i sving med eit mål om å skapa trivnad i bygda. Anette Veen er ein av dei, og fekk i år utdelt juleglede frå Suldalsposten. Dette på bakgrunn av stor innsats som trenar i sirkeltrening tross i at ho er travel småbarnsmamma. Dette gledar ropeidhalvoya.com også, og me hiver oss på gratulasjonane. Me set pris på deg og arbeidet ditt Anette.

  • NYTTÅRSBADING

    Kunne du tenkja deg ein dupp i fjorden på nyttårsafta? Sjå meir HER!

  • JULEKAKENE I BOKS!

    For 4.året på rad inviterte Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag til julekakebaking på skulen forrige onsdag.
    12 bakeklare
    og glade damer møtte med forklede, kjevle og tome kakeboksar.
    Etter eit par timar var boksane fylt opp med ulike julekaker, og det var tid for smaksprøvar, gløgg og drøs.

  • LUCIAFEST

    Laurdag 15. desember kl. 19.00 inviterer Marvik Musikkorps til Luciafest på Grendahuset.
    Det blir Luciaopptog, underhaldning av kulturskule-elevar, korps-konsert, middag, kaffi & kaker og utlodning.
    Ta med heile familien og kom!

  • ADVENTSFEST DEN 1. OG 7.DESEMBER

     

    Me vil informera om at det er adventsfest både fyrstkomande laurdag den 1.desember og neste laurdag den 7.desember.

  • DUGNAD FOR BALLBINGEN

    På fyrstkomande laurdag 24.november inviterar Idrettslaget Haugil til dugnad.
    Det er ballbingen som står på programmet og du kan kome i frå kl.09.00 og utover dagen.
    Dei treng hjelp til å planere grunnen og til andre småting. Ta med deg ei grafse viss du har.
    Kaffi og noko å bite i. Velkomen!Smile

  • GRATULERER

    I laurdagens utgåve av Suldalsposten kunne me lesa at årets kulturpris gjekk til Wenche og Arne Johan Kjølvik. Ropeidhalvoya.com gratulerer så mykje med vel fortent pris.

  • REVY

    Endeleg etter mykje snakk inviterer Ropeidhalvøya bygdekvinnelag til myldrekveld for å "lodda" stemninga angåande REVY.

    Kan du bidra med: manusskriving og gode idear, dans, musikk, eit skjult talent, halvøyas beste humor? Går du rundt med ein skodespelar i magen, syng du i dusjen eller dansar på låvebrua, eller er du rett og slett berre forviten på kva dette er? Ide`ane er velkomne til å rulla inn, me drar fram den hysteriske humoren og håpar DU er ein av dei som vil bidra på Grendahuset til myldrekveld onsdag 9. januar kl. 19.30.

    For spørsmål kan ein sjå meir informasjon HER eller kontakta Elisabeth Bjørkhaug på tlf: 98494300 eller e-mail: ebjorkhaug@gmail.com

    Vel møtt!

  • FORUT KAFÈ I BARNEHAGEN

    Tysdag 27.november i frå kl.15.00 - 16.30 blir det Forut kafè i Kjølvikstølen Barnehage.
    Det blir "salsmesse", og mykje meir til inntekt for FORUT sitt barneprosjekt i Malawi.
    Sjå meir informasjon på PLAKATEN.
    Alle er velkomne!

  • NOVEMBER

    Mørke, kalde november er her - då er det ekstra kjekt å ta ein kikk på det flotte bilete av både mannfolk og fisk i Sterling White Halibut - månadens kalenderbilete!


    "Heimatt til ansvar for bygdeliv,
    for trivnad og framgang og til nytt driv".

  • OPE BIBLIOTEK I MARVIK

    Om nokon skulle vere i tvil - biblioteket på Marvik skule er ope for alle kvar tysdag i frå kl.15.00 - 18.00Smile.
    Du er velkomen til å sitte å lese i sofakroken, slå av ein prat med ein sambygding eller få hjelp av bibliotekaren til å finne gode bøker.
    VELKOMEN TIL BÅDE STORE OG SMÅ!

  • TING Å GJERE PÅ I HAUSTFERIEN

    Her er nokre tips til kva du kan gjere på i haustferien:
    Ta deg ein tur på kino, eller bowling.

    Ryfylkemuseet har ope Kvitebjørnutstillinga med forteljarstund kvar dag.
    Kafébesøk på Sand. Her finn du både Fargeriet Kafe, Lille Sand på Garaneset og Ryfylkemuseet. Kulp har stengt.
    Lån deg ei bok på biblioteket eller ta deg ein drøs med naboen.
    Prøv fiskelukka på fjorden, leit etter sopp i skogen eller lag den kaka som du elles aldri har tid til...
    Ta ein kikk i Kva skjer på nettstaden, her er litt av kvart, både trim, gutalag, frisør, basar, kafé og nattverd.


  • VELKOMEN OKTOBER!

    Me ønskjer oktober velkomen med kalenderbilete som syner Sven Sildelid og 2 av kopplamma på Gryte.
    Kva tenker han på mon tru?
    Og her kjem resten av teksten i frå septemberbilete;
    "..er at røtene eingong dei heimatt hentar".

  • MUSIKKORPSET INFORMERAR

    Marvik Musikkorps har fleire aktivitetar i løpet av hausten, og forutan dei faste øvingane kvar måndag er det planlagt;
    - Minikonsert ved opninga av Kulturhuset sitt 10-års jubileum, torsdag 20.september
    - Sundagskafé 11.november
    - Luciafest laurdag 15.desember
    - Speling i kapellet på julaftan

  • SULDALSCUPEN UTSETT TIL 29.SEPTEMBER

    IL Sand melder om at Suldalscupen 2012, som skulle vere no på laurdag den 15.9., er utsett til 29.9. grunna banetilhøva.
    Les meir på IL Sand sin nettstad.

  • SUNDAGSSKULEFRUKOST

    Kjølvik sundagsskule startar nytt sundagsskuleår og heile familien vert invitert til frukost på Kjølvik bedehus sundag 9.september kl.10.00.

    "Etter mat vil vi ha noko informasjon om søndagsskulen.
    Det blir anledning til å gi ei gåve til søndagsskulen.

    Vi avsluttar samværet med ein liten søndagsskuletime.
    VEL MØTT HEILE FAMILIEN!
    Helsing Kjølvik Søndagsskule
    Wenche og Astrid."

  • ENDRING AV SKULESKYSS

    Suldal kommune informerar på sine nettsider at det blir endring i skuleskyss på Ropeidhalvøya i frå og med måndag 17.september.
    Gjeldande skuleskyss vert då:
    07.55: Østebø
    08.25: Marvik


    For bussen som køyrer ungdomsskuleelevane til Sand, vert gjeldande bussrute:
    08.15: Marvik
    08.20: Solland

  • INNSAMLING TIL ROMANIA

    Siste frist for å levere inn sekker og øskjer til Romania i denne omgang, er laurdag 6.september, i garasjen til Wenche og Arne Johan Kjølvik.
    Klede, sko, ulltepper, sengklede, kjøkkenutstyr, garn, stoff, leiker med meir, kan pakkast i doble sekker eller øskjer.
    Ikkje for tunge kolli.
    Fraktpenger: kr.40,-/kolli.

  • ATTLATNE KLEDE PÅ GRENDAHUSET

    Saknar du klede? Kanskje ligg dei attlatne på Grendahuset?
    onsdag 5.9. mellom 20.00 - 20.30 kan du ta turen til Grendahuset for å sjå om du finn dei der.
    Alle klede som ikkje vert henta denne veka, vil bli levert til Romania-innsamlinga.

  • SIRKELTRENING

    Sirkeltrening med Borgny Haug startar opp att på onsdag 5.september kl.18.30.
    Alle noverande og komande medlemmer i Idrettslaget HAUGIL er velkomne!
    Er du ikkje medlem, finn du informasjon for å melde deg inn her.
    Ta med gode sko, liggeunderlag og vatn.

  • SEPTEMBERBILETE

    Månadens kalenderbilete er av Johan og Idunn Lindal, heime på trappa ein seinsommardag i fjor.
    Teksten som følgjer bilete er; "Vona for oss som blir igjen og ventar,..."

    Resten av teksten kjem saman med oktoberbileteWink

  • NYE TRENARAR FOR KNOTT

    Idrettslaget HAUGIL informerar om at det er nye trenarar for Knott.
    Dei nye trenarane er;
    Camilla Hebnes Tobekk
    Idunn Lindal Haug
    Ida Linnea Hebnes


    Sverre T. Østebø er gått ut som vara til styret.

  • KALENDERBILETE I AUGUST

    Nokre veker av skuleferien står att, og som i fjor og alle åra før det igjen skal snart fleire ungdommar i frå halvøya prøve hybellivet for fyrste gong.
    Nokre av dei skal studere i Sauda, Finnøy eller Nedstrand, mens andre skal til Stavanger/Sandnes og kanskje endå lengre vekk?

    Kalenderbilete i august syner Lise Østebø - ho er ei av desse ungdommane.

    "I unge år reiser mange ut.
    Dei treng meir vidsyn enn heimsleg nut."

  • HALVØYDAG OG SOMMARMARKNAD

    Velkomen til halvøydagen i Vatlandsvåg i morgon, laurdag 7.juli. Servering av laks og aktivitetar for liten og stor.
    Neste laurdag, den 14.juli er det sommarmarknad i Marvik, sjå meir informasjon på PLAKAT.

  • GOD SOMMAR!

    Med månadens kalenderbilete vil me ønskje alle halvøybuar og feriefolk ein god sommar!
    Me vil prøve å halde kalenderen oppdatert med ting som skjer - send oss gjerne tipsCool.
    På bilete ser me tidligare dagleg leiar i Norsk Plan, Bente Kjos-Wenjum på "jobb" på eit skjer utanfor Vatlandsvåg.


    "Først og fremst er me som folk andre stader,
    slike ein treff på alle breiddegrader".

  • BALLBINGEN PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Sist veke starta arbeidet med bygging av ballbingen på Kjølvikstølen. Svein Hebnes har gjort klar grunnen og denne veka har Lars Helge Askvik og Åge Østebø vore i gong med forskaling.

    Anna nytt: styret i 2012 består av;

    Leiar: Daniel Cremer
    Kasserar: Albrigt Stokka
    Mat.forv: Siv Kristin S. Holmen
    Medlem: Anette Veen
    Ung.rep: Camilla Hebnes Tobekk
    Vara: Øyvind Hebnes
    Vara: Sverre Østebø

  • MÅNADENS KALENDERBILETE

    Kalenderbilete i juni syner Jofrid Holmen ved arbeidsplassen sin. Jofrid arbeidar saman med mannen sin i Ryfylke Kranservice.

    "Men ein viktig bit i samanhengen".


  • BYGDEKVINNELAGET INVITERAR TIL BLÅTUR

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar for 4.året på rad til BLÅTUR, fredag den 8.juni 2012.
    Invitasjonen går ut til alle interesserte, både kvinner og mennSmile
    Meir informasjon finn du i INVITASJONEN.

  • BLI SPONSOR PÅ NETTSTADEN!

    Nettstaden er heilt avhengig av sponsorar og fleire lokale verksemder har vore med i frå fyrste dag.
    Saman med Marvik Musikkorps, Idrettslaget
    Haugil, Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag og Fylkesmannen, bidrog desse til å etablere nettstaden for over 2 år sidan. Sidan har nettstaden vore drive på dugnad og med sponsormidlar, men me ønskjer fleire sponsorar! Då kan me få gjort nettstaden og Ropeidhalvøya kjend for endå fleireLaughing.

    Er du eller di verksemd interessert ta
    kontakt med oss for tilbod.

  • ØLMEDAL RUNDT 2.PINSEDAG

    Tradisjon tru arrangerar Vindafjord IL Ølmedal Rundt, og du kan lese meir om arrangementet på denne PLAKATEN.
    Dato: 28.mai

  • GRATULERER MED DAGEN!

    Gud signe vårt dyre fedreland
    Og lat det som hagen bløma!
    Lat lysa din fred frå fjell til strand
    Og vetter for vårsol røma!
    Lat folket som brødre saman bu,
    Som kristne det kan seg søma.

    Elias Blix, 1890

  • 17.MAI PÅ ROPEIDHALVØYA

    Her er programmet for 17.mai på Ropeidhalvøya:

    09.30 Toget går
    10.15 Kappspringing og andre 
              leiker
             Kiosk sal
    11.45 Gudsteneste 
             v/Arild Markussen
    12.30 Middag
    13.30 Korpskonsert
    13.50 Tale v/Solveig Sukka
             Leiker og kiosk sal
             fortset etter talen
    15.30 Premieutdeling
    16.00 Slutt for dagen

  • HAR DU LYST Å VERE MED PÅ DUGNAD?

    På tysdag 8.mai i frå kl.18.00 er du velkomen til å vere med på dugnad på Kjølvikstølen Grendahus.
    Me skal luka, klyppa buskar og tre, rydda, vaska vindauge utvendig mm.
    Ta med hagereiskap, trillebår o.l. viss du kan.

    Vel møtt!

    Helsing styret

  • KOM MAI DU SKJØNNE MILDE

    Månadens kalenderbilete syner noko som snart er historie på Ropeidhalvøya, nemleg brannstasjonen og brannmannskapet. Dei kjekke karane er i frå venstre Tønnes Solland, Osmund Solland, Kjetil Fjetland, Odd Terje Solland og Torkel Fjetland.


    "Dei fleste av oss er ein av mange."

  • GRENDEUTVALSMØTE TYSDAG 1.MAI

    Det vert møte i Grendeutvalet tysdag 1.mai på Kjølvikstølen Grendahus kl.19.00.
    SAKSLISTE:
    - Godkjenning av referat
    - Meldingar
    - Klima,- og energiplan
    - Tidlegrute/pendlarrute
    - Hurtigbåtruter
    - Søknad om arr.støtte

  • MØTE I RBK I KVELD ER AVLYST!

    Det planlagde møte i Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag i kveld, vert desverre avlyst!

  • GOD PÅSKE

    Me vil ønskja alle ein god påske, anten du er heime, på fjellet eller i byen. Månadens bilete illustrerar nytt liv, og april månad er jo typisk for akkurat det.
    På bilete ser me Liv Jorunn og Paul Øvrebø.


    Lurar du på kva du skal finne på i påsken? Ta ein kikk på dette:
    GULLINGEN
    SVANDALEN
    SULDAL KULTURHUS
    PÅSKEDANS
    KAKELOTTERI
    BASAR I KJØLVIK
    GUDSTENESTE

    "Alt lenge før Torstein av Heimnes si tid,
    var det nokon som her ville bli".

  • SLØKK LYSET I MORGON

    I morgon laurdag, er det Earth Hour i frå kl.20.30 - 21.30. Verdas største klimakampanje oppmodar deg til å sløkkje lyset denne timen.
    Les meir om Earth Hour og meld deg på kampanjen.Laughing

  • HUGS PÅMELDING TIL ETNECUP 2012!

    Haugil informerar om at alle som skal delta på Etnecup den 22. - 24.juni må fylle ut svarslipp og returnere denne til trenar.
    Les meir om ETNECUP 2012.

  • ÅRSMØTE I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS A/L

    Det vert årsmøte i representantskapet for Kjølvikstølen Grendahus på tordag 29.mars kl.20.00.
    Vanlege årsmøtesaker.
    Kaffi og enkel bevertning.

    VELKOMEN!

  • BINGO OG BASAR

    Denne veka er det mykje som skjer på Ropeidhalvøya. Du kan mellom anna få med deg Gutalagsbasaren på Kjølvik bedehus på tysdag kveld og Marvik Musikkorps sin bingo på loftet på Grendahuset på fredag kveld. Her er ei opplisting av vekas arrangement og aktivitetar:

    Måndag: Skytetrening og korpsøving på Grendahuset
    Tysdag: Skytetrening på Grendahuset og gutalagsbasar på bedehuset
    Onsdag: Frisøren kjem, sirkeltrening og fritidsklubb på Grendahuset
    Torsdag: Fotballtrening på Grendahuset
    Fredag: Bingo på Grendahuset og UFF på Kulturhuset
    Sundag: Sundagsskule og møte på Kjølvik bedehus

  • SKYTETRENING FOR DAMER

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar alle interesserte damer til skytetrening på onsdag 7.mars kl.19.30. Her finn du PLAKATEN med meir informasjon.
    Vel møtt!

  • MARS

    Mars er her med glimt av vår, og månadens kalenderbilete syner bonde Karl Johan Hebnes. Kva tenker han på?

    "Dei fiska i fjorden og jakta på land,
    og grøda i jorda dei også fann."

  • SHOWKONSERT

    På sundag den 4.mars kan du få med deg SHOWKONSERT i Kulturhuset kl.17.00. Marvik Musikkorps og dei andre korpsa i kommunen + solistar vil spele og synge fleire kjende musikkstykker. Ta med deg familie, vener og naboar til Sand denne ettermiddagenLaughing

  • KJERRINGSLEPP

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag tek turen til Svandalen på Kjerringslepp for 4.gong.
    Alle kjerringer over 18 år er velkomne til å vere med, no på fredag den 2.mars.
    Ta kontakt med Mette, 92851056, sjå
    Fjesboka eller Svandalen Skisenter.

  • LEDIG STILLING I NORSK PLAN

    Norsk Plan i Vatlandsvåg er på jakt etter ny dagleg leiar.
    Les meir her.

  • LAGAR SI EIGA PØLSE

    Det er tid for pølselaging på Døsje. Først blir alle filèar og steiker skorne av saueskrotten. Desse går ikkje i pølsa. Restavskjer av ein sau blir til ca. sju kilo reinskore kjøtt.  Med smakstilsetjing av krydder, spekk og kraft vert dette kring 11 kilo pølse av type vossakorv/åkerring, eller meir nøyaktig, Døsjapølse.
    Karl Ohm og Johan Sivertsen har gjort seg klar ved pølsemaskina, tarmen er tredd på og Johan sit klar ved sveiven.

  • MARVIK MUSIKKORPS INFORMERAR

    Det skjer mykje i regi av Marvik Musikkorps frametter. No på sundag inviterar dei til sundags-kafè på Grendahuset. Då kan mor eller far få fri i frå grytene på sjølvaste morsdagenSmile. Vidare utover blir det open kveld, bingo, konsert mm.

    Les meir på MARVIK MUSIKKORPS.

  • DET GODE LIV PÅ DØSJE

    Feriehyttene til Tonje og Karl Ohm på Døsje, er på nett.
    Du kan lese meir på DYSJE FJORDHYTTER


  • STATKRAFTCUP PÅ LAURDAG

    Laurdag 4.februar vert det Statkraftcup i Suldalshallen.

    Haugil stillar med Miniknott,- Knott,- og Lilleputt-lag 
    Du finn meir informasjon om kampoppsett og anna på IDRETTSLAGET SAND si heimeside.

  • FEBRUAR

    Me skriv allereie februar, og månadens kalenderbilete syner fire flotte damer som kjem i frå havet og inn imot Hebnes.

    "Dette var synet som møtte dei første,
    dei første som kom her svoltne og tørste".



    Frå venstre: Sonia S. Lie, Annette Hebnes, Lena Nergård og Mette Vatland

  • MØTE I GRENDEUTVALET PÅ TYSDAG

    Tysdag 31.januar er det møte i grendeutvalet på Marvik skule kl.19.00.
    Møte er ope for alle.

    Sakliste:
    1/12 Referat og meldingar
    2/12 Detaljplan gnr.112 bnr 1 .fl. Leirvikja, Hebnes
    3/12 Årsplan for 2012

  • UNGDOMSFREDAG PÅ KULTURHUSET

    I kveld har kulturhuset ope for kino og bowling, særleg retta mot skuleungdom. Dørene er ope i frå kl.18.00-23.00.
    Kl. 21.00 er det Noregspremiere på Mission Impossible - Ghost Protocol (15 år).

    Ungdomsfredagane vidare vert:

    - 10.februar - noregspremiere på filmen Pus med støvler
    - 16.mars - noregspremiere på filmen Hugo Cabret
    - 20.april - noregspremiere på filmen Battleship (15 år)

  • BYTEKVELD

    Bygdekvinnelaget inviterar til kjøpe/selje/byte/gi bort-kveld på Grendahuset torsdag 2.feb i frå kl. 18.00-19.30.
    Har du noko, fortrinnsvis sportsartiklar/barneutstyr o.l. du vil selja, byta eller gi bort så møt opp.
    Alle er ansvarlege for sine eigne ting - det du ikkje får byta/solgt/gitt bort, må du ta med deg heim att.
    Og til deg som treng noko, 1.mann til mølla gjelder!Wink

  • BRØYTING OG STRØYING

    Suldal kommune har brøytekontrakt med
    Roald Vatland 97 77 86 71,
    for kommunal veg på Ropeidhalvøya.
    Det er Risa AS som har brøyting av Rv og Fv i Suldal kommune og du ringjer vakttelefon for Statens vegvesen 175 dersom det er noko med brøyting / strøying på desse vegane.

  • SUNDAGSSKULEN

    No er datoane for sundagsskulen lagt inn i kalenderen for 1.halvår.
    Velkomen til alle på Kjølvik bedehus i frå kl.10.30 - 11.15.

  • BODY PUMP - SIRKELTRENING

    Minnar om trening kvar sundag med Anette Veen på Grendahuset.
    Body pump - sirkeltrening i frå kl.1900 - 20.00.
    Alle er velkomne til ei god treningsøkt!

  • AKTIVITETAR I BYGDEKVINNELAGET

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag er klar med nye aktivitetar fram til sommaren.
    Me vil gjerne ha med fleire og dei fleste av aktivitetane våre er opne for alle. Ta kontakt med leiar Mette Vatland viss du er interessert i å vite meir.
    Her finn du meir informasjon om aktivitetane og datoar.

  • NYTT GRENDEUTVAL

    Kommunestyret har vald nye grendeutval i alle grendene, for perioden 2012 - 2015.
    Torbjørg Tveita er leiar for det nye grendeutvalet på Ropeidhalvøya.

  • ME ØNSKJER EIT NYTT ÅR VELKOMEN!

    Godt nytt år til alle saman!
    Også dette året vil me gjere vårt beste i å oppdatere nettstaden med informasjon om kva som skjer på Ropeidhalvøya og omegn. Ting som kan vere av interesse for både halvøybu og hyttefolk, og redaksjonen tek imot tips med gledeSmile.
    Me startar det nye året med januar-bilete i frå Ropeidhalvøyakalenderen som syner Elisabeth Bjørkhaug på topppen av varden på Grytenuten;

    "Ytst ute i fjorden, suldølen lengst imot vest;
    Halvøynå ligg der i solskin og blest."


  • GLEDELEG JUL!

    Me ønskjer alle lesarane våre ei fredfull og god julehelg, og vil samstundes minne om at du kan delta på fleire aktivitetar i romjulen;

    - 28.desember: Juletrefest på Kjølvik bedehus kl.18.00
    - 28.desember: Romjulstreff for ungdom i Suldal Kulturhus kl.16.00
    - 30.desember: Pubkveld i Marvik kl.20.00
    - 31.desember: Nyttårsbading i Vatlandsvåg kl.13.00

    Kulturhus, bibliotek og bowling er ope i heile romjula, og det er filmar for både liten og stor på kino.

  • JULEAVSLUTNING PÅ MARVIK SKULE I KVELD

    Det vert tradisjonell juleavslutning på Marvik skule i kveld kl.19.00.
    Alle er hjarteleg velkomne!

  • VELKOMEN TIL JULEKONSERT

    Velkomen til julekonsert i Refsbygd bedehus på sundag 11.desember kl.19.00.
    Elisabeth Litlehamar (song og tverrfløyte) og Lars Olav Fjetland (orgel og piano).
    Kaffi med noko attåt etter konserten.
    Gratis inngong.

  • SIRKELTRENING MED BORGNY HAUG TEK JULEFERIE

    Borgny Haug informerar om at sirkeltreninga er slutt for i år.
    Treninga startar opp att med nytt mot og nye kiloWink onsdag 4.januar 2012 kl.18.30.

  • LUCIAFEST PÅ GRENDAHUSET LAURDAG 10.DESEMBER

    Tradisjon tru inviterar Marvik Musikkorps i samarbeid med Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag til Luciafest på Grendahuset. Det blir Lucia-opptog, korpskonsert, mat, utlodning og mykje meir.
    Sjå meir på PLAKATEN.

  • FÅ UNNAGJORT 5 SORTER PÅ EIN KVELD!

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag skal bake julekaker på Marvik skule onsdag den 7.desember.
    Då kan du få vere med.
    Me skal bake;
    - serinakaker
    - kokosmakroner
    - karamellpinner
    - små sjokoladekjeks
    - smultringer
    Alt du treng å gjere er å melde deg på til Mette på tlf.92851056 og ta med forkle og kakebokser.
    Gratis for medlemmer og kr.50,- for alle andre.
    VELKOMEN!

  • KOM PÅ KABARET!

    I kveld kl.19.00 på Kulturhuset skal 10.klassane ved Sand skule presentere kabareten dei har jobba med i haust. Me kan røpe at det blir eit variert program med både song, musikk og film. 
    Ta med deg familie, vener og naboar og kom å sjå, dette blir kjekt!

  • BLI MED PÅ NISSEMARSJ

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar alle, både store og små, til å vere med på nissemarsj på sundag 4.desember.
    Nissemarsjen startar kl.16.00 i frå Kjølvikstølen Grendahus til "vanntårnet".
    Medaljar til dei yngste og havresuppe til alle etter marsjenLaughing.
    Finn fram nisselue/drakt og lommelykt og ver med oss!

  • HOGG DITT EIGE JULETRE PÅ HEBNES

    Har du lyst å hogge ditt eige juletre i år?
    Hjå Jan Magne og Lena på Hebnes kan du gå rundt i granskogen og finne det perfekte treet for akkurat di stove.
    Dei sel også klyppegrønt. 
    Ta kontakt med Lena på telefon; 93818176.

  • AVSLUTNING PÅ FOTBALLSESONGEN

    Det blir avslutning på fotballsesongen med mat og kos på Grendahuset torsdag 1.desember kl.18.00-19.30.

    Hugs innlevering av fotballdrakten denne kvelden.

  • JULEOPNING I VATLANDSVÅG OG I MARVIK

    Denne helga kan du få med deg juleopning både på fredag og laurdag på Ropeidhalvøya.
    Vatlandsvåg Handel inviterar alle til juleopning og tenning av julegrana på fredag kl.18.00. Servering av graut, julekaker, korpsmusikk og gode tilbod i butikken.
    På laurdag kan du ta turen til Marvik Landhandel kl.16.00. Då vil Ellen tenne julegrana og servere pølser, kaffi og gode tilbod i butikken. Korpset vil spele julesongar her også.

  • ÅRSMØTE I GRYTENUTEN 4H I KVELD

    Grytenuten 4H har årsmøte i kveld på Grendahuset i frå kl.18.00 - 19.30.
    Her finn du saklista.

  • UNGDOMSTREFF

    Ungdomstreff på KjølvikstølenOnsdag 16.11. startar ungdomstreffet opp att på Kjølvikstølen Grendahus klokka 19:00.

    Det er ein gjeng frå Lundeneset VGS som kjem til å komme til Kjølvikstølen ein gong i månaden og stå for ungdomstreffet.
    Det vert aktivitetar, som f.eks. gymsalaktivitetar, bordtennis og mykje meir. Det vert også mat, og eit lite ord for dagen.

    Ungdomstreffet er for dei som går i 8. klasse og oppover.

  • SAL AV KALENDEREN FOR ROPEIDHALVØYA 2012

    No er kalenderen for Ropeidhalvøya 2012 til sals på Vatlandsvåg Handel og Matkroken Marvik.
    Ein kan også kontakte Nina 90 99 63 24 eller Mette 92 85 10 56 i Bygdekvinnelaget.
    Kalenderen kostar kr.200,- og er i A3-format.

  • NYTT FRÅ HAUGIL

    Det blir litt omrokkeringar i trenarstaben i Idrettslaget Haugil. Arne Vatland sluttar som fotballtrenar, og Haugil ønskjer å takke han for innsatsen gjennom fleire år.
    Sverre Østebø blir trenar for Knott, mens Helge Naustvik overtek som trenar for Miniknott.
    Øyvind Hebnes blir ny trenar for Lilleputt.
    Daniel Cremer fortsett som trenar for Gut.

  • SPA PÅ HALVØYA

    Det var vel ikkje særleg overraskande at Suldal`s fyrste spa-avdeling blei etablert på RopeidhalvøyaWink. Den yngre generasjonen på halvøya har verkeleg forstått korleis ein skal nyte dei små, enkle ting her i livet.
    Les meir her.

  • UNGDOMSKVELD PÅ KULTURHUSET I KVELD

    Kulturhuset inviterar nok ein gong til ope hus for ungdom, med kino og bowling på menyen. 
    Kl.21.00 er det noregspremiere på dansefilmen Footloose.
    Meir informasjon på SULDAL KULTURHUS.

  • HALVØYBUEN GAV TOTALT KR.20.935,-

    Halvøybuen gav totalt kr.20.935,- til årets tv-aksjon.
    Kr.9.000,- av desse blei samla inn på aksjonskvelden på Marvik skule sist onsdag.
    Det var Idrettslaget Haugil som hadde ansvaret for innsamlinga på Ropeidhalvøya.

  • KALENDEREN FOR ROPEIDHALVØYA 2012

    I desse dagar går kalenderen for Ropeidhalvøya 2012 i trykken. Laurdag 5.november blir det lanseringsfest på Grendahuset, og alle bileta vil bli offentleggjort då.

  • 4H HAUSTFEST PÅ FREDAG

    Grytenuten 4H inviterar til haustfest på Kjølvikstølen Grendahus på fredag den 21.oktober kl.19.00.
     
    Kr.60,-/vaksne - 30,-/born - 180,-/familie

  • SMALAHOVEFEST - PÅMELDING

    Ropeidhalvøya Ungdomslag arrangerar årets smalahovefest på laurdag 29.oktober. Det er påmelding og meir informasjon finn du under UNGDOMSLAGET.

  • BESTILLING AV OVERTREKKSDRESSER

    Idrettslaget Haugil skal bestille fleire overtrekksdresser for dei som  ikkje fekk gjort dette sist gong.
    Meld inn bestilling til Siv Kristin på 90 60 94 77, innan 17.10.11.

     

  • AKSJONSKVELD

    På onsdag 19.oktober inviterar FAU og Marvik skule til aksjonskveld på skulen, i frå kl.18.30. - 21.00.
    Inntektene denne kvelden vil gå til TV-aksjonen som i år går til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med minerydding.
    ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!

  • BLOGG OM NETTSTADEN ROPEIDHALVOYA.COM

    Norsk Plan har intervjua fleire nettredaktørar, og på firmabloggen kan du lese om nettstaden for Ropeidhalvøya.

  • TING Å GJERE I DAG

    I dag er det fleire aktivitetar på halvøya.
    På Grendahuset kjem frisøren og seinare er det sirkeltrening i frå kl.18.30 - 19.30, og kl.19.00 startar fritidsklubben for ungdom i frå 7. - 10.klasse.
    Kl.18.00 er det basar på bedehuset i Kjølvik, med utlodding, andakt, song ved Elisabeth Litlehamar, mat og kaffi.

  • HOGSTPIONERAR

    I kveld kunne ein sjå hogstpionerane frå Marvik, på NRK1 Lokalen. Desse karane er eit godt døme på at det finst nyskaping på Ropeidhalvøya. 
    Du kan sjå heile reportasjen her.

  • BALLSPEL I STADEN FOR STEP I KVELD

    Det blir ballspel med Bjørg Karin i kveld på Grendahuset, i staden for step-trening.
    I frå kl.20.00 - 21.00.

  • SISTE SLÅTTEN

    I helga var det mange halvøybønder som kunne pusta letta ut - siste slåtten vart berga i år óg. 
    På grunn av mykje regn den siste månaden, vart nok mange spente på kor tid og om siste slåtten ville kome i hus.

  • NYTT UNGDOMSTILBOD

      Suldal Kulturhus satsar på eit nytt ungdomstilbod og inviterar til ope hus ein fredagskveld kvar månad. På denne ungdomsfredagen vil bowlinga vere open, du kan óg spela biljard eller berre slappa av. Det blir sjølvsagt kino på desse kveldane med særleg fokus på premierefilmar og filmar for ungdom.
    I morgon er fyrste kvelden og kinofilmen er Johnny English Reborn som også har Norgespremiere.
    Kulturhuset er ope i frå kl.18.00 - 23.00 og kinoen startar kl.21.00. 

  • TRENINGSROMMET ER KLAR TIL BRUK

    Idrettslaget Haugil melder at treningsrommet på Grendahuset no er klar til bruk.
    Prisen for å bruke treningsrommet er kr.100,- pr. år.
    Viss du ønskjer å nytte deg av tilbodet, betalar du avgifta, fyller ut dette SKJEMAET og leverar til leiar i Haugil. Sjå Idrettslaget Haugil for meir informasjon.

  • SIRKELTRENING PÅ ONSDAGAR

    Borgny Haug startar opp att sirkeltrening på Grendahuset kvar onsdag i frå kl.18.30 - 19.30.
    Allsidig trening som passer for alle.
    Samstundes vil me oppmode  alle som nyttar treningstilbod på Grendahuset og som ikkje har betalt medlemsavgift til Idrettslaget Haugil, om å gjere detWink. Sjå meir informasjon her.

  • ETTERLYSING 2

    Malin Sildelid saknar sykkelen sin.
    Den er svart/grå med oransje detaljar, og forsvann i frå busskuret ved Stemmen fredag 8.september. 
    Viss noko har sett den eller har opplysningar, kan dei ta kontakt med Malin.

  • SULDALSCUP 2011

    Suldalscupen vart gjennomført på laurdag 17.september på Kjølvikstølen. Idrettslaget Haugil ønskjer å takke alle spelarane, publikum og ein spesiell stor takk til styret og alle som jobba dugnad denne dagen. Utan dykk hadde me ikkje fått det tilLaughing.
    Resultata vil bli lagt ut på nettstaden så snart me mottek desse.

  • GRENDACUP

    Grendacupen startar kl.12.00 på sundag 18.9.
    Open kiosk.
    VELKOMEN TIL ALLE!

  • MØTEPLAN PÅ NETT

    No kan du finne møteplan for hausten 2011 på nettsida. Informasjonen vil også bli lagt ut på Kalenderen. Alle er velkomne til å informere om aktivitetar/møter osb. på nettsida.
    Ta kontakt med Nina.

  • 2 REPRESENTANTAR I FRÅ HALVØYA

    Det nye kommunestyret får 2 representantar i frå
    Ropeidhalvøya, Arild Hebnes (Sp) og Nina Østebø (V).

    Me ønskjer dei lukke til med arbeidet.







  • GODT VAL!

    På Kjølvikstølen Grendahus kan du i dag gje di røyst til kommunevalet, fylkestingsvalet og kyrkjevalet.
    Vallokale er ope frå kl.12.00 - 19.00.

  • Fleire bustadar og betre vegar - sjå kva politikarane våre vil gje oss!

    Har du Torkel Myklebustbestemt deg kven du skal stemma på?
    Viss ikkje kan du kanskje finne det ut no! Me har intervjua listetoppane i Suldal kommune om kva dei vil gjere for kommunen vår. Les meir her.

  • Fleire bustadar og betre vegar - sjå kva politikarane våre vil gje oss!

    Har du bestemt deg kven du skal stemma på?
    Viss ikkje kan du kanskje finne det ut no! Me har intervjua listetoppane i Suldal kommune om kva dei vil gjere for kommunen vår.

     

    1. Namn, alder og bustad
    2. Parti
    3. Ditt parti si hjartesak
    4. Nemn ei viktig sak i kommunen som du vil arbeida for i neste periode
    5. Nemn ei viktig sak på ropeidhalvøya som du vil arbeida for i neste periode
    6. Kva trur du må til for å auka folketalet i Suldal kommune?

     

    1. Torkel Myklebust, 59 år, SandTorkel Myklebust
    2. Senterpartiet
    3. Det skal vera godt å arbeida og bu i heile Suldal kommune.
    4. Det viktigaste er framleis å snu folketalsutviklinga. I det ligg der mange utfordringar. Kommunikasjonar i brei forstand er kanskje den viktigaste, men også det å ha attraktive tomter og gode buforhold rundt om i kommunen.
    5. Mykje likt som forrige punkt. Mest konkret er å arbeida for betra kommunikasjonar på og til/frå Ropeidhalvøya, med utgangspunkt i den nye areal- og transportplanen for Ryfylke.
    6. Det må vera så attraktivt å bu i Suldal at unge familiar flyttar hit og vert buande. Då må me ha gode skular og barnehagar, me må ha betre og sikrare vegar. Gode kommunikasjonar, og me må ha spennande arbeidsplassar, også for ungdom.

     

    Tone Mari Sand

    1. Tone Mari Sand, 43 år, Sand
    2. Sosialistisk Venstreparti
    3. Me vil satse på miljø, der det er viktig å ha ein konkret klima- og miljøplan.
    4. Me vil arbeida for at det skal verta høgare lærardekning i skulen.
    5. Dette er saker som ofte dukkar opp undervegs, men me vil alltid vera opne for utspel frå grendautvalet.
    6. Det er viktig med stader folk kan busette seg. Me må har tomter for sal og utleigebustadar slik at det vert enkelt å busette seg i Suldal.

     

    1. Kari Vaage Gjuvsland, 49 år, SuldalsosenKari Vaage Gjuvsland
    2. Arbeidarpartiet
    3. Næringsutvikling, rekruttering, kommunikasjon, folkehelse – samfunnsutvikling.
    4. Det er unaturleg å berre fronta ei sak i neste periode. Politikk handlar om alle tenester/område i kommunen og me kan ikkje berre trekkje ut ei sak som me skal arbeide for/med.
    5. Programmet vårt omhandlar alle innbyggjarane, me har ikkje fronta nokon del av kommunen  men vil arbeide for alle deler i Suldal.
    6. Me må ha arbeidsplassar på alle nivå, gjerne avstanduavhengige arbeidsplassar, ledige bustader og ledige tomter.  Me må profilera oss å selja bygda vår.  Dette er ikkje berre ei oppgåve for politikarar men for oss alle.

     

    1. Eskil Nerheim, 33 år,Sand/Buenos Aires, ArgentinaEskil Nerheim
    2. Venstre
    3. Folk fyrst! Det vil seia at ein set einskildmenneske framfor system. Venstre vil ha fridom for kvar og ein av oss, samstundes med det sosiale ansvaret for alle medmenneske.
    4. Hovudfokuset for Suldal Venstre i komande periode er å auka folketalet i alle delar av kommunen.
    5. Suldal Venstre har programfesta at me vil arbeida at det skal prioriterast ny og utbetra FV 681 med gul stripe fram til Hebnes ferjekai.
    6. Då må me ha nok attraktive og byggjeklare tomter i alle grender, barnehagar og skular i alle grender (med plass til fleire), me må ha gode høve for næringslivet i grender, og me må ha infrastruktur som bidreg til dette. Me kan ikkje pressa folk til å flytta til Suldal, men me kan jammen gjera det så enkelt som mogleg!

     

    1. Svanhild Løge Skålheim, 38 år, SandSvanhild Løge Skålheim
    2. Kristleg Folkeparti
    3. Kvalitetssikra forholda for barn og eldre, støtte frivillig arbeid i bygdene. Kjempe for tryggare vegar, godt samhald mellom bygdene og stimulans av Suldal kommune som attraktiv plass for både fastbuande og gjester.
    4. Rassikring av riksveg 13.

     

    1. Hjørdis Lie Amdal, 46, Ropeidhalvøya (Hans Erik Svennes var ikkje tilgjengeleg)
    2. Framstegspartiet
    3. Infrastruktur, gul midtstripe på riksvei 13, rassikring og generell vedlikehald av veg vinter og sommar.
    4. Nei til eigedomsskatt på bustad og hytte.
    5. Skapa meir arbeidsplassar. Då må me la næringslivet få gode rammevilkår og me ønskar et godt sammarbeid med Suldal Vekst.
    6. Me må sikre at det er tomter i alle grender.

     

    Me lykkast diverre ikkje å få tak i Høgre.

  • PÅ TUR I JUNGELEN - PÅ HALVØYA

    Me vil gjerne dele denne fine forteljinga om då raud gruppe i Kjølvikstølen barnehage var på tur.
    Les om alt det fine dei såg herWink 

  • ETTERLYSING!

    Jean Garder som har hytte i Marvik, lurer på om nettstaden kan hjelpe og kjem med følgjande etterlysing:

    Når vi kom på hytta i Marvik denne helgen var desverre stigen vår "Zarges Superkombi" 6,9 meter forsvunnet - stigen er med tverrfot med gummiklosser også for bruk innendørs. Den er lett gjenkjennelig med mye brun beis og noe hvit maling godt spred over det hele - Vi håper å se den igjen snart om noen har lånt den. 

    Mvh
    Jean Garder
    M: 91378125

  • KOM PÅ BOK-KAFÉ I MARVIK

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar til Bok-kafé i Marvik i morgon, onsdag 7.september.
    Les meir her.

    ALLE ER VELKOMNE!

  • 4H ASPIRANTLEIR PÅ KJØLVIKSTØLEN

    I dag startar 4H sin aspirantleir på Kjølvikstølen Grendahus. Omlag 60 barn og vaksne skal vere saman heile helga, og delta på ulike aktivitetar. Heile programmet finn du her.

  • MELD DEG PÅ BYGDACUP

    Sundag 18.september kl.12.00 inviterar Idrettslaget Haugil til Bygdacup på Kjølvikstølen. Det blir ein annan vri på lagoppsetta i år og alle har høve til å melde seg på.
    Du kan lese meir her.

  • KOMMUNEBØRSEN PÅ DAGBLADET.NO

    Suldal kommune får høge score på Kommunebørsen. Dagbladet har mellom anna sett på kor det er best å jobbe, beste skulekommune og helsetenestetilbod.
    Du finn meir informasjon
    her.

  • SNART SKULESTART

    Det nærmar seg snart skulestart, og foreldre og elevar kan finne informasjon om skulemjølk, leksehjelp, SFO og skulerute på nettsidene til Marvik skule og Sand skule.

  • SULDALSCUP OG GRENDACUP I SEPTEMBER

    Idrettslaget Haugil melder at det blir Suldalscup laurdag den 17.september og Grendacup sundag den 18.september. Det vil bli lagt ut meir informasjon på Haugil si side. 

  • MELD INN ARRANGEMENT TIL NETTSIDA

    Planlegg du eller din organisasjon eit arrangement, trening, samankomst eller liknande, så vil me gjerne ha beskjed slik at me kan få det inn i Kalenderen for Ropeidhalvøya.
    Du kan sende det inn på e-post til
    nina.ostebo@gmail.com
    eller sms til 90 99 63 24.
    Elles vil me gjerne ha tips om stort og smått som me kan skrive om. 

  • PÅ ONSDAG KJEM FRISØREN

    På onsdag 10.august kjem Antjes frisør på Grendahuset.
    For bestilling av time, ring 52 79 05 55 eller 98 81 59 14.

  • MARVIK OMTALT I MAGASINET BÅTLIV

    I siste utgåve av magasinet Båtliv kan ein lese om skipper Arnulf sine 5 favoritthamner i Skandinavia. Båthamna i Marvik er ei av dei!
    - Den nye flytekaia med vann og strøm er av beste kvalitet, skriv Arnulf. 
    Vidare kan ein lese at -Befolkningen er stolte og gjestfrie, og de har flere nettsider som gir god informasjon til båtfolket.
    Dette er veldig god reklame for Ropeidhalvøya og du kan lese heile artikkelen her
    Har du tips om andre reportasjar som er god halvøy-reklame, så tips ossSmile.

  • KURS I PILFLETTING

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar til pilflettingskurs fredag 26.august på Kjølvikstølen Grendahus.
    Kurset er ope for alle men det er eit begrensa antal plassar, så meld deg på allereie no!
    Meir informasjon finn du her.

  • SOMMARBILETE

    Har du lyst å dele nokre av sommarbileta dine?
    Send dei til
    nina.ostebo@gmail.com og me vil legge dei ut på nettstadenCool.


  • KONDOLANSEPROTOKOLL

    I samband med dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya, har Suldal kommune lagt ut kondolanseprotokoll i resepsjonen på kommunehuset på Sand.
    Alle som ønskjer det er velkomne til å skrive i den.

  • LUKSUSFERIE PÅ DØSJE

    På Døsje på Vormestrand er Karl og Tonje Ohm i full gong med å ta i mot feriegjester i heilt nye hytter som ligg nydeleg til ved fjorden.
    Dancenter si heimeside kan ein lese om hyttene;
    Midt i hjertet av det vakre distriktet Ryfylke, kan dere tilbringe en luksusferie i dette vertikaldelte feriehuset som ligger ca 20 m fra Krossfjorden.

     

     

      

  • HALVØYNÅ PÅ GLADMAT 2011

    I morgon opnar den 13.Gladmat-festivalen og Suldal og Ryfylke er representert på fleire stands. Årets tema er sjømat og Sterling White Halibut i frå Ropeidhalvøya er sjølvsagt på plass på stand nr.18.
    Elles kan ein finna Asbjørnsen & Moe på stand nr. 17 og Smaken av Ryfylke finn du på torget på stand nr.36.
    Heile kartet over alle utstillarane kan du laste ned
    her.
    VELBEKOMME!

  • LÅVESALG/LOPPEMARKNAD PÅ ØSTEBØ

    På sundag den 24.juli kan du ta turen til Østebø på låvesalg/loppemarknad.
    Kanskje nokon kan ha bruk for det som andre ikkje treng?
    Sjå meir her.

  • GEOCACHING - DEN NYE FAMILIESPORTEN?

    Har du høyrt om Geocaching? Då visste du kanskje at det finst to "catchar" på Ropeidhalvøya - ein i Finnvik og ein ved fergekaien på Ropeid.
    Viss du ikkje veit kva Geocaching er, så kan du lese meir på denne nettstaden.
    Kort fortald så går denne aktiviteten ut på å jakte på små skattar utandørs, eller såkalla geocachar, i Noreg og i resten av verda.

  • INFORMASJONSTAVLE OM KULTURMINNE PÅ HEBNES

     

    Endeleg er ho på plass - informasjonstavla som mange har venta på!
    I dag vart informasjonstavla om kulturminne på Hebnes sett opp av gravemaskinførar Svein Hebnes med god hjelp av ildsjel og tidligare halvøybu Sigmunn Hebnes og kulturvernrådgjevar Jens Flemming Krøger i frå Fylkeskulturkontoret.
    Det er fylket som har finansiert tavla som mellom anna syner kart av områda rundt bautaen med gravhaugar og gamle busettingsområde.

  • REISEBREV I FRÅ FLORIDA

    Les reisebloggen til 4 jenter, (den eine i frå Hebnes), på tur i Florida.
    EVENTYRET I FLORIDA 2011.

  • HALVØYDAG I VATLANDSVÅG OG SOMMARMARKNAD I MARVIK

    På laurdag 9.juli vert det Halvøydag i Vatlandsvåg og Sommarmarknad i Marvik. Her kan ein få med seg mykje kjekt på begge stader. Kunne du tenke deg å prøve å gå på vatnet, eller kanskje freistar det med ein luftig helikoptertur eller rett og slett berre kose seg med god mat? Her er noko for alle.   

    PROGRAM MARVIK

    PROGRAM VATLANDSVÅG 

  • BUSTADFELT PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Er du interessert i å bygge deg hus i Kjølvikstølen bustadfelt? Gå inn på kommunen si heimeside og les meir.
    Det er til no oppført 2 hus i feltet, kor det eine snart er innflyttingsklar og hus nr. 2 er under bygging. Feltet ligg sentralt midt på halvøya, i gåavstand til butikk, småbåthamn, barnehage, idrettsanlegg, grendahus og turområde.
      

  • HALVØYBU NR.1 I 2011

    Me vil gratulera Liv Jorunn og Holger med sonen som vart fødd 23.juni 2011. Han er den fyrste halvøybuen som er fødd i år og me vonar at det kanskje vil koma fleire før året er ommeLaughing!

  • MØTE I GRENDEUTVALET - SISTE FØR SOMMARFERIEN

    Det blir møte i Grendeutvalet torsdag 30.juni kl.19.30 på Marvik skule, det siste før sommarferien. Møte er ope for alle.
    Sakliste:
    20/11 Referat og meldingar
    21/11 Endring adressetildeling - forslag til vegnamn
    22/11 Ymse

  • UNGKARSFESTIVALEN PÅ ERIKSMOEN I SULDAL

    Skal du på Ungkarsfestivalen på Eriksmoen i helga?
    Her kan du lese meir om kva som skjer der.

  • HAUGIL VANN 6-2

    Haugil Gut spela sin siste kamp i Suldalsserien i kveld. Dei vann 6-2 over Jelsa og det vart ein fin avslutning kor det vart gjort litt ekstra stas på dei som no går ut av laget.

  • SJÅ KOMMUNESTYREMØTE PÅ NETT

    Tysdag 21.juni er siste kommunestyremøte før sommarferien. Møta er opne for alle og har du ikkje høve til å reise til Sand kan du jo alltids følgje med på nett her.

  • KRAFTRITTET

    På sundag 19.juni arrangerar Suldal Sykkelklubb for fyrste gong, KRAFTRITTET. Dette er eit turritt på 55 km og traseen vil gå i frå Sand til Suldalsosen og tilbake igjen på skiftande underlag med asfalt, grus og sti. Det er enno høve til å melde seg på og du kan lese meir her.

  • ST.HANS FEIRING PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Alle som ønskjer å feire St.Hans på Kjølvikstølen torsdag 23.juni, er hjarteleg velkomne. Bygdekvinnelaget vil sørgje for varm grill i frå kl.18.00 og sal av kaffi, brus og kaker.
    Ta med grillmat og stol/bord.
    Natursti med premie til det beste laget.

  • FOTOSHOOT I MARVIK DEN 2.JULI

    Ropeidhalvøya 2012 - eit kalenderprosjekt inviterar til fotoshoot i Marvik laurdag 2.juli. Invitasjonen går ut til alle utflytta halvøybuar mellom 20 - 35 år. Motivet skal vere ei gruppe av unge menneske i ulike yrker. For å sjå meir kan ein gå inn på Facebook-sida. Er du ein aktuell kandidat eller kjenner du nokon som kan vere aktuelle? Då ber me deg om å tipse vedkommande og/eller ta kontakt med Nina på mobil 90 99 63 24 eller e-post nina.ostebo@gmail.com.

  • INFORMASJON I FRÅ HAUGIL

    Det er tid å fornya medlemsskapet i Idrettslaget Haugil. Du finn meir informasjon her.

  • BLÅTUR TIL SAUDA

     

    I år gjekk Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag sin blåtur til Sauda. Det er 3.året at Bygdekvinnelaget inviterar til blåtur, og 11 damer hadde meldt seg på denne gongen. Tradisjon tru var det lagt opp til gruppearbeid i bilane og det var mykje lått og løye!

  • RYFYLKEDAGANE OG SULDALSSTEVNE

    Allereie på torsdag byrjar markeringa av Ryfylkedagane med fjelltur til Hellandsnuten, tivoli på Hydrokaien og konsert med distriktsmusikarane på Kulturhuset.
    Marvik Musikkorps skal saman med dei andre musikkorpsa i kommunen, delta på Suldalsstevne på laurdag i frå kl.10.00. 
    Me oppmodar alle halvøybuar og andre til å kome til Sand å høyre på ossLaughing 
    Programmet for Ryfylkedagane kan du sjå her.

  • SYKKELTUR VERT AVLYST

    Det er meldt til dels store nedbørsmengder i dag. Sjølv om det ser tåleg bra ut akkurat no, velgjer me å avlyse sykkelturen til Torsteinbø.

  • SYKKELTUR PÅ SUNDAG 29.MAI

    På sundag vert det sykkeltur for heile familien, dersom me har veret med oss. Les meir her.

  • BYGDEKVINNELAGET INVITERAR TIL BLÅTUR

    BLÅTUR
    Onsdag 1.juni 2011

    INVITERER BYGDEKVINNELAGET
    TIL BLÅTUR

    Avreise frå Grendahuset
    kl 17.30 (tilbake ca 23.00)
    Gratis for medlemmer, kr 130 for andre som vil vera med.
    PS: Ta gjerne med litt lommepenger.

    Påmeld. til Mette, 92851056, innan 26.mai

  • KONFIRMANTAR PÅ HALVØYA

    I år er det 6 konfirmantar på halvøya, og desse er;
    Anette Lie, Øystein Hebnes, Kristina Sildelid, Lise Østebø, Solfrid Hebnes Skogen og Dan Idar Hebnes.

  • SESONGSLUTT FOR TRENINGA PÅ SUNDAGANE

    Treninga med Anette Veen på sundagane, tek sommarferie og startar opp att til hausten.

  • BILETE I FRÅ 17.MAI FEIRING PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Takk til årets 17.mai komitè for eit flott arrangement på Kjølvikstølen i dag.
     

  • BYGDEKVINNELAGET PÅ BESØK I BARNEHAGEN

    Bygdekvinnelaget markerar HAVREÅRET i år, og i går var Mette Vatland og Anne Mette Askvik på besøk i barnehagen. Du kan lese og sjå meir her.

  • 17.MAI PÅ ROPEIDHALVØYA

    PROGRAM:

    09.00          Gudsteneste v/ prost Arne O. Øystese
    09.45          Toget går
    10.30          Kappspringing og andre leiker
                      Kiosksal
    12.00          Middag
    13.00          Korpskonsert
    13.20          Tale for dagen  v/Torbjørg Mydland
                      Leiker og kiosksal fortset etter talen
    15.30          Premieutdeling
    16.00          Slutt for dagen

    Vel møtt til 17.mai-feiring på Kjølvikstølen!

  • SULDALSSERIEN ER I GANG

    Gå inn på Idrettslaget Haugil der ligg oppsett og køyrelister for 2011 sesongen i Suldalsserien.
    Her finn du også påmeldte lag til ETNE CUP 2011.

  • TAKK TIL ALLE SOM VAR MED PÅ DUGNAD

    Takk til alle dei som var med på dugnad på Grendahuset på tysdag kveld. Det var mange som møtte fram fulle av arbeidslyst. Me fekk gjort mykje godt arbeid. Takk for god innsats !

  • SESONGSLUTT FOR STEP-TRENINGA

    Elisabeth Bjørkhaug informerar om at siste step-trening på tysdagane var i går. Treninga vil fortsetje til hausten viss det er stemning for detWink.

  • SØNDAGSKULESTEMNE

     SØNDAGSKULESTEMNE

    SØNDAG 8 MAI KL. 13.00
    PÅ KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

     PROGRAM: 

    SØNDAGSKULE-TIME
    SPORLEIK
    KONKURRANSE
    GRILLING 

    TA MED GRILLMAT OG STOL 

    SALG AV BRUS, KAKER OG KAFFI (OG KANSKJE IS) 

    VISS DET BLIR REGN ER ME INNE PÅ GRENDAHUSET

     ALLE ER HJERTELEG VELKOMNE 

  • DUGNAD PÅ GRENDAHUSET

    Styret i Kjølvikstølen Grendahus inviterar til dugnad i morgon 3.mai i frå kl.18.00.
    Ta med trillebår og hagereiskap - det skal lukast, sopast, klyppast og vaskast.

  • VER MED BYGDEKVINNELAGET PÅ TUR

    UT PÅ TUR

    ONSDAG 04.MAI KL 19.30

    Vi møtast på Gryte og går motbakketuren opp skogsvegen til Judit og Olai.

    Jo fleire, jo betre, for saman er vi dynamittLaughing 

    Vel møt til alle som ønskjer seg ein fin tur i godt lag.

     Arr: Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag

  • NY LEIKEPLASS PÅ HEBNES

    1.påskedag vart det grilling og kos på den nye leikeplassen på Hebnes.
    Les kva Marita L. Haug skriv her.

  • KVA VIL DU LESE OM PÅ NETTSTADEN?

    Me vil gjerne vite kva du har lyst til å lese om på denne nettstaden. Har du meiningar om dette eller tips, så ta kontakt med oss her.

    Bilete er teke av fotograf Jan Nordtveit og er ein smakebit på kva som kjem i Kalenderen for Ropeidhalvøya 2012.

  • KOMMUNESTYREMØTE DEN 3.MAI

    Den 3.mai kl.19.00 er det kommunestyremøte på Kommunehuset. Finn saklista på kommunen si heimeside her og lenke til korleis du kan følgje kommunestyremøta på nett. Politikarane skal mellom anna ta stilling til om dei ønskjer barnehagebuss eller meir permanente barnehagelokaler på Suldalsosen.

  • SUNDAGSMIDDAG I MARVIK 1.PÅSKEDAG

    På 1.påskedag kan du ta turen til kafèen i Marvik og få deg middag og dessert. 
    På menyen er det kjøttkaker med tilbehør og dørene opnar kl.13.00. VELBEKOMME!

  • PÅSKEDANS

    Ropeidhalvøya Ungdomslag inviterar til påskedans på Grendahuset onsdag 20.april. Dette er eit rusfritt arrangement og er ope for alle som er konfirmert og oppover.
    Underhaldning ved Discovery.
    Entrè kr. 180,-

  • 4H-TUR TIL FOLDØY

    Grytenuten 4H skal på tur til Foldøy den 15.-16.april. Les meir her.
    Foldøy leirskule held til i det gamle skulehuset på Foldøy og kan leigast av alle, både familiar, lag og organisasjonar. Det er også mulegheit for å låne båt. For tinging av plass og meir informasjon, sjå
    her.

  • VELLUKKA JUBILEUMSFEST!

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterte til 5-års jubileum på onsdag den 6.april, og 45 damer i alle aldrar hadde takka ja til invitasjonen.

    Kvelden vart feira på Grendahuset og det var litt av kvart på menyen, mellom anna ei heilt spesiell marsipankake som Anne Margrethe og Torbjørg hadde laga.

  • MØTE I GRENDEUTVALET I KVELD

    Det vert møte i Grendeutvalet på Marvik skule i kveld kl.19.00. Klikk deg inn på Kalenderen i dag for å sjå Saklista.

  • RYFYLKE FJORDHAGE TEK FORM

    Det er sikkert mange som har lagt merke til at det pågår gravearbeid på Hebnes, i hjå Arild og Toyni. Reguleringsplanen for Ryfylke fjordhage vart vedteke av kommunestyret i februar i år og no er dei i gong med opparbeiding av i alt 18 tomter som skal få vatn, kloakk og straum.

  • SESONGSLUTT FOR SIRKELTRENING

    Borgny Haug informerar om at det er sesongslutt for sirkeltrening og oppstart igjen til hausten.

  • NYTT STYRE I HAUGIL

    Årsmøte i Idrettslaget Haugil har valt nytt styre. Les meir her.

  • VEGADRESSER PÅ ROPEIDHALVØYA - HØYRINGSFRIST 31.MARS

    Det skal innførast vegadresser i heile kommunen og saka ligg ute på høyring med frist den 31.mars. Har du forslag til namn på vegen der du bur? Send inn forslag til kommunen.
    Du finn meir informasjon på kommunen si heimeside her.
    Oversyn over adresseparsellar på Ropeidhalvøya finn du her.

  • OPE MØTE

    Suldal Venstre inviterar til ope møte på Marvik skule onsdag 30.mars kl.19.30.
    Sjå program.

  • MARVIK LANDHANDEL OPNAR I DAG

    Kl.10.00 i dag opnar Marvik Landhandel dørene. Du finn meir informasjon om butikken på heimesida.

  • COSTA BLANCA

    I vinterferien var fleire halvøybuar på reisefot og me inviterte nokre av dei til å sende oss reisebrev. Me bevegar oss i frå Dubai til Costa Blanca i Spania, der Jan Magne og Lena var på ferie med familien.
    Les korleis dei hadde det her.

  • REISEBREV I FRÅ FANTASTISKE DUBAI

    Etter 6 heile dagar her i Dubai er det vanskelig å plukke ut dei største høgdepunkta - alt me har sett, eller smakt på, eller prøvd har vore lika ubeskrivelig!








  • ÅRSMØTE I IDRETTSLAGET HAUGIL

    Du finn innkalling og sakliste på HAUGIL.

  • OPEN KAFÈ I MARVIK I VINTERFERIEN

    På fredag den 4.mars opner kafèen i Marvik og opningstidene frametter blir slik;

     

  • KALENDER FOR ROPEIDHALVØYA

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag skal i samarbeid med fotograf Jan Nordtveit, lage ein kalender for 2012.
    Det skal vere ein kalender med folk i frå Ropeidhalvøya og den skal presentera halvøya og innbyggjarane på ein spanande og fin måte.
    Kalenderprosjektet er ein del av prosjektet Bygdekvinner opnar bygda kor målet mellom anna er å gjere halvøya endå meir attraktiv og spanande for tilflyttarar. Kalenderen skal også freiste folk til å bli nærare kjent med halvøya gjennom bilete og tekst.
    Kalenderen skal etter planen vere ferdig i byrjinga av november og Bygdekvinnelaget vonar at den blir så flott at folk ønskjer å kjøpe den, anten til seg sjølv eller som gåve.

  • MØTE I GRENDEUTVALET TORSDAG 3.MARS

    Ropeidhalvøya Grendeutval har møte på torsdag den 3.mars kl.19.00 på Marvik skule.
    Ein av sakene er høyringsuttale til Regionalplan for areal og transport i Ryfylke 2010 - 2023. Høyringsdokumentet er på 57 sider og du kan laste det ned i frå Fylkeskommunen si nettside, her.
    Har du innspel til planen, ta kontakt med eit av medlemma i Grendeutvalet.

  • HOBBYKVELD

    Bygdekvinnelaget inviterar til hobbykveld på Grendahuset onsdag 2.3. kl.19.30. Har du lyst å vere med Brit Elin å klyppe, lime og stemple? Påmelding på tlf: 97 59 51 56 innan fredag 25.2.
    Gratis for medlemmer og kr.40,- for andre.

  • GRENDAHUSET SØKER REINHALDAR

    Kjølvikstølen Grendahus skal tilsette ny reinhaldar. Er du interessert? Sjå meir informasjon her.

  • STERLING WHITE HALIBUT

     

     Me har invitert sponsorane våre til å fortelje litt  om verksemda si på nettstaden;

    1.200 LITER
    I SEKUNDET! 

    Eller sagt på ein annan måte; ein full gjødselspreidar på 3 sekund!
    Og kva snakkar me om? Jo, det handlar om kapasiteten til den nye sjøvatn-pumpa hjå Sterling White Halibut.
    Sterling White Halibut er bedrifta som driv med kveiteoppdrett heilt i ”enden” på Ropeidhalvøya, og i desember byta dei ut den gamle pumpa med ei splitter ny. Det er ganske utruleg å tenke på at det går 1.200 liter igjennom pumpa kvart sekund!

  • KORPSKONSERT

    På sundag deltok Marvik Musikkorps på korpskonsert i Kulturhuset i saman med musikkorpsa på Sand, Suldalsosen, Erfjord og Jelsa. Det vart ein flott musikalsk oppleving for både musikantar og publikum.

  • BUTIKKOPNING I MARVIK DEN 21.MARS

    Den 21.mars opnar MARVIK LANDHANDEL. Det blir ein Matkroken-butikk som høyrer til i Ica-kjeden.

  • IDÈMYLDRINGSKVELD

    Sist onsdag arrangerte Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag idèmyldringskveld på Grendahuset.

  • SR-BANK INVITERER TIL MØTE OM PENSJON

    Veit du kva du får i pensjon? Tysdag 8.februar inviterer SR-Bank til meir informasjon om temaet og litt til...
    Her finn du INVITASJONEN.

  • EIN BARNEHAGEDOKUMENTAR

    På måndag 31.januar kl.14.00, inviterar Kjølvikstølen barnehage foreldre, besteforeldre og sysken til KINO
    Dei skal vise filmen Ein barnehagedokumentar på storskjerm i ekte kinostil. Dette er ein eigenprodusert film i frå barnehagekvardagen i Kjølvikstølen.
    Det vil bli kiosksal på førehand, og sal av inngongsbillettar. Filmen varar i ca. 1/2 time, og etter det er det vidare sal og underhaldning. 
    Inntekta går til Forut-prosjektet.

  • AKTIVITETAR I REGI AV BYGDEKVINNELAGET

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har lagt ut program for 1.halvår 2011. Dei kan freiste med ulike aktivitetar, turar og jubileumsfeiring. Gå inn på sida under Lag og organisasjonar og les meir.

  • KOMMUNESAMANSLÅING I RYFYLKE

    Er du interessert i å lese rapporten i frå Telemarksforskning om Kommunesamanslåing i Ryfylke? Rapporten blei presentert på Arena Ryfylke konferansen på Sand denne veka, og du kan lese heile rapporten her.
    Ryfylke IKS har lagt ut innlegga i frå Bent A. Brandtzæg, Matz Sandman og Tom Hetland på heimesida si, og desse finn du her.
    Kva fordelar og ulemper finst for oss på Ropeidhalvøya, dersom me blir ein del av ein større Ryfylke-kommune? Me inviterar til debatt og opnar for innlegg på nettstaden. Ta kontakt med oss. 

  • GODT BESØK PÅ NETTSTADEN

    Statistikken syner at nettstaden hadde ein auke i antall unike besøk i siste halvdel av 2010. Desember var den beste månaden med totalt 661 unike besøk og over 82.000 treff.
    Dette syner at fleire og fleire er innom ropeidhalvoya.com og me vonar at auken fortsett i 2011.
    Redaksjonen er heilt avhengig av tips i frå fastbuande, hyttefolk og andre som har noko å fortelje. Kontakt oss for små og store hendingar. Me treng også fleire bloggararLaughing.

  • KOR MANGE FLEIRE HALVØYBUAR BLEI ME I 2010?

    Redaksjonen treng hjelp til å finne ut kor mange fleire halvøybuar me blei i 2010.
    Reknestykket blir; fødde + tilflyttarar - døde - utflyttarar = ant. fleire halvøybuar.
    Send oss ei melding om status i grenda diSmile

  • JOKER MARVIK VERT STENGT FOR EIN PERIODE

    Butikken i Marvik hadde siste opningsdag på nyttårsaftan, og vil halde stengt i ein periode fram til ein ny butikkdrivar kjem på plass.

  • HALVØYBU NR. 4 BLEI FØDD HEILT PÅ TAMPEN AV DET GAMLE ÅRET!

    Me gratulerer Astrid Marvik Bastlien og Lars Terje Øvrebø med den vesle jenta, Ingrid Andrea, som vart fødd den 30.desember 2010. Det er muligens over 80 år sidan sist det vart fødd born på Ytre Åserøy!

  • BILETE I FRÅ ÅRET SOM HAR GÅTT

    {besps}bildepresentasjon2010{/besps}

  • KVEN VIL DU ME SKAL INTERVJUE TIL ÅRETS SISTE PORTRETT?

    Er det ein person du kunne tenke deg å lese om i Månadens portrett  i desember? Redaksjonen ønskjer å få inn forslag - det kan vere deg sjølv, nokon du kjenner eller ønskjer å bli nærare kjent med. Send ein sms til Nina på 90 99 63 24 eller e-post nina.ostebo@gmail.com.

  • VELKOMEN TIL LUCIAFEST!

    Marvik Musikkorps og Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag ønskjer alle velkomen til Luciafest på Grendahuset laurdag 11.desember. Festen byrjar kl.19.00.

  • BYGDEKVINNER OPNAR BYGDA

    "Det finst mange gode bygder rundt i landet. Men ikkje alle er naudsynlegvis like gode å flytte inn i. Kva kan ein gjere for at bygda skal bli rausare - meir open - meir inkluderande?" 
    Dette kan ein lese i Bygdekvinner nr. 4 10, og det handlar om Bygdekvinnelaget sitt prosjekt i 2011 - 2012, Bygdekvinnelaget opnar bygda. Prosjektet skal bidra til å stabilisere eller auke befolkninga i distrikta og gjere bygda meir attraktiv både som buplass eller lokaliseringsval for bedrifter.
    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har bestemt at dei vil jobbe målretta med fleire tiltak dei neste to åra for å gjere halvøya til ei endå bedre bygd å bu i og å flytte til. 
    Du kan lese meir i Bygdekvinner nr. 4 10. 

  • VIL DU VERE MED PÅ JULEKAKEBAKING?

    Onsdag 1.desember blir det julekakebaking på Marvik skule i frå kl.19.00.
    Vil du gjere unna 4 sortar på ein gong?
    Meld deg på hjå Bygdekvinnelaget på tlf. 90 99 63 24 - innan 28.11. 
    Gratis for medlemer og kr. 50,- for andre.

  • VELKOMEN TIL JULEOPNING PÅ KLOPPÅ

    Helge, Torill og Ingar inviterar til juleopning og 5-års jubileum på Kloppå, fredag 26.november kl.18.00.
    Tenning av julegran, korpset spelar, servering av graut og julekaker og gode tilbod i butikken.
    VELKOMEN.

  • JULETREPRODUKSJON PÅ HEBNES

    Hjå Lena Nergård og Jan Magne Myhre på Hebnes, er dei i full gong med å hogge årets juletre. Dei skal levere 3.500 tre i år og dei byrja hogsten allereie den 3.november. Nokon syns kanskje det er litt vel tidleg å tenke på jul i byrjinga av november, men for Lena og Jan Magne går det i juletre mest heile året. Akkurat no er dei 4 personar som arbeidar med å hogge, pakke og laste. Om nokre veker er dei siste juletrea sendt av garde og står nok pynta og fine i norske og tyske heimar på julaftan.

     

     

  • BYGDEKVINNELAGET INFORMERAR

    JULEMESSA
    På Kjølvikstølen laurdag 27.november i frå kl.11.00 - 15.00. Kafé og utlodding med fine gevinstar.

    JULEKAKEBAKING
    På Marvik skule onsdag 1.desember kl.19.00.
    Påmelding til Nina på mobil: 90 99 63 24.

    Bilete i frå julemessa i fjor:
     
     

     

  • JOKER MARVIK INVITERAR TIL KUNDEKVELDS

    På fredag kan du både handla og få deg kveldsmat på butikken i Marvik. Kundekvelds i frå kl.17.00 - 20.00. VELKOMEN TIL ALLE!

  • TRENINGSTIDER FOR FOTBALL

    Organisert fotballtrening vert som før, på torsdagar. Gå inn på Haugil si side for meir informasjon.

  • GRYTENUTEN 4H SIN HAUSTFEST

    Det vart ein veldig kjekk kveld på Grendahuset då Grytenuten 4H arrangerte Haustfesten sin, fredag 29.oktober. Du kan lese og sjå meir her.

  • FRIST FOR PÅMELDING TIL SMALAHÅVEFEST ER 3.NOVEMBER

    Det er enno muleg å melde seg på smalahåvefesten laurdag den 6.november.
    Ring eller send sms til Svein Ove på tlf: 41 28 09 35.
    Kr. 400,- for mat og dans.
    Kr. 200,- for dans.
    Open bar.

    VELKOMEN TIL EIN HYGGELEG KVELD!

  • SUNDAGSMIDDAG I MARVIK

    Sundag 24.oktober serverar kaféen i Marvik komler med tilbehør og dessert. Kaféen har ope i frå kl.13.00 - 16.00. VELBEKOMME! 

  • INFORMASJON I FRÅ HAUGIL

    Alle må levere inn fotballdraktane dei har brukt denne sesongen nå.  Dei kan leveras til trenarane eller til Ellen.
     

  • BASAR I KJØLVIK I DAG

    I kveld inviterar Vormestrands kvinneforening til basar i Kjølvik. Mange fine gevinstar og eiga barnebok. Lars Olav Fjetland og Elisabeth Litlehamar vil spela og synga. HJARTELEG VELKOMEN TIL ALLE! 

  • HAUSTFEST

    Grytenuten 4H inviterer til haustfest på Kjølvikstølen fredag 29.
    oktober klokka 18.30.
    Det blir utstilling, underhaldning, utdeling av merke, lodd-sal, mat
    og mykje kos!
    Det kostar 60 for vaksne og 30 for barn.
    Familiepris:180 kroner.

    Fram til då har 4H-arane våre det travelt med å gjere ferdig prosjekta
    sine, øve på sketsj og dans og lage til fest. Vil du sjå kva vi driv
    på med, må du gjerne besøke oss på
    http://www.4h.no/Rogaland/Grytenuten-4H/Default.aspx

    Helsing Grytenuten 4H

  • UNGDOMSLAGET INVITERAR TIL SMALAHÅVEFEST

    Laurdag 6.november, inviterar Ropeidhalvøya Ungdomslag til den årlege smalahåvefesten på Kjøkvikstølen Grendahus. Meir informasjon kjem på nettstaden og på plakatar, men ein kan allereie no melde seg på til Svein Ove på tlf: 41 28 09 35.

  • INFORMASJON

    Marvik kafé har servering av varm mat kvar laurdag.

  • FOTOKONKURRANSE - "MIN HAUSTFERIE"

    Grendeutvalet inviterar alle halvøybuar og hyttefolk til å delta i ein uhøgtidleg FOTOKONKURRANSE, kor tema er "Min haustferie". Me ønskjer alle slags bilete i frå akkurat din haustferie. Skal du vere heime eller på hytta, gå tur i fjellet eller kanskje reise langt bort? Ta med kamera, knips i veg og send dei beste til ossWink! INGA ALDERSGRENSE.

    Bileta kan sendast til nina.ostebo@gmail.com i jpg-format og du kan senda maks 5 bilete.  
    Me ønskjer å kunne publisere innsendte bilete fritt på nettstaden. Siste frist for innsending er fredag 22.oktober. Ein jury vil plukke ut ein vinnar som vil få ein fin premie.   

  • FRITIDSKLUBBEN

    Gå inn på Bygdekvinnelaget si side og finn datoane for fritidsklubben fram til jul. Fritidsklubben er på Grendahuset ca. annakvar onsdag i frå kl.19.00 - 21.30, for 7. - 10.klasse .

  • NY TID FOR STEP TRENING PÅ TYSDAG 28.9.

    Det er stor aktivitet på Grendahuset, og det er kjektLaughing! Difor startar step treninga kl.20.30 på tysdag 28.september, og ikkje kl.20.00 som tidligare annonsert. Førebels er det berre denne dagen kor tidspunktet er endra. Elisabeth vil gje nærare informasjon til alle på tysdag.

  • BILETE I FRÅ BYGDACUPEN I DAG

    I strålande ver fekk me sjå både byassar og bygdefolk i aksjon på fotballbanen. Det vart Youngboys som til slutt vann cup`en og spelarane vart belønna med ei stor fruktkorg kvar.
    I tillegg var det fleire som fekk med seg fine gevinstar i frå loddsalet.
    Me GRATULERAR alle laga som stilte opp og legg ved nokre bilete: 
     

  • SISTE FRIST FOR PÅMELDING AV LAG TIL BYGDACUP

    No nærmar det seg årets bygdacup og Haugil har fått inn påmeldingar i frå Liggeunderlaget, Bønder å byassa, Youngboys og Utante og innante.  Me skulle gjerne hatt med nokon fleire.
    Vil du vere med å ha det kjekt i lag med andre? Ta kontakt med Ole Johan, på 90 62 96 46 for påmeldingLaughing.

  • OPPSTART AV STEP TRENING

    Det vil bli oppstart av step trening på Grendahuset tysdag den 28.9. i frå kl.20.00 - 21.00. Ta med stepkasse, matte, handkle, gode sko og drikke. Kontaktperson er Elisabeth Bjørkhaug, som er å treffe på telefon; 98 49 43 00. ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!

  • HAUSTFESTEN TIL GRYTENUTEN 4H BLIR 29.OKTOBER

    Den tidligare annonserte haustfesten til Grytenuten 4H den 22.oktober, er flytta til 29.oktober. Haustfesten blir - i år som i fjor - på Kjølvikstølen Grendahus kl.18.00. 

  • BYGDACUP PÅ KJØLVIKSTØLEN DEN 26.SEPTEMBER

    Meir informasjon om Bygdacupen 2010 finn du her.

  • BYGDEKVINNELAGET 2.HALVÅR

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har møte den 1.onsdagen i månaden, og alle bygdekvinner er velkomne!
    Me har planlagt både filmkveld, tur i nærområdet og julekakebaking. Klikk deg inn på Bygdekvinnelaget si side og les meir.

  • NYTT I FRÅ IDRETTSLAGET HAUGIL

    Gå inn på Idrettslaget si side og les meir om Grendacup, sykkelritt og "nytt" trimromLaughing.

  • SULDALS FYRSTE FOLKEFJOS - PÅ ROPEIDHALVØYA SÅ KLART!

    Hjå Bjørn Kjetil og Anne Mette Askvik på Ropeidhalvøya, står 18 kyr fint på rekkje og rad og ventar på å få kome inn i den nye mjølkestallen. Seks om gongen slepp dei inn, og når dei er ferdige, ventar silo og kraftfôr. Etter ei god vekes innkøyring, er det no fred og fordrageligheit i det nye folkefjoset i Askvik.

  • LITT INFORMASJON I FRÅ KORPSET

    Marvik Musikkorps har fleire spanande arrangement til hausten. Gå inn på Musikkorpset si side og les meirSmile

  • TEK DU UTFORDRINGA?

    Norges Bygdeungdomslags (NBU) nye kulturprosjekt Norge Rundt for Amatører, er på jakt etter dei gode historiane i frå folk sin eigen heimstad.
    NBU ønskjer ei bevisstgjering av kjennskapen til eigen heimstad, fordi dei trur det er viktig for at folk skal bli buande eller flytte tilbake. Har du ei god historie om halvøya? Send den inn! Du finn meir informasjon om prosjektet
    her

  • GODT NYTT FOR ROPEIDHALVØYA?

    I Nationen i dag kan ein lese at mange byfolk ønskjer å flytte i frå byen til bygda. Dette er vel godt nytt for halvøya, men kva kan kommunen og innbyggjarane gjere for å få tak i desse folka?
    Her i redaksjonen har me fått e-post i frå nokon som er interesserte i å flytte til Ropeidhalvøya, og som ønskjer å vite meir om aktuelle arbeidsplassar og liknande. Det er kjekt at nettstaden når ut til potensielle tilflyttarar!
    Heile artikkelen i Nationen kan du lese
    her.

  • FLEIRE SOMMARBILETE

    Me har fått fleire sommarbilete i frå Marvik. Nokre av dei finn de her og eit par andre er lagt ut på Marvik Båtforening si side. Har du nokre bilete du vil dele med andre så send dei til oss!




     

  • BÅTFERIE I MARVIK

    I helga opna det nye bryggje,- og sanitæranlegget i Marvik. Me har fått dette bilete av Ellen M. Veggeberg som syner at båtfolket er på plass også i år Cool.

  • ST. HANS FEIRING PÅ KJØLVIKSTØLEN

    Ropeidhalvøya Grendeutval og Bygdekvinnelag inviterar alle til felles St. Hans feiring på Kjølvikstølen, onsdag 23.juni.

    • Grillen er varm i frå kl.19.00
    • Ta med grillmat og drikke
    • Sal av kaker og kaffi    

    VELKOMEN!        

  • SYKKELKLUBB I SULDAL - STIFTINGSMØTE

    På onsdag 9.juni vert det stiftingsmøte av sykkelklubb i Suldal. Det er Facebook gruppa "Vi som sykler i Suldal" som er initiativtakar.
    Kontaktperson: Hans Sæther.
    Stad: Montèrbygget 2.etg.(Garaneset)
    Kl: 19.00

    ALLE SOM ER INTERESSERT ER HJARTELEG VELKOMNE!

  • PÅMELDING TIL ETNE CUP

    Frist for påmelding og innbetaling til Etne cup er sundag 6.juni. Giro og informasjon er sendt ut, sjå også sida til Idrettslaget Haugil.

     

  • BLÅTUR TIL FOLDØY

    Bygdekvinnelaget inviterte til blåtur og 12 damer stilte opp på kaien på Hebnes kl.17.30 i går, (den 12.dama kom på, på båten). Der fekk me utdelt kvar vår lapp, som tilsaman utgjorde setninga Smile Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag på blåtur! Les og sjå kva me gjorde...

     

  • DISKO OG OVERNATTING

    Grytenuten 4H skal også i år ha sommaravslutning med disko og overnatting på Kjølvikstølen. Her kan du lese meir - GRYTENUTEN 4H. 

  • HAUGIL A-LAG

    Haugil A-lag har trening kvar onsdag kl.20.00 på Kjølvikstølen.
    Kontaktperson: Sigurd Slåtto
     

  • BLI MED PÅ BLÅTUR ONSDAG 2.JUNI

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag inviterar til blåtur, onsdag 2.juni i frå kl.17.30.

     

  • OPPKJØRING TIL NORDSJØRITTET

     

    Sykling har blitt den nye folkesporten og me veit om 4 halvøybuar som skal delta på Nordsjørittet i år. Treninga for desse starta for fleire månader sidan og formen er stigande.

  • HAUGIL SPELA 3 KAMPAR I KVELD

    Det var stor aktivitet på Kjølvikstølen i kveld, med både fotballkampar og foreldremøte i barnehagen. Her er resultata og bilete; 

  • SULDALSSERIEN 2010

    Jelsa Idrettslag er arrangør for Suldalsserien i 2010, og du finn ein oversikt over alle kampane her. Alle heimekampane til Haugil vil verta annonserte i Kalenderen og me tek gjerne imot bilete i frå kampane.

  • NYTT I FRÅ MARVIK MUSIKKORPS

    NYE MEDLEMMER OG ASPIRANTAR
    Me er så heldige at me i løpet av året har fått med oss tre vaksne i korpset som har vore med før!  Dersom det er fleire som har lyst å begynne er det berre å ta kontakt med ein i styret!
    I tillegg har me fått vita at det er tre aspirantar som har meldt seg inn i kulturskulen til neste år.
    Dette er godt nytt for korpset!!  

  • LEDIG STILLING HJÅ NORSK PLAN

    Det er ledig stilling som grafisk medarbeidar hjå Norsk Plan i Næringsbedet i Vatlandsvåg.
    Sjå heile utlysinga
    her.    

  • HALVØYBU NR. 3 ER FØDD!

    Me gratulerar Annette og Svein Ove med guten som blei fødd i dag.
    Ein litt pussig ting for dei som er interessert i slikt; Dei to siste borna som er fødde på halvøya har begge ei mor som heiter An(n)ette, ein far som er elektrikar og har mellomnamnet Ove.

  • PROTOKOLL I FRÅ ÅRSMØTET I KJØLVIKSTØLEN GRENDAHUS

    Protokoll i frå årsmøtet den 24.mars 2010 finn du her.