Velkomen til Ropeidhalvøya

– ei nyskapande bygd i Suldal!
På denne nettstaden kan du gjere deg kjent med Ropeidhalvøya – kven me er og kva me driv på med. Me har ein visjon om å bli den beste bygda å bu i og målet er å auke folketalet - då treng me akkurat deg!
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med oss.

  • 1.jpg
  • 2.jpg
  • 3.jpg
  • 4.jpg
  • 5.jpg
  • 6.jpg
  • 7.jpg
  • 8.jpg
  • 9.jpg
  • 10.jpg
  • 11.jpg
  • 12.jpg
  • 13.jpg
Smaller Default Larger
Filter
  • TRENING PÅ HALVØYA

    Har du planer om å starte det nye året med å vere litt meir aktiv? På halvøya er det fleire moglegheiter for å vere med på organisert trening.

    Det er IL HAUGIL som står for tilbodet, og det einaste kravet er at du har betalt person,- eller familiemedlemsskap.

    Kr. 300,- for personleg medlemsskap og kr. 700,- for familiemedlemsskap.

    Kontonummer: 3202.20.24654.

    Her er eit oversyn over treningstilbodet;
    Tysdag kl.19.30-20.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Anette Veen)
    Onsdag kl.18.30-19.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Borgny Haug)
    Onsdag kl.20.00-21.30 - fotball for vaksne
    Torsdag kl.17.00-21.00 - fotballtrening for miniknott, knott, lilleputt og ungdom. Sjå IL HAUGIL for nærare informasjon
    Søndag kl.19.30-20.30 - allsidig trening som høver alle (instruktør: Anette Veen)

  • GODT NYTT ÅR:)

     Ønskjer alle eit rektig godt nytt år - hugs å tips oss om kva som skjer på halvøya av stort og småttWink

  • SKIPINGSMØTE FOR GRENDAHUSET

    Minner om skipingsmøtet for Kjølvikstølen Grendahus
    onsdag 20. januar kl. 20.00.
     
    Sakliste:
    1.Opning
    2.Godkjenning av vedtekter
    3.Val
     
    Det blir servert gode kaker, kaffi og brus.
     
    Håpar du kjem!
     
    Interimstyret for Grendahuset.
  • GODT NYTT ÅR!

    Me ønskjer alle halvøybuar og besøkande eit rektig godt nytt år!
    Oppmodar alle til å sende inn ting som skjer på halvøya, eller andre stader og som kan vere av interesse for halvøybuen, til nina.ostebo(a)gmail.com. Då vil det bli lagt inn i Kalenderen. Har du ein sak du ønskjer å fortelje om? Ta kontakt så legg me det ut på nettsidaSmile 

  • MØTER OG ARRANGEMENT

    Datoane for gutalag og søndagsskulen er no lagt ut i kalenderen på høgre sida.
    Alle som vil, kan få lagt ut diverse arrangement og møter som kan vere av interesse for fastbuande og andre.
    Ta kontakt med Nina Østebø på e-post nina.ostebo(a)gmail.com eller telefon 90996324.

  • SKYTETRENING FRÅ MÅNDAG 5.JANUAR

    Hebnes Skyttarlag melder om at skytetrening startar opp att måndag 5.januar. 
    Trening frå kl.18.00 for 5.-10.kl, og frå kl.20.00 for vaksne.
    Det er ikkje trening for 5.-10.kl når det er skulefri (den 26.1. og 16.2.).
    Siste skytetrening for 5.-10.kl. er måndag 23.mars og for vaksne den 30.mars.

  • NY HALVØYREVY!

    Då er det bestemt, det vert ny halvøyrevy! Ryktene fortel at målet er "å toppa heile skiten", og det lovar jo godtLaughing.
    Kva er vel ein revy utan hårete mål??


    Har du lyst å vere med som musikar eller skodespelar? Ikkje ver beskjeden, dette kan vere det kjekkaste du nokon gong har vore med på.

    Er du interessert eller vil vite meir, ta kontakt med Ole Johan Østebø eller Elisabeth Bjørkhaug, innan tysdag 13.januar.


     

     

  • NYE HURTIGBÅTRUTER

    Godt nytt år og hipp-hurra for ny hurtigbåtrute!
    Kl.05.20 frå måndag til fredag kan du no ta båten frå Hebnes med byte på Judaberg, og vere i Stavanger kl.07.05.
    No er moglegheiten endå større til å kunne jobbe eller å gå på skule i Stavanger, utan å måtte bu der. No har me også moglegheiten til å ta tidleg fly frå Sola utan ekstrakostnaden med hotellovernatting. På fredag og laurdag har me også fått ein ekstra avgang kl.23.00, som er på Hebnes kl.00.55. Då er det berre å oppmode alle om å nytte seg av tilbodet.

    Du finn dei nye båtrutene på KOLUMBUS.
     

  • JENTELAGET STARTAR OPP ATT:-)

    Heidi, Britt Elin og Karin ønskjer velkomen til opningskveld for jentelaget på Kjølvik bedehus tysdag 28.januar kl.19.00-20.30. Dette er same dag og tidspunkt som gutalaget, og slik vil det bli frametter. Dette er ei gladmelding til alle oss foreldre som er i "bringe,- og hentebransjen"Laughing.
    Det er lagt opp til mange kjekke aktivitetar som mellom anna scrapbooking, spelekveld, pynting av cupcakes, kor og mykje meir.

  • AKTIVITETAR BYGDEKVINNELAGET

    AKTIVITETAR 2014, i regi av Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag.

    5. Feb: Kjellarbesøk hjå Anne Lise Aartun.
    5. Mars: Skyting.
    2. April: Arrangement på Sand i samarbeid med Sand Bygdekvinnelag.
    7. Mai: Gå på tur. 
    4. Juni: Blåtur
    3. Sept: Tatlekveld med utloddning.
    1. Okt: Årsmøte
    Nov: Damenes aften (dato kjem seinare).
    3. Des: julekakebaking.

  • EKSTRAFORESTILLING REVY

    Det blir ekstraforestilling på revyframsyninga "Utlebøen bensin og spøt" på Kjølvikstølen grendahus 18.01.14 kl. 18.00.

    Dørene opnar kl. 17.30, og det blir sal i kiosk før framsyninga.

    Pris vaksne kr. 150,- Born (u.12 år) kr. 100,- Billettar kan ein kjøpa på Kloppå, Joker Vatlandsvåg.

    Alle er velkomne, og revygjengen er igjen klare for å løfta taket på Grendahuset. 

  • HEBNES SKYTTARLAG INFORMERAR

    Måndag 6.januar kl.18.00 startar Hebnes Skyttarlag opp att innandørs skytetrening for 5.-10.klasse.
    Kl.20.00 er det skytetrening for vaksne over 16 år.

  • BYGDEKVINNELAGET SIN ÅRSPLAN

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har lagt ut årsplan for 2013 og dei har mykje på "tapetet"!
    Sett av fyrste onsdagen i månaden om du vil vere med på skyting, "tatlekveld", blåtur, kurs og mykje meir.
    Du finn heile årsplanen på sida til BYGDEKVINNELAGET.

  • 17.MAI KOMITEEN SKAL HA MØTE

    17.mai komiteen skal ha møte på Grendahuset måndag 28.januar kl.20.00.
    Sakliste:
    - Gjennomgong av fjoråret
    - Val av leiar, nestleiar, kasserar og skrivar
    - Inne/utekomitè med leiar
    - Forslag til talar
    - Forslag til program
    - Val ev leiker
    - Innkjøp av mat/premiar

    For spørsmål, kontakt Anne Margrete Høie, mobil 99583452

  • NYTT ÅR, NYE MOGLEGHEITER!

    Nytt år, nye moglegheiter. Då det ofte er den aktive delen me fokuserar på i januar månad har me samla ei oversikt over nokre treningstilbod på Ropeidhalvøya HER. Informasjona er innhenta frå Idrettslaget Haugil. Ein kan finna nærare informasjon ved å klikka seg inn på lenka til Haugil. Lukke til!

  • REVY MØTE

    Me vil minna om "Myldremøte" ang. REVY på Grendahuset no onsdag kl. 19.30. Kan du bidra i kulissane eller på scena? Det trengs hjelp til så mangt, og ikkje minst idear for å i det heile tatt realisera revyen. Så vil og kan du bidra me kva som helst er du hjarteleg velkommen på onsdag! Dette er ein revy som blir "sparka i gang" av bygdekvinnelaget, men der slutter også bygdekvinnelagets innsats. Dette blir folkets revy, og du er velkommen anten du er bygdekvinne eller bygdemann! Onsdag kl. 19.30 på Grendahuset! Vel møtt.

  • MØTE I GRENDEUTVALET PÅ TYSDAG

    Tysdag 31.januar er det møte i grendeutvalet på Marvik skule kl.19.00.
    Møte er ope for alle.

    Sakliste:
    1/12 Referat og meldingar
    2/12 Detaljplan gnr.112 bnr 1 .fl. Leirvikja, Hebnes
    3/12 Årsplan for 2012

  • UNGDOMSFREDAG PÅ KULTURHUSET

    I kveld har kulturhuset ope for kino og bowling, særleg retta mot skuleungdom. Dørene er ope i frå kl.18.00-23.00.
    Kl. 21.00 er det Noregspremiere på Mission Impossible - Ghost Protocol (15 år).

    Ungdomsfredagane vidare vert:

    - 10.februar - noregspremiere på filmen Pus med støvler
    - 16.mars - noregspremiere på filmen Hugo Cabret
    - 20.april - noregspremiere på filmen Battleship (15 år)

  • BYTEKVELD

    Bygdekvinnelaget inviterar til kjøpe/selje/byte/gi bort-kveld på Grendahuset torsdag 2.feb i frå kl. 18.00-19.30.
    Har du noko, fortrinnsvis sportsartiklar/barneutstyr o.l. du vil selja, byta eller gi bort så møt opp.
    Alle er ansvarlege for sine eigne ting - det du ikkje får byta/solgt/gitt bort, må du ta med deg heim att.
    Og til deg som treng noko, 1.mann til mølla gjelder!Wink

  • BRØYTING OG STRØYING

    Suldal kommune har brøytekontrakt med
    Roald Vatland 97 77 86 71,
    for kommunal veg på Ropeidhalvøya.
    Det er Risa AS som har brøyting av Rv og Fv i Suldal kommune og du ringjer vakttelefon for Statens vegvesen 175 dersom det er noko med brøyting / strøying på desse vegane.

  • SUNDAGSSKULEN

    No er datoane for sundagsskulen lagt inn i kalenderen for 1.halvår.
    Velkomen til alle på Kjølvik bedehus i frå kl.10.30 - 11.15.

  • BODY PUMP - SIRKELTRENING

    Minnar om trening kvar sundag med Anette Veen på Grendahuset.
    Body pump - sirkeltrening i frå kl.1900 - 20.00.
    Alle er velkomne til ei god treningsøkt!

  • AKTIVITETAR I BYGDEKVINNELAGET

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag er klar med nye aktivitetar fram til sommaren.
    Me vil gjerne ha med fleire og dei fleste av aktivitetane våre er opne for alle. Ta kontakt med leiar Mette Vatland viss du er interessert i å vite meir.
    Her finn du meir informasjon om aktivitetane og datoar.

  • NYTT GRENDEUTVAL

    Kommunestyret har vald nye grendeutval i alle grendene, for perioden 2012 - 2015.
    Torbjørg Tveita er leiar for det nye grendeutvalet på Ropeidhalvøya.

  • ME ØNSKJER EIT NYTT ÅR VELKOMEN!

    Godt nytt år til alle saman!
    Også dette året vil me gjere vårt beste i å oppdatere nettstaden med informasjon om kva som skjer på Ropeidhalvøya og omegn. Ting som kan vere av interesse for både halvøybu og hyttefolk, og redaksjonen tek imot tips med gledeSmile.
    Me startar det nye året med januar-bilete i frå Ropeidhalvøyakalenderen som syner Elisabeth Bjørkhaug på topppen av varden på Grytenuten;

    "Ytst ute i fjorden, suldølen lengst imot vest;
    Halvøynå ligg der i solskin og blest."


  • SR-BANK INVITERER TIL MØTE OM PENSJON

    Veit du kva du får i pensjon? Tysdag 8.februar inviterer SR-Bank til meir informasjon om temaet og litt til...
    Her finn du INVITASJONEN.

  • EIN BARNEHAGEDOKUMENTAR

    På måndag 31.januar kl.14.00, inviterar Kjølvikstølen barnehage foreldre, besteforeldre og sysken til KINO
    Dei skal vise filmen Ein barnehagedokumentar på storskjerm i ekte kinostil. Dette er ein eigenprodusert film i frå barnehagekvardagen i Kjølvikstølen.
    Det vil bli kiosksal på førehand, og sal av inngongsbillettar. Filmen varar i ca. 1/2 time, og etter det er det vidare sal og underhaldning. 
    Inntekta går til Forut-prosjektet.

  • AKTIVITETAR I REGI AV BYGDEKVINNELAGET

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har lagt ut program for 1.halvår 2011. Dei kan freiste med ulike aktivitetar, turar og jubileumsfeiring. Gå inn på sida under Lag og organisasjonar og les meir.

  • KOMMUNESAMANSLÅING I RYFYLKE

    Er du interessert i å lese rapporten i frå Telemarksforskning om Kommunesamanslåing i Ryfylke? Rapporten blei presentert på Arena Ryfylke konferansen på Sand denne veka, og du kan lese heile rapporten her.
    Ryfylke IKS har lagt ut innlegga i frå Bent A. Brandtzæg, Matz Sandman og Tom Hetland på heimesida si, og desse finn du her.
    Kva fordelar og ulemper finst for oss på Ropeidhalvøya, dersom me blir ein del av ein større Ryfylke-kommune? Me inviterar til debatt og opnar for innlegg på nettstaden. Ta kontakt med oss. 

  • GODT BESØK PÅ NETTSTADEN

    Statistikken syner at nettstaden hadde ein auke i antall unike besøk i siste halvdel av 2010. Desember var den beste månaden med totalt 661 unike besøk og over 82.000 treff.
    Dette syner at fleire og fleire er innom ropeidhalvoya.com og me vonar at auken fortsett i 2011.
    Redaksjonen er heilt avhengig av tips i frå fastbuande, hyttefolk og andre som har noko å fortelje. Kontakt oss for små og store hendingar. Me treng også fleire bloggararLaughing.

  • KOR MANGE FLEIRE HALVØYBUAR BLEI ME I 2010?

    Redaksjonen treng hjelp til å finne ut kor mange fleire halvøybuar me blei i 2010.
    Reknestykket blir; fødde + tilflyttarar - døde - utflyttarar = ant. fleire halvøybuar.
    Send oss ei melding om status i grenda diSmile

  • JOKER MARVIK VERT STENGT FOR EIN PERIODE

    Butikken i Marvik hadde siste opningsdag på nyttårsaftan, og vil halde stengt i ein periode fram til ein ny butikkdrivar kjem på plass.

  • HALVØYBU NR. 4 BLEI FØDD HEILT PÅ TAMPEN AV DET GAMLE ÅRET!

    Me gratulerer Astrid Marvik Bastlien og Lars Terje Øvrebø med den vesle jenta, Ingrid Andrea, som vart fødd den 30.desember 2010. Det er muligens over 80 år sidan sist det vart fødd born på Ytre Åserøy!