Velkomen til Ropeidhalvøya

– ei nyskapande bygd i Suldal!
På denne nettstaden kan du gjere deg kjent med Ropeidhalvøya – kven me er og kva me driv på med. Me har ein visjon om å bli den beste bygda å bu i og målet er å auke folketalet - då treng me akkurat deg!
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med oss.

  • 1.jpg
  • 2.jpg
  • 3.jpg
  • 4.jpg
  • 5.jpg
  • 6.jpg
  • 7.jpg
  • 8.jpg
  • 9.jpg
  • 10.jpg
  • 11.jpg
  • 12.jpg
  • 13.jpg
Smaller Default Larger
Filter
  • FOR ALLE


    Sparebankstiftelsen SR-Bank har ei støtteordning som er retta mot lag og foreiningar som har aktivitetstilbod for born og unge. Denne støtteordninga vert kalla For Alle og ein kan søkje om midlar i perioden 19.august - 19.september.

    Kanskje ditt lag eller foreining kan søkje på desse midlane?

    Les meir om ordninga HER.

    Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Lars Arne Bjørkland på e-post:
    lars-bjorkland(a)hotmail.com.

  • ALLMØTE OM FRAMTIDAS ELDREOMSORG

    Ropeidhalvøya Grendeutval inviterer til allmøte med open høyring om framtidas eldreomsorg, tysdag 8.august kl.19.00 på Kjølvikstølen Grendahus.
    Kl.20.00 vert det ordinært grendeutvalsmøte.

    Har du tankar og innspel om framtidas eldreomsorg, som du syns grendeutvalsmedlemene bør høyra? Då må du koma på møtet kl.19.00. Det er også mogleg å senda inn høyringsuttale til Suldal kommune. Fristen er 15.august.

    For meir informasjon, sjå HER.

  • TOUR DES FJORDS OVER SANDSFJORDBRUA

    Tour des Fjords er eit sykkelritt som vart arrangert første gong i 2013. Rittet er på 5 etappar, og på fredag 2.september går 3.etappe frå Ulvik med målgang på Suldalsosen. Folk er inviterte til å lage ein folkefest langs løypa, og i frå kl.16.00 venter med på at syklistane skal kome til Ropeidhalvøya.

    Marvik Musikkorps vil stå ved vegen og spele (ved garden til Liv Jorunn Øvrebø), og alle er velkomne til å vere med å heie fram syklistane som altså kjem frå Hardanger, via Sauda, over Sandsfjordbrua og har målgong på Suldalsosen. Møt opp før kl.16.00.Laughing Gå inn på heimesida til Tour des Fjords, eller på Facebook for å få meir informasjon om program og følg ryttarane live langs vegen. 

  • HÆRVERK I BARNEHAGEN

    Me er veldig glad i den flotte barnehagen og det fine uteområdet me har her på Kjølvikstølen.
    Derfor syns me det er veldig trist når me somme gonger ser at nokon har vore i barnehagen og gjort hærverk. Av og til finn me knuste flasker der borna leiker, andre gonger er leikeapparata velta eller flytta på. I dag fann me at nokon hadde fjerna vindauget i leikehytta. Dette syns me ikkje er noko kjekt!

    Borna kan skade seg på glasbråt, og me som jobbar her brukar mykje tid på å rydda og sette leikeapparat på plass. Somme gonger må me bruke av barnehagen sine penger for å fikse ting som er øydelagt av hærverk – penger som me kunne brukt på kjekke ting i staden. 
    Me vil vurdere ulike tiltak for å få slutt på hærverket - å melde til politiet vil vere eit slikt tiltak.

    Me vil gjerne at alle born skal ha glede av å leike i barnehagen, også på kveldstid og i helger.
    Så derfor  oppmodar me alle – både born og vaksne – om å ta eit ansvar for barnehagen og sjå etter at det ikkje vert utført hærverk når du er på besøk i barnehagen eller på ein aktivitet eller eit arrangement på Grendahuset.
    Takk for at du bryr deg om barnehagen vår!

    Helsing oss i Kjølvikstølen barnehage.

  • HAR DU LEIKER DU ØNSKJER Å GJE VEKK?

    Kjølvikstølen Barnehage er på jakt etter både uteleiker og inneleiker, som til dømes bilar, traktorar, lastebilar, dokker med dokkekler, puslespel, bøker, lego og duplo. Leikene bør vere i god stand og reine. 

    Har du nokre leiker du ønskjer å gje vekk så ta kontakt med Kjølvikstølen Barnehage på telefon 52 79 57 10.

  • BASAR 3.SEPTEMBER

    Velkomen til basar på Kjølvik bedehus laurdag 3.september kl.18.00.
    Andakt v/Anne Kristine Rosberg.
    Kaffi og mat.

    NLM

  • IL HAUGIL SØKJER NY SPONSOR


    IL Haugil søkjer ny sponsor til fotballshortser.

    I 2016 skal Haugil-spelarane få nye fotballdraktar med nye sponsorar.
    Har DU/ditt firma lyst å vera på shortsen vår??

    Ta kontakt med Anette Veen:
    mobil: 95 86 18 75
    e-post: anette-veen(a)hotmail.com eller ilhaugil(a)gmail.com.

    Me gler oss til å høyra i frå deg!Laughing
  • KONKURRANSE PÅ FACEBOOK

    Ropeidhalvøya bygdekvinnelag deltek i Hervik sin konkurranse på facebook. Vinn Bygdekvinnelaget pengepotten i dei 3 førsteplassane vil dette gå til frukt og bær til elevane ved Marvik skule gjennom heile året. Vil du vere med å støtte bygdekvinnelaget, kan du inn og stemme kvar dag i August. Hjelp Bygdekvinnelaget med å klatre opp HER.

  • MØTE I GRENDEUTVALET 26.AUGUST

    Ropeidhalvøya Grendeutval har møte på Kjølvikstølen Grendehus tysdag 26.august.
    Blant sakene som skal diskuterast er Kommuneplanen som ligg ute til høyring.
    Alle møta i Grendeutvala er opne for tilhøyrarar.
    Sjå heile saklista ved å klikke på den aktuelle datoen på Kalenderen til høgre.

    Velkomen!

  • HAUGIL INFORMERER

    Det er med stor glede at leiar, Daniel Cremer, kan melde om at håndballgruppa i HAUGIL har fått RYFYLKE FJORDHAGE som sin hovudsponsor. Innkjøp av draktar og planlegging av turnering kan såleis starteSmile.

    PÅMINNING HALVØYCUP - Har du ikkje meldt deg på Halvøycupen enno? Då må du gjere det så snart som mogleg, det er neste laurdag, den 23.august det skjer! Ta kontakt med Daniel på telefon 95 86 37 11.

  • HALVØYCUP LAURDAG 7.SEPTEMBER

    Idrettslaget Haugil melder om at årets Halvøycup blir på laurdag 7.september.
    Påmelding av lag til Daniel Cremer på tlf: 95863711, innan fredag 6.9.
    Einskildspelarar kan melde seg laurdag morgon og få tildelt eit lag.
    Det vert offisiell opning av ballbingen.
    Halvøycupen startar med turnering med blanda lag av miniknott og knott, kl.10.00.
    Ta med ein god stol og hei på ditt favorittlag!
    VELKOMEN TIL ALLELaughing

  • VASKEJOBB PÅ GRENDAHUSET

    Det er no ledig vaskejobb på Kjølvikstølen grendahus.

    Ta kontakt med Sissel Vatland på tlf: 952 00 894. 

  • Tilbakeblikk på Norway Cup

    Haugil J15-16 har vore med på sommarens vakraste eventyr, Norway Cup 2013. Her kan du sjå kva dei sjølve tenkjer tilbake på med mest glede!

  • EI VEKE TIL SKULESTART

    I dag er det ei veke til skulestart i Suldal. Det blir ein mjuk start med 2 dagar på skulen og så nokre dagar fri.
    Og til alle dykk ungdommar som skal byrje på vidaregåande skule - lukke til!
    Her finn du SKULERUTA for Suldal.

  • IDRETTSLAGET HAUGIL PÅ NORWAY CUP

    Les om Haugil-jentene på Norway Cup i Haugesunds Avis.
    Me kjem attende med meir stoff og bilete i frå turenSmile.

  • SKYTEPRØVE FOR STORVILTJEGERAR

    Hebnes Skyttarlag har sett av følgjande dagar til trening og skyteprøve:
    Fredag 2. og 16.august kl. 19.00-21.00
    Laurdag 3. og 17.august kl.10.00-12.00
    Sundag 4. og 18.august kl.13.00-14.00
    Sundag 18.8 i frå kl.14.00 blir det "Skytingens Dag" og klubbmesterskap.

  • NYE TRENARAR FOR KNOTT

    Idrettslaget HAUGIL informerar om at det er nye trenarar for Knott.
    Dei nye trenarane er;
    Camilla Hebnes Tobekk
    Idunn Lindal Haug
    Ida Linnea Hebnes


    Sverre T. Østebø er gått ut som vara til styret.

  • KALENDERBILETE I AUGUST

    Nokre veker av skuleferien står att, og som i fjor og alle åra før det igjen skal snart fleire ungdommar i frå halvøya prøve hybellivet for fyrste gong.
    Nokre av dei skal studere i Sauda, Finnøy eller Nedstrand, mens andre skal til Stavanger/Sandnes og kanskje endå lengre vekk?

    Kalenderbilete i august syner Lise Østebø - ho er ei av desse ungdommane.

    "I unge år reiser mange ut.
    Dei treng meir vidsyn enn heimsleg nut."

  • KOMMUNEBØRSEN PÅ DAGBLADET.NO

    Suldal kommune får høge score på Kommunebørsen. Dagbladet har mellom anna sett på kor det er best å jobbe, beste skulekommune og helsetenestetilbod.
    Du finn meir informasjon
    her.

  • SNART SKULESTART

    Det nærmar seg snart skulestart, og foreldre og elevar kan finne informasjon om skulemjølk, leksehjelp, SFO og skulerute på nettsidene til Marvik skule og Sand skule.

  • SULDALSCUP OG GRENDACUP I SEPTEMBER

    Idrettslaget Haugil melder at det blir Suldalscup laurdag den 17.september og Grendacup sundag den 18.september. Det vil bli lagt ut meir informasjon på Haugil si side. 

  • MELD INN ARRANGEMENT TIL NETTSIDA

    Planlegg du eller din organisasjon eit arrangement, trening, samankomst eller liknande, så vil me gjerne ha beskjed slik at me kan få det inn i Kalenderen for Ropeidhalvøya.
    Du kan sende det inn på e-post til
    nina.ostebo@gmail.com
    eller sms til 90 99 63 24.
    Elles vil me gjerne ha tips om stort og smått som me kan skrive om. 

  • PÅ ONSDAG KJEM FRISØREN

    På onsdag 10.august kjem Antjes frisør på Grendahuset.
    For bestilling av time, ring 52 79 05 55 eller 98 81 59 14.

  • MARVIK OMTALT I MAGASINET BÅTLIV

    I siste utgåve av magasinet Båtliv kan ein lese om skipper Arnulf sine 5 favoritthamner i Skandinavia. Båthamna i Marvik er ei av dei!
    - Den nye flytekaia med vann og strøm er av beste kvalitet, skriv Arnulf. 
    Vidare kan ein lese at -Befolkningen er stolte og gjestfrie, og de har flere nettsider som gir god informasjon til båtfolket.
    Dette er veldig god reklame for Ropeidhalvøya og du kan lese heile artikkelen her
    Har du tips om andre reportasjar som er god halvøy-reklame, så tips ossSmile.

  • BYGDEKVINNELAGET 2.HALVÅR

    Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har møte den 1.onsdagen i månaden, og alle bygdekvinner er velkomne!
    Me har planlagt både filmkveld, tur i nærområdet og julekakebaking. Klikk deg inn på Bygdekvinnelaget si side og les meir.

  • NYTT I FRÅ IDRETTSLAGET HAUGIL

    Gå inn på Idrettslaget si side og les meir om Grendacup, sykkelritt og "nytt" trimromLaughing.

  • SULDALS FYRSTE FOLKEFJOS - PÅ ROPEIDHALVØYA SÅ KLART!

    Hjå Bjørn Kjetil og Anne Mette Askvik på Ropeidhalvøya, står 18 kyr fint på rekkje og rad og ventar på å få kome inn i den nye mjølkestallen. Seks om gongen slepp dei inn, og når dei er ferdige, ventar silo og kraftfôr. Etter ei god vekes innkøyring, er det no fred og fordrageligheit i det nye folkefjoset i Askvik.

  • LITT INFORMASJON I FRÅ KORPSET

    Marvik Musikkorps har fleire spanande arrangement til hausten. Gå inn på Musikkorpset si side og les meirSmile

  • TEK DU UTFORDRINGA?

    Norges Bygdeungdomslags (NBU) nye kulturprosjekt Norge Rundt for Amatører, er på jakt etter dei gode historiane i frå folk sin eigen heimstad.
    NBU ønskjer ei bevisstgjering av kjennskapen til eigen heimstad, fordi dei trur det er viktig for at folk skal bli buande eller flytte tilbake. Har du ei god historie om halvøya? Send den inn! Du finn meir informasjon om prosjektet
    her